Tobias Kassel4 mål i 2025
Kasper Kjeldsen3 mål i 2025
Adrian Kvale3 mål i 2025
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Fagernes: 2-5 (2-3)

PUBLISERT 23. mai 2025

Tveit stadion kunstgras 23. mai kl. 19.30
Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL
Speaker: Vidar Eltun
Kampvert: Kai Rune Hemsing
Publikum: ca 60 stk.


Fagernes kjempa seg til sin fyrste trepoenger i årets serie og FK Vang gjekk på sitt andre tap på Tveit stadion.
Heimelaget hadde ein dårleg dag med tanke på enkle balltap og dårlege passningar. Det er heldigvis skjelden me opplever at så mange spelara får den dårlege dagen på likt.
Årets 6. divisjon er av typen der alle kan slå alle, så det blir spennande framover.  

Fagernes fekk det fyrste målet i kampen etter 7 minutt, målet kjem etter enkelt balltap for oss og ein langlobb frå 40 meter som går rett i nettet bak vår keeper.
FK Vang skaper også sitt og utligner på ei fin kontring der Hani bryt ballbanen på midten og fossar forbi eit par mann før han sler passningen til Adrian som igjen finn Jan Magne Almenning som scorer sikkert bak ein god Fagernes keeper. Dette skjer i det 11. minutt av kampen.
Me slepp til Fagernes igjen og dei tek føringa at når kampuret viser 22. minutt, atter balltap og eit langt innspel frå venstresida som blir nikka ned og ut til ein som klinker den i buret.
Tre mål på 22 minutt og FK Vang ligg atter under med 1 mål.
Ti minutt før pause er det ein ny situasjon der me taper duell som fører til mål nummer tre for gjestene. Det er nesten straffbart med så mange feil som me har denne omgangen og både vi på benken og publikum er nok skuffa over det som blir prestert av dei 11 utvalgte.
Det er då fint at Adrian Kvale scorar sitt fyrste mål i serien 5 minutt før pause, slik at FK Vang er med i kampen fortsatt. Assisten kjem frå dagens mann Simen Lyngstad.

I pausa er fokuset retta framover, laget er innstilt på å gjera ein bedre omgang. Reduseringa rett før pausa gjer oss tru på at ein sliten seniorgjeng frå Fagernes kan får det tøft utover i resten av kampen.
Rutinerte gjester vil det anderledes, dei bruker tid på situasjonene og får lov til det og dei styrer kampen på sin måte. Ungdommelig tæl og offensiv stil på FK Vang vinn desverre ikkje fram og me gjer Fagernes kontringsrom der dei puttar to mål til denne omgangen.
Vertene er notert med 4 sjanser i andre omgang men klarer ikkje å få ballen bak Fagernes sin keeper. 
FK Vang må lære av denne kampen, det vart for mykje stress og kav og rett og slett ein dårleg kamp av oss.

Laget: Magnus, Tobias LP, Markus, Martin, Eirik, Emran, Hani, Simen, Jan Magne, Tobias K, Adrian, Kristian og Haakon.

Simen Lyngstad får godkjent pluss og blir kveldens FK Vang spelar med god margin. Tobias Kassel og Jan Magne Almenning får også godkjent med delt sølvplass. Adrian Kvale med tredje plassen i kåringa, han får også godkjent. Ellers er det mange som får underkjent denne kampen med eit unntak, Haakon Wahlquist har eit godt innhopp.

Gjestene rydder fint opp i garderoben etter kampen, dette viser at det ikke bare er fotballkompetansen som er på plass. Huslige er også den noe aldrende gjengen vi møtte på Tveit i kveld.

Trening på Tveit mandag kl. 19.30, og det trengs!!        
 

FK Vang - Slidre/Røn: 7-1 (4-0)

PUBLISERT 20.06.2025

Tveit stadion kunstgras fredag 20. juni kl. 19.30. Dommer: Niklas Lund Ulfstedt, Ø.Slidre IL. Speaker: Vidar Eltun. Kampvert: Kai Rune Hemsing. Publikum: ca 60 stk. God stemning og mange mål på Tveit stadion i kveld. Vertene var påskrudd og hadde full kontroll på oppgjøret. Adrian Kvale var virkelig på hugget med sine to mål og 3 assister, fjorårets toppscorar er igjen på god veg om å få tittelen etter denne kampen. Simen Lyngstad har vel kveldens finaste mål, frispark frå 25 meter som skrus over muren og rett i vinkelen. Kasper Kjeldsen har og ei perle av ei scoring 2 minutt før full tid, etter assist fra Adrian Kvale.

Les meir »

Ø.Slidre - FK Vang: 1-1 (1-1)

PUBLISERT 13.06.2025

Rogne stadion kunstgras fredag 13. juni kl.19.30. Dommer Svenn Olav Fossholt, Hedalen IL. Ass.dommer 1: Nils Jørgen Forreløkken, Ø.Slidre IL. Ass.dommer 2: Trine Dybdal Kolstad, Fagernes IL. Publikum: ca 50 stk i sommervarmen. Sterkt igjen av FK Vang, men det føles nesten som eit tap. Stillingskrig i starten av kampen, men FK Vang kjem sterkt utover før pause og er det klart beste laget på banen etter corner og sjansestatestikken før pause. Etter pause er det sjanser begge veger og begge laga kunne ha avgjort duellen i sin favør. Flott at det stiller opp dommertrio i oppgjeret, den gjengen presterer også til godkjent pluss.

Les meir »

Bagn - FK Vang: 3-3 (2-1)

PUBLISERT 28.05.2025

Fossevang stadion kunstgras onsdag 28.05 kl. 19.30. Dommer: Svenn Olav Fossholt, Hedalen IL. Speaker: Ja. Publikum: 80 stk. Tre mål til begge lag, stangskudd til begge lag, kjemping til siste sekund på begge lag. Jevnt og tett oppgjør i 95 minutt, sterkt av FK Vang å komme tilbake etter å ha ligget under 3-1. Det er notert like mange sjanser til begge lag, FK Vang har 7 cornera mot Bagn sine 3. Alt i alt bør begge laga væra fornøyd med poengdelinga i kveld, dommaren skal også få skryt for måten han leder denne bataljen med tøffe dueller.

Les meir »

Slidre/Røn-FK Vang: 0-3 (0-0)

PUBLISERT 16.05.2025

Røn stadion, 16. mai kl. 19.00. Dommer: Nils Jørgen Forreløkken, Ø.Slidre IL. Speaker: Nei. Publikum: 50-60 stk. Fin ramme og god innsats frå begge lag fra start på grasbanen i Røn. Før pause var det rimelig stilligskrig som det ofte er i disse kampene. Etter pause var det ingen tvil om hvilket lag som kom til å ta med seg poenga i 17. mai toget i morgen. Då dommer Forreløkken blåste for full tid sto det 0-3 på blokka. Kaptein Markus Kjensrud på FK Vang vart kåra til kveldens beste mann med sine to fulltreffere.

Les meir »