Tobias Kassel4 mål i 2025
Kasper Kjeldsen3 mål i 2025
Adrian Kvale3 mål i 2025
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Ø.Slidre: 2-4 (0-0)

PUBLISERT 30. april 2025

Tveit stadion kunstgras 30.april, kl. 19.30.
Dommer: Morten Huset, Aurdal Leira IL.
Speaker: Vidar Eltun.
Kampvert: Kjell Otto Framstad.
Publikum: ca 80 stk.

 

Tap i seriepremiera i kveld desverre, men det var kamp om poenga til siste minutt av kampen.
FK Vang hadde ingen stor 1. omgang, men laget fungerte mykje bedre etter pausa.

Øystre Slidre stilte med eit rutinert og godt lag, men skulle hatt ein tidlegare FK Vang spelar utvist etter eit regelrett overfall med vilje og kraft på Tobias Kassel med ballen langt frå begge to. Rett og slett uforståeleg at dommaren gjer kun gult kort i den situsasjonen.

Resultatet var 0-0 etter dei fyrste 45 minutta, begge lag hadde 2 cornera og nokre sjanser.Største sjansa hadde kanskje Adrian Kvale som kom seg fri og avslutta rett på keeperen.
I pausa heva Terje røsta og krevde meir innsats og tæl frå heimelgaet. Det var for stor avstand mellom lagdelene og null press på ballfører defensivt.
Dette bedra seg stort etter pause og kampen sto og vippa. 
Øystre Slidre får det første målet når timen er gått, me rotar det til i dei bakre rekker og dei puttar ballen i nota. Etter dette er FK Vang frampå og Adrian er i ein situasjon som bør gje straffe, men den gang ei.
0-2 i sekken kjem i det 66. minutt, eit innlegg frå høgre sida går over alle våre i forsvaret og til ein umarkert mann på bakre som scorar sikkert. 
FK Vang har fortsatt tru på poeng og kjører på. Dagens mann i heimelaget Tobias Kassel reduserer i det 75. minutt. Scoringa kjem etter eit gjennomløp og ein susar til høgre for keeper.
Kampen vipper igjen, heimelaget presser på men får ikkje uttelling.
Øystre Slidre derimot scorar på ei kontring og går opp i 1-3 i det 82 minutt.
I det 90. minutt får FK Vang corner frå vår høgre side, Simen Lyngstad sler perfekt inn og Kasper Kjeldsen scorer like perfekt med pannebrasken.
Poengdeling i sikte for FK Vang og sjansene har vi, men som så ofte skjer når eit lag blir for offensivt kontrer gjestene inn sitt 4. mål i det 92. minutt. Dommaren avslutter kampen etter dette.

Alt i alt ein spennande og god 2. omgang med 6 mål. 
FK Vang har mange nye i troppen og også mange unge og lovande spelara, med meir treninger i sammen kan dette kun bli bedre.

Laget:
Magnus, Tobias LP, Kasper, Markus, Eirik, Emran, Hani, Simen, Jan Magne, Tobias, Erik, Adrian, Sebastian, Martin og Haakon.

Dagens FK Vang mann vart Tobias Kassel med kjempemargin, Kasper Kjeldsen kom på sølvplass og Markus Kjensrud og Simen Lyngstad delte 3. plassen.
Bra lagmoral og vilje og tæl for poengfangst utover i 2. omgang. Fint å sjå dei nye spelarane presterer bra.         
 

FK Vang - Slidre/Røn: 7-1 (4-0)

PUBLISERT 20.06.2025

Tveit stadion kunstgras fredag 20. juni kl. 19.30. Dommer: Niklas Lund Ulfstedt, Ø.Slidre IL. Speaker: Vidar Eltun. Kampvert: Kai Rune Hemsing. Publikum: ca 60 stk. God stemning og mange mål på Tveit stadion i kveld. Vertene var påskrudd og hadde full kontroll på oppgjøret. Adrian Kvale var virkelig på hugget med sine to mål og 3 assister, fjorårets toppscorar er igjen på god veg om å få tittelen etter denne kampen. Simen Lyngstad har vel kveldens finaste mål, frispark frå 25 meter som skrus over muren og rett i vinkelen. Kasper Kjeldsen har og ei perle av ei scoring 2 minutt før full tid, etter assist fra Adrian Kvale.

Les meir »

Ø.Slidre - FK Vang: 1-1 (1-1)

PUBLISERT 13.06.2025

Rogne stadion kunstgras fredag 13. juni kl.19.30. Dommer Svenn Olav Fossholt, Hedalen IL. Ass.dommer 1: Nils Jørgen Forreløkken, Ø.Slidre IL. Ass.dommer 2: Trine Dybdal Kolstad, Fagernes IL. Publikum: ca 50 stk i sommervarmen. Sterkt igjen av FK Vang, men det føles nesten som eit tap. Stillingskrig i starten av kampen, men FK Vang kjem sterkt utover før pause og er det klart beste laget på banen etter corner og sjansestatestikken før pause. Etter pause er det sjanser begge veger og begge laga kunne ha avgjort duellen i sin favør. Flott at det stiller opp dommertrio i oppgjeret, den gjengen presterer også til godkjent pluss.

Les meir »

Bagn - FK Vang: 3-3 (2-1)

PUBLISERT 28.05.2025

Fossevang stadion kunstgras onsdag 28.05 kl. 19.30. Dommer: Svenn Olav Fossholt, Hedalen IL. Speaker: Ja. Publikum: 80 stk. Tre mål til begge lag, stangskudd til begge lag, kjemping til siste sekund på begge lag. Jevnt og tett oppgjør i 95 minutt, sterkt av FK Vang å komme tilbake etter å ha ligget under 3-1. Det er notert like mange sjanser til begge lag, FK Vang har 7 cornera mot Bagn sine 3. Alt i alt bør begge laga væra fornøyd med poengdelinga i kveld, dommaren skal også få skryt for måten han leder denne bataljen med tøffe dueller.

Les meir »

FK Vang - Fagernes: 2-5 (2-3)

PUBLISERT 23.05.2025

Tveit stadion kunstgras 23. mai kl. 19.30. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Speaker: Vidar Eltun. Kampvert: Kai Rune Hemsing. Publikum: ca 60 stk. Fagernes kjempa seg til sin fyrste trepoenger i årets serie og FK Vang gjekk på sitt andre tap på Tveit stadion. Heimelaget hadde ein dårleg dag med tanke på enkle balltap og dårlege passningar. Det er heldigvis skjelden me opplever at så mange spelara får den dårlege dagen på likt. Årets serie i 6. divisjon er av typen der alle kan slå alle, så spennande blir det framover.

Les meir »