Slidre/Røn - FK Vang: 0-5 (0-3)

PUBLISERT 13. september 2025
Røn stadion lørdag 13. september kl. 15.00.
Dommar: Frank Evertsen, Ø.Slidre IL.
Speaker: Jan Tore Vik.
Publikum: Godt ever 100 stk.
Slidre/Røn fotballklubb hadde ei fin markering med 40. årsdag
sidan klubben vart stifta.
Mykje folk og bra trøkk frå tribuna sjølv om gjestene frå Vang
vant kampen i dag med god margin.
Grasbanen i Røn var regntung og saug krefter, noko som fordelte
seg rimeleg jamnt på begge lag.
FK Vang gratulerer Slidre/Røn FK med åremålet, forsterkingane i
laget såg også bra ut.
Tobias Kassel vart dagens mann på FK Vang med sine to mål og to
assistar.
Kampen starta rimeleg bra for det gjestende laget. Kun 5 minutt
sto det på kampuret til dommer Evertsen då fyrste scoringa
kom.
Corner fra vår høgreside med Simen Lyngstad som går via hodet til
Kristian Opdal til ei hedding frå Kasper Kjeldsen rett i
nota.
Etter dette er det stillingskrig utan dei store sjansene til nokon
av laga.
Neste scoringa kjem i det 31. minutt, Patrick Kvale blir felt
innanfor 16. meteren og dommeren dømmer straffe. Tobias Kassel er
straffeskytter og ballen går inn i kassa. Vi har vel sett bedre
straffer frå Mr. Kassel, men mål er mål!
Fordelinga er omvendt på siste målet denne omgangen i det 41.
minutt.
Tobias Kassel har assisten til Patrick Kvale som prikker inn
scoringa til venstre for keeperen på heimelaget.
Slidre/Røn er notert med 1 stor sjanse, og tre cornera i løpet av
omgangen.
FK Vang har god uttelling, men leder fortjent.
I pausa er me alle enige om at det er ting å rette på for
gjestelaget, men litt vanskelig er det på det blaute
underlaget.
Andre omgangen starter med stillingskrig, vertskapet har nokre bra
muligheter men mål nei, det får dei ikkje. Magnus Lauvhaug står
atter ein god kamp for FK Vang, ungguten presterer bra kamp etter
kamp og er påskrudd i 95 minutt!
FK Vang har også sine muligheter, men slit meir med å få ballen
forbi Slidre/Røn sin keeper denne omgangen,
FK Vang si fjerde scoring kjem i det 77. minutt. Midtstopper
Markus Kjensrud ruser nedover på vår høgreside og sler perfekt
innlegg til Tobias kassel som putter sikkert. Bra prestasjon den
overgangen og scoringa.
Det femte målet til FK Vang er eit av kampens høgdepunkt etter 83
minutt. Corner frå vår høgreside som Tobias Kassel har kortpassning
til Simen Lyngstad som bruker sin gode venstrefot. Simen kliner til
frå skrå vinkel og ballen går med stor kraft inn i motsatt kryss!
Meget god prestasjon og god kandidat til årets mål.
Alt i alt ein god kamp av FK Vang på ein tung og sleip bane i
Røn.
Dagens mann i FK Vang vart Tobias Kassel, Tobias legg ned mange
meter og er ein vanskelig terrier for motstanderen å passe
på.
Kasper Kjeldsen tek ein fin andre plass i kåringa, Kasper er ein
god mann å ha med seg i krigen. Robust og sterk i duellene og vinn
mange av dei i dagens kamp.
Kristian Thunshelle Opdal tek tredjeplassen og er av samme kaliber
som omtala Kasper.
Robust og sterk og meget god å ha på høge innlegg mot oss, som han
stort sett vinn i lufta.
Ellers god kamp av heile gjengen, poeng i kåringa til alle mann
seier sitt.
Takk til Kim Bøland og Marcus Hermundstad som stiller opp til
dagens kamp, begge får 15-20 minutt og klarer seg veldig bra.
