Tobias Kassel8 mål i 2025
Kasper Kjeldsen5 mål i 2025
Simen Lyngstad5 mål i 2025
Ingen mål registrert
 

Bagn - FK Vang: 2-1 (0-1)

PUBLISERT 26. september 2025

Fossevang stadion fredag 26. september kl. 19.30.
Dommer: Jan Erik Haugom, Vardal IF.
Speaker: Ja
Publikum: ca 50 stk.

Tøff batalje på Fossevang stadion igjen. 
Bagn har pådratt seg 18 gule kort denne sesongen og halvparten av disse er kommet mot FK Vang. Ufattelig at dette laget ikke har fått fleire direkte røde kort og at dei ikke vart straffa hardere i kveld!!
Når dette er sagt vart det som vi ventet ein tett og spennende kamp. Gjestene ledet til pause, men fikk desverre to i mot etter hvilen.

FK Vang ble nummer to i årets sesong.
Vi hadde satt oss høgare mål, men det vart desverre litt tynne tropper dei siste kampene.

FK Vang stilte med en 12 manns tropp, også denne kampen mot Bagn. Åsmund Bakkene tok heldigvis turen, og fikk sin første kamp denne sesongen. Sebastian Kvale hadde også comback etter ei pause fra før ferien. Takker og bukker for at dere stilte opp. 

Kampen i Bagn startet med stillingskrig og heller få store muligheter før pause. FK Vang kom rundt på begge kantene og hadde flere innlegg som vart avklara.
Første målet i kampen kom i det 25. minutt. Sebastian Kvale har fin passingen fram til Hanibal Tukado på vår høgreside. Hanibal kjem forbi på kanten og sler perfekt passning inn til Adrian Kvale som scorer sikkert og fører gjestene opp i ledelse.
FK Vang har også fleier muligheter inne i boksen utover i omgangen, men gjer litt feil valg som ikkje fører fram.

Ledelse ved pause og stor tru på dei neste 45 minutta, men historia fortel noko anna.
Kun 6. minutt ut i omgangen er gått når Bagn sin toppscorar Teodor Bendixen får fri bane og scorar sikkert.
2. minutt seinare får Bagn corner frå si venstreside, og Teodor Bandixen kjem inn i boksen med stor kraft og avslutter med ei fin hedding rett i nettet bak vår keeper. Denne spissen er gull for Bagn sitt lag, og er eit angrep åleine når han får dei rette ballane.
Stengene står i vegen for begge lag på sjanser etter at Bagn har tatt ledelsen. 
FK Vang trykker på mot slutten, men lykkast ikkje. Heile 7 cornera og nokre gode sjanser frå Adrian blir avverga av ein god Bagn keeper og eit stødigt forsvar.

Laget: Magnus, Sebastian, Kasper, Markus, Vegard, Hani, Simen, Jan Magne, Kristian, Tobias, Adrian og Åsmund. 

Dagens mann på FK Vang vart Sør Aurdølen og kapteinen Markus Kjensrud. Markus er ein bauta i midtforsvaret til FK Vang og viser det godt i kveld!
Simen Lyngstad er to stjerner bak og får godt fortjent sølvplass i kåringa, Simen styrer godt frå si midtbanerolle, og har alltid gode valg.  
Tobias Kassel får bronseplassen, Tobias er og blir ein trussel å forsvare seg mot og begningane fekk kjenne det i kveld.
Håper ellers at strekken til Vegard Kjøs Egge ikkje vil plage han for mange dager etter denne kampen.

Sesongen er over, men det er fortsatt treninger på Tveit mandager kl. 19.30. 

Stor takk til alle som har fulgt oss denne sesongen!

Fotballavsluttning for A-laget blir også i år på FK Vang sitt klubbhus. Kanskje det blir Ipswich kamp på storskjerm??
Premieutdeling og quiz blir det hvertfall, også litt traktering! 

Brannkassas Futsal Cup 2026

PUBLISERT 17.01.2026

FK Vang stilte med lag på Beitostølen og vart faktisk bedre og bedre utover lørdagen. 12 spillere reiste over Eggeåsen i dag for futsal kamper i storhallen på Beitostølen. Åtte av våre utvalgte i dag var nye i A-lagstroppen til FK Vang. Fire Ukrainere, to Eritreere og 2 ungutter fra egen klubb var alle nye, men klarte seg godt med våre 4 stk etablerte spillere. Vi møtte begge finalsitene i innledende runde og av disse laga var FK Toten klart best. I kampen om å bli nummer 7 eller 8 i cupen dro vi det lenste strået og vant klart over Hedalen med 4-2.

Les meir »

Fotballfest sesongen 2025

PUBLISERT 29.11.2025

FK Vang klubbhuset på Tveit laurdag 29. nov. 2025 Tobias Kassel vart kveldens store navn i FK Vang! Mr. Kassel er ein iherdig slitar på FK Vang sin midtbane og fekk i kveld fortjent prisen som Årets spelar, Toppscorar og Assistkonge! Slå den! Simen Lyngstad var rimelig tett på i kåringa som årets spelar, men måtte slå seg slått av Tobias. Desse to var i ei eigen i denne kåringa. Årets mål vart også kåra, Simen Lyngstad sitt fantastiske frispark frå vår høgre side mot Slidre/Røn på Tveit stadion 20. juni fekk tittelen. Far og sønn Lauvhaug fekk prisen for 100% oppmøye, stor bragd av begge to. Alle klubber treng slike folk både på banen og i støtteapparatet! Kai Rune Hemsing fekk også fortjent heder for god innsats som kampvert, han var tilstede på Tveit og måtte fram på podiet. Kjell Otto Framstad som også var kampvert og speaker Vidar Eltun fekk også hederlig omtale, begge hadde andre gjøremål denne kvelden og var forhindra deltagelse.

Les meir »

FK Vang - Fagernes: 1-3(1-1)

PUBLISERT 19.09.2025

Tveit stadion kunstgras fredag 13.09 kl. 19.30. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Speakeer: Vidar Eltun. Kampvert: Kjell Otto Framstad. Publikum: ca 80 stk. FK Vang gratulerer den litt aldrande men rutinerte Fagernes gjengen med seriegull i årets sesong. I kveld på Tveit stadion i godt flomlys vant gjestene fortjent. Vår unge keeper Magnus Lauvhaug holdt oss inne i kampen og hadde mange meget gode redninger i kampen og vart kåra til FK Vang sin beste med god margin. Rett og slett sterkt Magnus!! Heimelaget hadde kun 12 mann, nokre forfall før kampen vart kansje det som vippa vektskåla i Fagernes sin veg desverre.

Les meir »

Slidre/Røn - FK Vang: 0-5 (0-3)

PUBLISERT 13.09.2025

Røn stadion lørdag 13. september kl. 15.00. Dommar: Frank Evertsen, Ø.Slidre IL. Speaker: Jan Tore Vik. Publikum: Godt ever 100 stk. Slidre/Røn fotballklubb hadde ei fin markering med 40. årsdag sidan klubben vart stifta. Mykje folk og bra trøkk frå tribuna sjølv om gjestene frå Vang vant kampen i dag med god margin. Grasbanen i Røn var regntung og saug krefter, noko som fordelte seg rimeleg jamnt på begge lag. FK Vang gratulerer Slidre/Røn med åremålet, forsterkingane i laget såg også bra ut. Tobias Kassel vart dagens mann på FK Vang med sine to mål og to assistar.

Les meir »