Vardal - FK Vang/S.Røn: 2-1 (1-1)

PUBLISERT 26. september 2026
Vardal ipk kunstgress laurdag 26.sept. kl.13.00.
Dommar: Thomas Almli, Sportsklubben Gjøvik Lyn.
Speaker: Nei.
Publikum: ca.20 stk.
Gjestelaget frå Valdres hadde eit mål denne kampen, målet var å
fortsatt inneha 3. plassen i serien etter dagens kamp.
Vardal gjekk opp i leiing etter 8 minutt.
15 åringen Birk Skeie utligna med ei flott avsluttning i det 44.
minutt, og me kunne tåle eit mål til i mot for å fortsatt ha denne
3. plassen.
Fire minutt før slutt kom denne scoringa frå heimelaget og seier
2-1 tilslutt.
Våre 11 mann som tok turen til Gjøvik sto alle på og jobba som
helter.
Vardal tok sin andre seier på tampen av sesongen, det har vore ein
fin gjeng å møte. Laget har nok hatt godt av nokre nye spelara i
troppen i haust.
Kampen var sjansefattig, men Vardal fekk si fyrste scoring etter
8. minutt, avsluttninga gjekk via ein og trilla inn i nettmaskene.
Utover i omgangen var Vardal best utan å skapa mange situasjoner.
Gjestene kom meir og meir med og i slutten av omgangen har Simen
Lyngstad assisten til den omtala Birk Skeie som stikk igjennom og
utlignar før pause.
Etter pausa er det stilligskrig og det er sjanser til begge
lag.
Vardal får scoringa som gjer seieren fire minutt før slutt.
Gjestelaget er farlig frampå etter dette, men mål blir det
ikkje.
Alt i alt meget god innsats av den 11 manns store troppen frå
Valdres, og ekstra godt at 3. plassen fortsatt vart med heim med
minibussen over Vardalsåsen.
Laget: Soudis, Tord, Seppe. Kristian H, Eirik, Emran, Tore,
Robert, Birk, Simen og Volodymyr.
Birk Skeie fekk gullplassen i kåringa av bestemann på gjestelaget,
Birk var på hugget etter at skadeperioden heldigvis var over. Flott
scoring!
Tore Solsten Før fekk sølvplassen i kåringa, Tore har stor
kapasitet og ein viktig sliter på midtbanen til Valdreslaget.
Keeper Soudis og skytterkonge Simen tek delt tredjeplass i kåringa,
begge har også denne kampen gode prestasjoner.
Men som skrevet lenger opp her er det våre 11 menn som fortjener
ros alle som en, fint at alle får stjerner etter kampen.
Takk for en fin sesong gutter, treningene fortsetter utover
hausten.
Samarbeidet med naboklubben har vore veldig positivt, laget har
fungert meget bra til tider.
Synd med alle forfalla på dei 2 siste bortekampane.
Trening på Tveit tirsdag 29. sept. kl. 19.00.
Fotballfest sesongen 2026
PUBLISERT 02.11.2026
FK Vang sitt klubbhus på Tveit laurdag 31. okt. 2026 Tobias Kassel vart kveldens store navn i FK Vang/Slidre/Røn A-lag! Mr. Kassel er ein iherdig slitar på samarbeidslaget sin midtbane/angrep og fekk i kveld fortjent prisen som Årets spelar, Toppscorar og Assistkonge! Mener å huske at lignande omtale om denne karen også i 2025. Simen Lyngstad var rimelig tett på i kåringa som årets spelar, men måtte slå seg slått av Tobias. Seppe Claessen fekk ein hederleg 3. plass i kåringa. Årets mål vart også kåra, Haakon Wahlquist sin flotte langlobb frå ca. 30 meter på Dokka stadion vinn prisen i konkuranse med Simen Lyngstad sitt frispark mot Bagn/Hedalen og Tobias Kassel sitt raid på Brovold stadion i vårkampen. Eirik Røang Skogkeim fekk prisen for 100% kamp-oppmøte. Det er fleire som har mye og lære av Eirik, alt for mange har berre 5 kamper og mindre denne seongen. Kai Rune Hemsing, Kjell Otto Framstad og Vidar Eltun fekk også fortjent heder for god innsats som kampverter og speaker. Klubbane og supporterane fortjener også skryt denne sesongen med samarbeid. Samarbeidet FK Vang /Slidre/Røn har fungert veldig bra og blir nok også søkt om kommande sesong.
Khaleed Rubagula alias Dude Issa er død
PUBLISERT 23.10.2026
Tommy Enger mottok den triste beskjeden i dag tidlig fra Jabir Aziz Stima. Dude hadde i morgentimene i dag fått akutte magesmerter, etter at han hadde fått sønnen sin til skolen. Dude hadde kommet seg på sykehuset, men døde der etter kort tid. Vi er usikkre på dødsårsaken. Tommy hadde pratet med Dude for noen dager siden og da var han i god form. Tommy Enger har hatt jevnig kontakt med våre gode fotballvenner i Dar es Salaam, Tanzania. Tommy har også bidratt til at Dude hadde fått seg ett lite gårdsbruk han skulle høste avling fra i disse tider. Vi er mange i Valdres som er evig takknemmelige for at vi ble kjent med våre venner i Tanzania, det er med stor sorg vi går inn i denne hegen! Vi lyser fred over Khaleed alias Dude sitt gode minne.
FK Vang/S.Røn - Fagernes: 7-4 (4-3)
PUBLISERT 09.09.2026
Tveit stadion kunstgras onsdag 9. september kl. 19.30. Dommer: Jonas Sivesindtajet, Bøverbru idrettslag. Speaker: Nei. Kampvert: Kai Rune Hemsing. Publikum: ca 60 stk. Heimelaget var virkeleg påskrudd frå start i kveld. 3-0 etter 13 minutt var meir enn godkjent frå ein gjeng som har hatt problem med å seta sjansene. Fagernes kom sterkt dei neste 20 minutta, og det var 3-3 etter halvtimen den første omgangen. Kaptein Simen Lyngstad var frisparkskytter frå ca 25 meter 32. minutt ut i omgangen, han sette ballen utagbart i mål bak ein forfjamsa keeper Ranheim i gjesteburet. Leiing ved pause var veldig fortjent, vertene var klart best. FK Vang/Slidre/Røn var best også etter pause og vant fortjent 7-4 før bataljen var over.
Nordre Land 2 - FK Vang/S.Røn: 5-1 (3-0)
PUBLISERT 06.09.2026
Dokka stadion gras søndag 6. september kl. 15.00. Dommer: Morten Henriksen Huset, Fagernes IL. Speaker: Nei. Publikum: ca 40 stk. Gjestene fekk til slutt med seg 11 stk. til Dokka, kampen gjekk på erverdige Dokka stadion. Graderstokken og sola var ikkje i vår favør i og med at ingen var med på benken. FK Vang/Slidre/Røn hadde heile 15 forfall til denne kampen og den vart prøvd flytta til kommande helg, utan å lykkast med det. Før pause var stillinga 3-0 til Nordre Land, måla kom i det 6. 16. og i det 43. minutt, utover desse måla hadde ikkje vertene så mykje meir å by på i 1. omgang. FK Vang hadde 2 halvjsanser denne omgangen. Etter pausa vart det ein meir jamn kamp. Haakon Wahlquist scora eit fint mål for oss i det 64. minutt etter assist frå Tore Solsten Før.


