FK Vang/S.Røn - Fagernes: 1-4 (1-1)

PUBLISERT 15. mai 2026
Tveit stadion kunstgras 15. mai kl. 19.30.
Dommer: Svenn Olav Fossholt, Hedalen IL.
Speaker: Kjell Magne Kvale.
Publikum: ca 80 stk.
Knut Olav Veimodet vart vekta på skåla for gjestelaget Fagernes i
kveld.
Heimelaget var absolutt med og det var spenning frå start til
slutt.
To i tverrliggaren igjen, eit frispark frå Simen Lyngstad og ei
avsluttning frå Vegard Ringen via forsvaret og i tverrliggeren også
den.
Sjansene som er notert er 8-8 og cornerene som er notert viser
6-6.
Det er jamnt heile kampen og sikkert spennende og sjåverdig for
publikum som har møtt opp.
Fagernes fekk det første målet og det kom i det 25. minutt, me
fekk ikkje avklara i feltet og då var målsniken Veimodet på
plass.
FK Vang/S.Røn skapte like mykje denne omgangen og utligninga kom i
det 40. minutt. Jan Magne Almenning vinn ein duell på midten og
ballen havner hos Tobias Kassel som scorer sikkert som berre han
kan.
Etter pause er det stillingskrig og heimelaget har dei største
sjansene i starten, men scoring blir det ikkje. Tverrliggaren og
Knut Ole i gjestenes mål ordner opp for Fagernes.
Så er det Knut Olav Veimodet som avgjer kampen til gjestenes
fordel, 1-2 etter 69. minutt på eit gjennomspel, 1-3 som han sklir
inn ved stolpen i det 80. minutt.
Siste Fagernesscoringa kjem like før slutt, men spenninga varte
fram til den kom.
Begge laga kjemper godt heile kampen og mange spelara kjenner nok
på vondter både her og der i sluttminutta.
Laget: Soudis, Erik M, Seppe, Erik S, Eirik, Jan Magne, Tore,
Simen, Robert, Vegard, Tobias, Kristian, Fredrik, Birk, Marius,
Volodymyr og Martin
Dagnes mann på heimelaget vart Simen Lyngstad, venstrefoten til
den karen er best i Oppland!! Simen fekk 14 stjerner, Tobias Kassel
hadde 13 stjerner og Seppe Claessen(De Bruyne) hadde 12 stjerner.
Denne trioen var klart best i kåring, men heile laget jobba
godt.
Kamppause no i 15 dager, Vardal er neste motstander 30. mai på
Gjøvik.
Treningane i veka som kjem er på Tveit tysdag kl. 19.00 og på Røn
Stadion kl. 18.30 på fredag.
Takk til publikum som møter opp i skiftende bygevær i
kveld!
Vardal - FK Vang/S.Røn: 2-1 (1-1)
PUBLISERT 26.09.2026
Vardal ipk kunstgress laurdag 26.sept. kl.13.00. Dommar: Thomas Almli, Sportsklubben Gjøvik Lyn. Speaker: Nei. Publikum: ca.20 stk. Gjestelaget frå Valdres hadde eit mål denne kampen, målet var å fortsatt inneha 3. plassen i serien etter dagens kamp. Vardal gjekk opp i leiing etter 8 minutt. 15 åringen Birk Skeie utligna med ei flott avsluttning i det 44. minutt, og me kunne tåle eit mål til i mot for å fortsatt ha denne 3. plassen. Fire minutt før slutt kom denne scoringa frå heimelaget og seier 2-1 tilslutt. Våre 11 mann som tok turen til Gjøvik sto alle på og jobba som helter. Vardal tok sin andre seier på tampen av sesongen, det har vore ein fin gjeng å møte. Laget har nok hatt godt av nokre nye spelara i troppen i haust.
FK Vang/S.Røn - Fagernes: 7-4 (4-3)
PUBLISERT 09.09.2026
Tveit stadion kunstgras onsdag 9. september kl. 19.30. Dommer: Jonas Sivesindtajet, Bøverbru idrettslag. Speaker: Nei. Kampvert: Kai Rune Hemsing. Publikum: ca 60 stk. Heimelaget var virkeleg påskrudd frå start i kveld. 3-0 etter 13 minutt var meir enn godkjent frå ein gjeng som har hatt problem med å seta sjansene. Fagernes kom sterkt dei neste 20 minutta, og det var 3-3 etter halvtimen den første omgangen. Kaptein Simen Lyngstad var frisparkskytter frå ca 25 meter 32. minutt ut i omgangen, han sette ballen utagbart i mål bak ein forfjamsa keeper Ranheim i gjesteburet. Leiing ved pause var veldig fortjent, vertene var klart best. FK Vang/Slidre/Røn var best også etter pause og vant fortjent 7-4 før bataljen var over.
Nordre Land 2 - FK Vang/S.Røn: 5-1 (3-0)
PUBLISERT 06.09.2026
Dokka stadion gras søndag 6. september kl. 15.00. Dommer: Morten Henriksen Huset, Fagernes IL. Speaker: Nei. Publikum: ca 40 stk. Gjestene fekk til slutt med seg 11 stk. til Dokka, kampen gjekk på erverdige Dokka stadion. Graderstokken og sola var ikkje i vår favør i og med at ingen var med på benken. FK Vang/Slidre/Røn hadde heile 15 forfall til denne kampen og den vart prøvd flytta til kommande helg, utan å lykkast med det. Før pause var stillinga 3-0 til Nordre Land, måla kom i det 6. 16. og i det 43. minutt, utover desse måla hadde ikkje vertene så mykje meir å by på i 1. omgang. FK Vang hadde 2 halvjsanser denne omgangen. Etter pausa vart det ein meir jamn kamp. Haakon Wahlquist scora eit fint mål for oss i det 64. minutt etter assist frå Tore Solsten Før.
FK Vang/S.Røn - Bagn/Hedalen: 1-3 (1-1)
PUBLISERT 27.08.2026
Tveit stadion kunstgras torsdag 27.august kl. 21.00. Dommar: Jan Erik Haugom, Vardal IF. Speaker: Vidar Eltun. Kampvert: Kjell Otto Framstad. Publikum: ca. 40 stk. Heimelaget hadde ein meget god 1. omgang og burde ha avgjort kampen før pause. Sjansene var mange og meget store, men ballen ville rett og slett ikkje inn i nettmaskene desverre. Bagn/Hedalen fekk ballen i mål etter 18 minutt på ein markkrypar frå 18 meter, dette var gjestenes fyrste halvsjanse i kampen. FK Vang/S.Røn pressa på og Even Neshagen får fulltreff frå 20 meter og set ballen utagbart til venstre for keeperen til Sør Aurdølene. Målet kjem i det 21. minutt, assisten har Robert Indrebø. Vertene har stor tru i pausa og burde dratt denne kampen vår veg.


