Sesongen 2025 er igang
PUBLISERT 28. januar 2025
FK Vang har styrka støtteapparatet.
Terje Lauhaug er komen inn og skal styre gjengen saman med Ola
Rogn Tveit.
Terje har erfaring både frå banen og i trenerapparat frå før, og
blir ein stor tilvekst for klubben.
Velkommen til klubben Terje!
Me har trenig i Valdres storhall tysdagar kl. 20.15 - 21.45 og der
er både nye og nåverande spelara velkomne.
FK Vang skal også besøke Sogndal før sesongen kjem igang og vil
møte eit sognelag på Campus eller i Sognehallen i mars.
Utover dette blir det treningskamp også på Leira i storhallen.
Valdreslaga som er påmeldt i 6. div. så langt er: Slidre/Røn,
Fagernes, Bagn og FK Vang.
FK Vang ønsker eit meir seriøst seriespel denne sesongen.
Laget er villige til å reise på kamper utenfor Valdres, dette for
og å bli med i ein større dobbel serie.
FK Vang - Slidre/Røn: 7-1 (4-0)
PUBLISERT 20.06.2025
Tveit stadion kunstgras fredag 20. juni kl. 19.30. Dommer: Niklas Lund Ulfstedt, Ø.Slidre IL. Speaker: Vidar Eltun. Kampvert: Kai Rune Hemsing. Publikum: ca 60 stk. God stemning og mange mål på Tveit stadion i kveld. Vertene var påskrudd og hadde full kontroll på oppgjøret. Adrian Kvale var virkelig på hugget med sine to mål og 3 assister, fjorårets toppscorar er igjen på god veg om å få tittelen etter denne kampen. Simen Lyngstad har vel kveldens finaste mål, frispark frå 25 meter som skrus over muren og rett i vinkelen. Kasper Kjeldsen har og ei perle av ei scoring 2 minutt før full tid, etter assist fra Adrian Kvale.
Ø.Slidre - FK Vang: 1-1 (1-1)
PUBLISERT 13.06.2025
Rogne stadion kunstgras fredag 13. juni kl.19.30. Dommer Svenn Olav Fossholt, Hedalen IL. Ass.dommer 1: Nils Jørgen Forreløkken, Ø.Slidre IL. Ass.dommer 2: Trine Dybdal Kolstad, Fagernes IL. Publikum: ca 50 stk i sommervarmen. Sterkt igjen av FK Vang, men det føles nesten som eit tap. Stillingskrig i starten av kampen, men FK Vang kjem sterkt utover før pause og er det klart beste laget på banen etter corner og sjansestatestikken før pause. Etter pause er det sjanser begge veger og begge laga kunne ha avgjort duellen i sin favør. Flott at det stiller opp dommertrio i oppgjeret, den gjengen presterer også til godkjent pluss.
Bagn - FK Vang: 3-3 (2-1)
PUBLISERT 28.05.2025
Fossevang stadion kunstgras onsdag 28.05 kl. 19.30. Dommer: Svenn Olav Fossholt, Hedalen IL. Speaker: Ja. Publikum: 80 stk. Tre mål til begge lag, stangskudd til begge lag, kjemping til siste sekund på begge lag. Jevnt og tett oppgjør i 95 minutt, sterkt av FK Vang å komme tilbake etter å ha ligget under 3-1. Det er notert like mange sjanser til begge lag, FK Vang har 7 cornera mot Bagn sine 3. Alt i alt bør begge laga væra fornøyd med poengdelinga i kveld, dommaren skal også få skryt for måten han leder denne bataljen med tøffe dueller.
FK Vang - Fagernes: 2-5 (2-3)
PUBLISERT 23.05.2025
Tveit stadion kunstgras 23. mai kl. 19.30. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Speaker: Vidar Eltun. Kampvert: Kai Rune Hemsing. Publikum: ca 60 stk. Fagernes kjempa seg til sin fyrste trepoenger i årets serie og FK Vang gjekk på sitt andre tap på Tveit stadion. Heimelaget hadde ein dårleg dag med tanke på enkle balltap og dårlege passningar. Det er heldigvis skjelden me opplever at så mange spelara får den dårlege dagen på likt. Årets serie i 6. divisjon er av typen der alle kan slå alle, så spennande blir det framover.