Kim må desverre ut i sluttminutta etter ein duell der skuldera får
ein trøkk. Rapporten frå Kim nokre timer etter kampen lover godt,
ikkje noko alvorlig heldigvis.
Laget: Magnus, Emran, Markus, Kristian, Eirik, Hani, Kasper, Jan
Magne, Simen, Patrick, Tobias, Marcus og Kim.
Neste kamp heime på Tveit mot Fagernes fredag 19. september kl.
19.30, i nytt led flomlys på Tveit stadion kl.
19.30.
Bagn - FK Vang: 2-1 (0-1)
PUBLISERT 26.09.2025
Fossevang stadion fredag 26. september kl. 19.30. Dommer: Jan Erik Haugom, Vardal IF. Speaker: Ja. Publikum: ca 50 stk. Tøff batalje på Fossevang stadion igjen. Bagn har pådratt seg 18 gule kort denne sesongen og halvparten av disse er kommet mot FK Vang. Ufattelig at dette laget ikke har fått fleire direkte røde kort og at dei ikke vart straffa hardere i kveld!! Når dette er sagt vart det som vi ventet ein tett og spennende kamp. Gjestene ledet til pause, men fikk desverre to i mot etter hvilen. FK Vang vart nummer to i årets sesong, vi hadde sett oss høgare mål, men det vart desverre litt tynne tropper dei siste kampene.
FK Vang - Fagernes: 1-3(1-1)
PUBLISERT 19.09.2025
Tveit stadion kunstgras fredag 13.09 kl. 19.30. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Speakeer: Vidar Eltun. Kampvert: Kjell Otto Framstad. Publikum: ca 80 stk. FK Vang gratulerer den litt aldrande men rutinerte Fagernes gjengen med seriegull i årets sesong. I kveld på Tveit stadion i godt flomlys vant gjestene fortjent. Vår unge keeper Magnus Lauvhaug holdt oss inne i kampen og hadde mange meget gode redninger i kampen og vart kåra til FK Vang sin beste med god margin. Rett og slett sterkt Magnus!! Heimelaget hadde kun 12 mann, nokre forfall før kampen vart kansje det som vippa vektskåla i Fagernes sin veg desverre.
FK Vang - Bagn: 7-1 (2-1)
PUBLISERT 22.08.2025
Tveit stadion kunstgras 22. august kl.19.00. Dommar: Morten Henriksen Huset, Fagernes IL. Speaker: Vidar Eltun. Kampvert: Kjell Otto Framstad. Publikum: ca 60 stk. Publikum fekk fortjent bølgen frå heimelaget etter kampslutt i det litt sure været på Tveit stadion i kveld. FK Vang hadde ein stoooor 2. omgang, og rundspelte til tider gjestene frå Bagn. Målene kom som perler på ei snor utover denne omgangen mot eit heller svakt Bagn lag som me veit kan bedre. Jan Magne Almenning og Kristian Thunshelle Opdal delte gullet i kåringa som beste FK Vang spelarar med 9 stjerner kvar. FK Vang hadde ein god kamp sett bort frå 25 min. før pause.
Fagernes - FK Vang 2-1 (1-0)
PUBLISERT 15.08.2025
Gjensidigebanen kunstgress, fredag 15 august kl. 19.00. Dommer: Niklas Lund Ulfstvedt. Publikum: ca 40 stk. Fagernes fekk med seg full pott i kveldens oppgjer på heimebane og har med det plassert seg på toppen av tabellen. Med litt større uttelling på sjansene kunne og burde FK Vang ha avgjort kampen til sin fordel men i kveld gjekk det desverre ikkje vår veg. Fagernes har fått mønstra mange av Valdres FK sine tidlegare stjerner og har eit sterkt, men aldrende lag. Det vart litt spenning på slutten når FK Vang reduserer på straffe ved Tobias Kassel. Like etter er det ein situasjon til som kanskje er meir straffe enn den fyrste men som ikkje blir blåst på.


