Fagernes - FK Vang 2-1 (1-0)

PUBLISERT 15. august 2025
Gjensidigebanen kunstgress, fredag 15 august kl. 19.00.
Dommer: Niklas Lund Ulfstvedt.
Publikum: ca 40 stk.
Fagernes fekk med seg full pott i kveldens oppgjer på heimebane
og har med det plassert seg på toppen av tabellen.
Med litt større uttelling på sjansene kunne og burde FK Vang ha
avgjort kampen til sin fordel men i kveld gjekk det desverre ikkje
vår veg.
Fagernes har fått mønstra mange av Valdres FK sine tidlegare
stjerner og har eit sterkt, men aldrende lag.
Det vart litt spenning på slutten når FK Vang reduserer på straffe
ved Tobias Kassel.
Like etter er det ein situasjon til som kanskje er meir straffe
enn den fyrste men som ikkje blir blåst på.
Kampen starter med sjanser begge veger som seg hør og bør.
Adrian Kvale kjem åleine mot keeper i to situasjoner, men keeper
Olav Juvkam står som ein vegg og ordner opp i begge desse store
sjansene og fleire visitter gjestene ruller opp.
Fagernes har også sine muligheter, men det blir rydda godt opp frå
vår bakerste mann Magnus Lauvhaug.
Scoring blir det etter at Fagernes får fleire cornera, og i det 26.
minutt får Barny stå fri ved bakre stople og klinke inn leiing til
vertene etter nettopp ein corner.
1-0 under ved pause, men stemninga er positiv og trua er at dette
skal gjestelaget klare å snu.
Dommaren bles igang andre halvlek og det går vel kun 2 minutt før
Tobias Kassel er frampå og åleine mot keeper Juvkam som atter får
avklara aituasjonen med si store rekkevidde.
Begge laga skaper sjanser utover i omgangen, men mål blir det ikkje
før Fagernes får frispark på 17 meter, Barny er skytter. Ballen
kjem i keeperhjørnet, Magnus redder men returen set Knut Olav
Veimodet inn i nettmaskene og dette skjer i det 63. minutt.
FK Vang prøver og prøver men får den omtalte reduseringa på overtid
etter at Martin Henriksen Eilerås blir felt.
Laget: Magnus, Emran, Patrick, Markus, Eirik, Hani, Simen, Jan
Magne, Tobias, Kasper, Adrian, Martin, Erik og Haakon.
Dagens FK Vang spelar vart Simen Lyngstad, på delt sølvplass kom
Tobias kassel og Patrick Kvale. Jan Magne Almenning tek tredje
plassen i kåringa.
Trening måndag kl. 19.30 på Tveit og kamp mot Bagn på Tveit stadion
fredag 22. sept. kl. 19.00.
Brannkassas Futsal Cup 2026
PUBLISERT 17.01.2026
FK Vang stilte med lag på Beitostølen og vart faktisk bedre og bedre utover lørdagen. 12 spillere reiste over Eggeåsen i dag for futsal kamper i storhallen på Beitostølen. Åtte av våre utvalgte i dag var nye i A-lagstroppen til FK Vang. Fire Ukrainere, to Eritreere og 2 ungutter fra egen klubb var alle nye, men klarte seg godt med våre 4 stk etablerte spillere. Vi møtte begge finalsitene i innledende runde og av disse laga var FK Toten klart best. I kampen om å bli nummer 7 eller 8 i cupen dro vi det lenste strået og vant klart over Hedalen med 4-2.
Fotballfest sesongen 2025
PUBLISERT 29.11.2025
FK Vang klubbhuset på Tveit laurdag 29. nov. 2025 Tobias Kassel vart kveldens store navn i FK Vang! Mr. Kassel er ein iherdig slitar på FK Vang sin midtbane og fekk i kveld fortjent prisen som Årets spelar, Toppscorar og Assistkonge! Slå den! Simen Lyngstad var rimelig tett på i kåringa som årets spelar, men måtte slå seg slått av Tobias. Desse to var i ei eigen i denne kåringa. Årets mål vart også kåra, Simen Lyngstad sitt fantastiske frispark frå vår høgre side mot Slidre/Røn på Tveit stadion 20. juni fekk tittelen. Far og sønn Lauvhaug fekk prisen for 100% oppmøye, stor bragd av begge to. Alle klubber treng slike folk både på banen og i støtteapparatet! Kai Rune Hemsing fekk også fortjent heder for god innsats som kampvert, han var tilstede på Tveit og måtte fram på podiet. Kjell Otto Framstad som også var kampvert og speaker Vidar Eltun fekk også hederlig omtale, begge hadde andre gjøremål denne kvelden og var forhindra deltagelse.
Bagn - FK Vang: 2-1 (0-1)
PUBLISERT 26.09.2025
Fossevang stadion fredag 26. september kl. 19.30. Dommer: Jan Erik Haugom, Vardal IF. Speaker: Ja. Publikum: ca 50 stk. Tøff batalje på Fossevang stadion igjen. Bagn har pådratt seg 18 gule kort denne sesongen og halvparten av disse er kommet mot FK Vang. Ufattelig at dette laget ikke har fått fleire direkte røde kort og at dei ikke vart straffa hardere i kveld!! Når dette er sagt vart det som vi ventet ein tett og spennende kamp. Gjestene ledet til pause, men fikk desverre to i mot etter hvilen. FK Vang vart nummer to i årets sesong, vi hadde sett oss høgare mål, men det vart desverre litt tynne tropper dei siste kampene.
FK Vang - Fagernes: 1-3(1-1)
PUBLISERT 19.09.2025
Tveit stadion kunstgras fredag 13.09 kl. 19.30. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Speakeer: Vidar Eltun. Kampvert: Kjell Otto Framstad. Publikum: ca 80 stk. FK Vang gratulerer den litt aldrande men rutinerte Fagernes gjengen med seriegull i årets sesong. I kveld på Tveit stadion i godt flomlys vant gjestene fortjent. Vår unge keeper Magnus Lauvhaug holdt oss inne i kampen og hadde mange meget gode redninger i kampen og vart kåra til FK Vang sin beste med god margin. Rett og slett sterkt Magnus!! Heimelaget hadde kun 12 mann, nokre forfall før kampen vart kansje det som vippa vektskåla i Fagernes sin veg desverre.


