Nordre Land 2 - FK Vang/S.Røn: 5-1 (3-0)

PUBLISERT 6. september 2026
Dokka stadion gras søndag 6. september kl. 15.00.
Dommer: Morten Henriksen Huset, Fagernes IL.
Speaker: Nei.
Publikum: ca 40 stk.
Gjestene fekk til slutt med seg 11 stk. til Dokka, kampen gjekk
på erverdige Dokka stadion.
Graderstokken og sola var ikkje i vår favør i og med at ingen var
med på benken.
FK Vang/Slidre/Røn hadde heile 15 forfall til denne kampen og den
vart prøvd flytta til kommande helg, utan å lykkast med det.
Før pause var stillinga 3-0 til Nordre Land, måla kom i det 6. 16.
og i det 43. minutt, utover desse måla hadde ikkje vertene så mykje
meir å by på i 1. omgang. FK Vang hadde 2 halvsjanser denne
omgangen.
Etter pausa vart det ein meir jamn kamp. Haakon Wahlquist scora
eit fint mål for oss i det 64. minutt etter assist frå Tore Solsten
Før.
Nordre Land 2 scora 2 mål denne omgangen, det fyrste i det 47.
minutt og det siste i det 78. minutt. Det siste målet hevda vel opp
til fleire i vår bakre rekke at burde ha vore vinka av for
offside.
Målet til Haakon var ein fin langlobb på ein Land keeper som er
for langt ute i feltet for å rekke tilbake. Meget fint mål og fin
assist frå Tore.
Gjestene er frampå i fleire situasjoner, og er veldig tett på å få
ballen i nota etter ein corner.
Alt i alt ei bra kamp frå Valdres gjengen, med tanke på alle
forfalla og fleire uttrena som heldigvis bidrog denne
kampen.
Veldig bra at ingen måtte ut med skade når benken er tom. Emran
fekk trøbbel med skulderen, men sto på heilt til dommaren bles for
full tid.
Laget: Oleksandr, Volodymyr, Seppe, Kristian H, Eirik, Emran,
Simen Tore, Noah, Even og Haakon.
Dagens mann i FK Vang vart atter Even Sandsengen Neshagen, den
guten la ned mange kilometer i dag.
Haakon Wahlquist som fekk rolla som møtande spiss, han fekk ein
fin andre plass i kåringa, han utførte det han vart bedt om på ein
utmerka måte.
Kristian Hexeberg fekk midtstopparplass og utførte den oppgåva med
bravur, Kristian kan brukast til alt på ein fotballbane og i denne
kampen var han stooooor!
Takk til publikum som er på plass og heier på gjengen, fint å ha
med ein gjeng frå Valdres.
Neste kamp er allerede på onsdag den 9. september kl. 19.30 på
Tveit.
Fagernes tek då turen til Vang og Tveit stadion.
Møt opp!
Fotballfest sesongen 2026
PUBLISERT 02.11.2026
FK Vang sitt klubbhus på Tveit laurdag 31. okt. 2026 Tobias Kassel vart kveldens store navn i FK Vang/Slidre/Røn A-lag! Mr. Kassel er ein iherdig slitar på samarbeidslaget sin midtbane/angrep og fekk i kveld fortjent prisen som Årets spelar, Toppscorar og Assistkonge! Mener å huske at lignande omtale om denne karen også i 2025. Simen Lyngstad var rimelig tett på i kåringa som årets spelar, men måtte slå seg slått av Tobias. Seppe Claessen fekk ein hederleg 3. plass i kåringa. Årets mål vart også kåra, Haakon Wahlquist sin flotte langlobb frå ca. 30 meter på Dokka stadion vinn prisen i konkuranse med Simen Lyngstad sitt frispark mot Bagn/Hedalen og Tobias Kassel sitt raid på Brovold stadion i vårkampen. Eirik Røang Skogkeim fekk prisen for 100% kamp-oppmøte. Det er fleire som har mye og lære av Eirik, alt for mange har berre 5 kamper og mindre denne seongen. Kai Rune Hemsing, Kjell Otto Framstad og Vidar Eltun fekk også fortjent heder for god innsats som kampverter og speaker. Klubbane og supporterane fortjener også skryt denne sesongen med samarbeid. Samarbeidet FK Vang /Slidre/Røn har fungert veldig bra og blir nok også søkt om kommande sesong.
Khaleed Rubagula alias Dude Issa er død
PUBLISERT 23.10.2026
Tommy Enger mottok den triste beskjeden i dag tidlig fra Jabir Aziz Stima. Dude hadde i morgentimene i dag fått akutte magesmerter, etter at han hadde fått sønnen sin til skolen. Dude hadde kommet seg på sykehuset, men døde der etter kort tid. Vi er usikkre på dødsårsaken. Tommy hadde pratet med Dude for noen dager siden og da var han i god form. Tommy Enger har hatt jevnig kontakt med våre gode fotballvenner i Dar es Salaam, Tanzania. Tommy har også bidratt til at Dude hadde fått seg ett lite gårdsbruk han skulle høste avling fra i disse tider. Vi er mange i Valdres som er evig takknemmelige for at vi ble kjent med våre venner i Tanzania, det er med stor sorg vi går inn i denne hegen! Vi lyser fred over Khaleed alias Dude sitt gode minne.
Vardal - FK Vang/S.Røn: 2-1 (1-1)
PUBLISERT 26.09.2026
Vardal ipk kunstgress laurdag 26.sept. kl.13.00. Dommar: Thomas Almli, Sportsklubben Gjøvik Lyn. Speaker: Nei. Publikum: ca.20 stk. Gjestelaget frå Valdres hadde eit mål denne kampen, målet var å fortsatt inneha 3. plassen i serien etter dagens kamp. Vardal gjekk opp i leiing etter 8 minutt. 15 åringen Birk Skeie utligna med ei flott avsluttning i det 44. minutt, og me kunne tåle eit mål til i mot for å fortsatt ha denne 3. plassen. Fire minutt før slutt kom denne scoringa frå heimelaget og seier 2-1 tilslutt. Våre 11 mann som tok turen til Gjøvik sto alle på og jobba som helter. Vardal tok sin andre seier på tampen av sesongen, det har vore ein fin gjeng å møte. Laget har nok hatt godt av nokre nye spelara i troppen i haust.
FK Vang/S.Røn - Fagernes: 7-4 (4-3)
PUBLISERT 09.09.2026
Tveit stadion kunstgras onsdag 9. september kl. 19.30. Dommer: Jonas Sivesindtajet, Bøverbru idrettslag. Speaker: Nei. Kampvert: Kai Rune Hemsing. Publikum: ca 60 stk. Heimelaget var virkeleg påskrudd frå start i kveld. 3-0 etter 13 minutt var meir enn godkjent frå ein gjeng som har hatt problem med å seta sjansene. Fagernes kom sterkt dei neste 20 minutta, og det var 3-3 etter halvtimen den første omgangen. Kaptein Simen Lyngstad var frisparkskytter frå ca 25 meter 32. minutt ut i omgangen, han sette ballen utagbart i mål bak ein forfjamsa keeper Ranheim i gjesteburet. Leiing ved pause var veldig fortjent, vertene var klart best. FK Vang/Slidre/Røn var best også etter pause og vant fortjent 7-4 før bataljen var over.


