Magnus Lauvhaug

PUBLISERT 9. april 2025
Magnus Lauvhaug er ny FK Vang spelar!
Magnus er som sin far Terje ein solid kar mellom stengene og skal
halde buret reint denne sesongen. Sekstenåringen har allerde
lang erfaring som sisteskanse og har ein god læremester i
faren.
Bustad er i Røn, men mora hadde adresse Ryfoss og mykje av slekta
bur heilt på grensa til Vang.
Mr. Lauvhaug er skuleelev og singel, han har spelt for Slidre/Røn
og alltid likt seg best mellom stengene.
Lillestrøm og Liverpool er favorittlaga, trur nesten at faren har
hatt eit ord med i desse valgene, Hedenstad og Alisson er
favorittspelara.
Magnus sitt råd til unge spelara er: Ha det moro på trening!
Me ynskjer Magnus Lauvhaug velkommen til klubben.
Slidre/Røn - FK Vang: 0-5 (0-3)
PUBLISERT 13.09.2025
Røn stadion lørdag 13. september kl. 15.00. Dommar: Frank Evertsen, Ø.Slidre IL. Speaker: Jan Tore Vik. Publikum: Godt ever 100 stk. Slidre/Røn fotballklubb hadde ei fin markering med 40. årsdag sidan klubben vart stifta. Mykje folk og bra trøkk frå tribuna sjølv om gjestene frå Vang vant kampen i dag med god margin. Grasbanen i Røn var regntung og saug krefter, noko som fordelte seg rimeleg jamnt på begge lag. FK Vang gratulerer Slidre/Røn med åremålet, forsterkingane i laget såg også bra ut. Tobias Kassel vart dagens mann på FK Vang med sine to mål og to assistar.
FK Vang - Bagn: 7-1 (2-1)
PUBLISERT 22.08.2025
Tveit stadion kunstgras 22. august kl.19.00. Dommar: Morten Henriksen Huset, Fagernes IL. Speaker: Vidar Eltun. Kampvert: Kjell Otto Framstad. Publikum: ca 60 stk. Publikum fekk fortjent bølgen frå heimelaget etter kampslutt i det litt sure været på Tveit stadion i kveld. FK Vang hadde ein stoooor 2. omgang, og rundspelte til tider gjestene frå Bagn. Målene kom som perler på ei snor utover denne omgangen mot eit heller svakt Bagn lag som me veit kan bedre. Jan Magne Almenning og Kristian Thunshelle Opdal delte gullet i kåringa som beste FK Vang spelarar med 9 stjerner kvar. FK Vang hadde ein god kamp sett bort frå 25 min. før pause.
Fagernes - FK Vang 2-1 (1-0)
PUBLISERT 15.08.2025
Gjensidigebanen kunstgress, fredag 15 august kl. 19.00. Dommer: Niklas Lund Ulfstvedt. Publikum: ca 40 stk. Fagernes fekk med seg full pott i kveldens oppgjer på heimebane og har med det plassert seg på toppen av tabellen. Med litt større uttelling på sjansene kunne og burde FK Vang ha avgjort kampen til sin fordel men i kveld gjekk det desverre ikkje vår veg. Fagernes har fått mønstra mange av Valdres FK sine tidlegare stjerner og har eit sterkt, men aldrende lag. Det vart litt spenning på slutten når FK Vang reduserer på straffe ved Tobias Kassel. Like etter er det ein situasjon til som kanskje er meir straffe enn den fyrste men som ikkje blir blåst på.
FK Vang - Sogndal3: 6-1 (1-1)
PUBLISERT 10.08.2025
Tveit stadion kunstgras 9. august kl. 15.00. Dommar: Niklas Lund Ulfstedt. Publikum: 40 stk. Treningskamp før seriestart i haustsesongen for begge laga. Moro at Sogndal tok turen over fjellet for returmøte mot FK Vang i Vang. FK Vang kom best igang etter at Hanibal Tukado vant ein duell på vår høgre side og kom åleine mot keeper, 1-0 etter 7 minutt på blokka og god prestasjon av Hani. Veldig jamn og god kamp frå verter og gjester før pause med flerie gode sjanser til begge lag. 1 minutt på overtid fyrste omgang får Isaac Twum ballen på ca 20 meter og knaller den mot mål med stor kraft. Magnus er på avsluttninga, men skuddet er med stor kraft og glepp inn i nettmaskene. Isaac Twum var forøvrig på Sogndal sitt 1. lag i fjorårssesongen og viste gode takter. Stillinga er med dette 1-1 ved pause, men følelsen er positiv for vår del. Andre omgang er stoooor frå FK Vang og Adrian Kvale som set fire scoringer og ekte firs-trick.