Siste nytt

Bagn - FK Vang: 2-1 (0-1)
PUBLISERT 26. september 2025
Fossevang stadion fredag 26. september kl. 19.30. Dommer: Jan Erik Haugom, Vardal IF. Speaker: Ja. Publikum: ca 50 stk. Tøff batalje på Fossevang stadion igjen. Bagn har pådratt seg 18 gule kort denne sesongen og halvparten av disse er kommet mot FK Vang. Ufattelig at dette laget ikke har fått fleire direkte røde kort og at dei ikke vart straffa hardere i kveld!! Når dette er sagt vart det som vi ventet ein tett og spennende kamp. Gjestene ledet til pause, men fikk desverre to i mot etter hvilen. FK Vang vart nummer to i årets sesong, vi hadde sett oss høgare mål, men det vart desverre litt tynne tropper dei siste kampene.

FK Vang - Fagernes: 1-3(1-1)
PUBLISERT 19. september 2025
Tveit stadion kunstgras fredag 13.09 kl. 19.30. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Speakeer: Vidar Eltun. Kampvert: Kjell Otto Framstad. Publikum: ca 80 stk. FK Vang gratulerer den litt aldrande men rutinerte Fagernes gjengen med seriegull i årets sesong. I kveld på Tveit stadion i godt flomlys vant gjestene fortjent. Vår unge keeper Magnus Lauvhaug holdt oss inne i kampen og hadde mange meget gode redninger i kampen og vart kåra til FK Vang sin beste med god margin. Rett og slett sterkt Magnus!! Heimelaget hadde kun 12 mann, nokre forfall før kampen vart kansje det som vippa vektskåla i Fagernes sin veg desverre.

Slidre/Røn - FK Vang: 0-5 (0-3)
PUBLISERT 13. september 2025
Røn stadion lørdag 13. september kl. 15.00. Dommar: Frank Evertsen, Ø.Slidre IL. Speaker: Jan Tore Vik. Publikum: Godt ever 100 stk. Slidre/Røn fotballklubb hadde ei fin markering med 40. årsdag sidan klubben vart stifta. Mykje folk og bra trøkk frå tribuna sjølv om gjestene frå Vang vant kampen i dag med god margin. Grasbanen i Røn var regntung og saug krefter, noko som fordelte seg rimeleg jamnt på begge lag. FK Vang gratulerer Slidre/Røn med åremålet, forsterkingane i laget såg også bra ut. Tobias Kassel vart dagens mann på FK Vang med sine to mål og to assistar.

FK Vang - Bagn: 7-1 (2-1)
PUBLISERT 22. august 2025
Tveit stadion kunstgras 22. august kl.19.00. Dommar: Morten Henriksen Huset, Fagernes IL. Speaker: Vidar Eltun. Kampvert: Kjell Otto Framstad. Publikum: ca 60 stk. Publikum fekk fortjent bølgen frå heimelaget etter kampslutt i det litt sure været på Tveit stadion i kveld. FK Vang hadde ein stoooor 2. omgang, og rundspelte til tider gjestene frå Bagn. Målene kom som perler på ei snor utover denne omgangen mot eit heller svakt Bagn lag som me veit kan bedre. Jan Magne Almenning og Kristian Thunshelle Opdal delte gullet i kåringa som beste FK Vang spelarar med 9 stjerner kvar. FK Vang hadde ein god kamp sett bort frå 25 min. før pause.