Tobias Kassel7 mål i 2026
Even Sandsengen Neshagen6 mål i 2026
Simen Lyngstad4 mål i 2026
Ingen mål registrert
 

Siste nytt

Vardal - FK Vang/S.Røn: 2-1 (1-1)

PUBLISERT 26. september 2026

Vardal ipk kunstgress laurdag 26.sept. kl.13.00. Dommar: Thomas Almli, Sportsklubben Gjøvik Lyn. Speaker: Nei. Publikum: ca.20 stk. Gjestelaget frå Valdres hadde eit mål denne kampen, målet var å fortsatt inneha 3. plassen i serien etter dagens kamp. Vardal gjekk opp i leiing etter 8 minutt. 15 åringen Birk Skeie utligna med ei flott avsluttning i det 44. minutt, og me kunne tåle eit mål til i mot for å fortsatt ha denne 3. plassen. Fire minutt før slutt kom denne scoringa frå heimelaget og seier 2-1 tilslutt. Våre 11 mann som tok turen til Gjøvik sto alle på og jobba som helter. Vardal tok sin andre seier på tampen av sesongen, det har vore ein fin gjeng å møte. Laget har nok hatt godt av nokre nye spelara i troppen i haust.

Les meir »

FK Vang/S.Røn - Fagernes: 7-4 (4-3)

PUBLISERT 9. september 2026

Tveit stadion kunstgras onsdag 9. september kl. 19.30. Dommer: Jonas Sivesindtajet, Bøverbru idrettslag. Speaker: Nei. Kampvert: Kai Rune Hemsing. Publikum: ca 60 stk. Heimelaget var virkeleg påskrudd frå start i kveld. 3-0 etter 13 minutt var meir enn godkjent frå ein gjeng som har hatt problem med å seta sjansene. Fagernes kom sterkt dei neste 20 minutta, og det var 3-3 etter halvtimen den første omgangen. Kaptein Simen Lyngstad var frisparkskytter frå ca 25 meter 32. minutt ut i omgangen, han sette ballen utagbart i mål bak ein forfjamsa keeper Ranheim i gjesteburet. Leiing ved pause var veldig fortjent, vertene var klart best. FK Vang/Slidre/Røn var best også etter pause og vant fortjent 7-4 før bataljen var over.

Les meir »

Nordre Land 2 - FK Vang/S.Røn: 5-1 (3-0)

PUBLISERT 6. september 2026

Dokka stadion gras søndag 6. september kl. 15.00. Dommer: Morten Henriksen Huset, Fagernes IL. Speaker: Nei. Publikum: ca 40 stk. Gjestene fekk til slutt med seg 11 stk. til Dokka, kampen gjekk på erverdige Dokka stadion. Graderstokken og sola var ikkje i vår favør i og med at ingen var med på benken. FK Vang/Slidre/Røn hadde heile 15 forfall til denne kampen og den vart prøvd flytta til kommande helg, utan å lykkast med det. Før pause var stillinga 3-0 til Nordre Land, måla kom i det 6. 16. og i det 43. minutt, utover desse måla hadde ikkje vertene så mykje meir å by på i 1. omgang. FK Vang hadde 2 halvjsanser denne omgangen. Etter pausa vart det ein meir jamn kamp. Haakon Wahlquist scora eit fint mål for oss i det 64. minutt etter assist frå Tore Solsten Før.

Les meir »

FK Vang/S.Røn - Bagn/Hedalen: 1-3 (1-1)

PUBLISERT 27. august 2026

Tveit stadion kunstgras torsdag 27.august kl. 21.00. Dommar: Jan Erik Haugom, Vardal IF. Speaker: Vidar Eltun. Kampvert: Kjell Otto Framstad. Publikum: ca. 40 stk. Heimelaget hadde ein meget god 1. omgang og burde ha avgjort kampen før pause. Sjansene var mange og meget store, men ballen ville rett og slett ikkje inn i nettmaskene desverre. Bagn/Hedalen fekk ballen i mål etter 18 minutt på ein markkrypar frå 18 meter, dette var gjestenes fyrste halvsjanse i kampen. FK Vang/S.Røn pressa på og Even Neshagen får fulltreff frå 20 meter og set ballen utagbart til venstre for keeperen til Sør Aurdølene. Målet kjem i det 21. minutt, assisten har Robert Indrebø. Vertene har stor tru i pausa og burde dratt denne kampen vår veg.

Les meir »