FK Vang - Slidre/Røn: 1-1 (0-0)

PUBLISERT 8. mai 2024
Tveit stadion kunstgras onsdag 8. mai kl.20.00.
Dommar: Frank Evertsen
Speaker: Vidar Eltun
Kampvert: Kai Rune Hemsing
Publikum: ca 80 stk.
Det var spenning og inntenst heilt til siste slutt når naboklubben
kom på besøk i kveld. Begge laga har mykje nytt og ungt i troppane
sine og det er heilt på sin plass og bra for framtida. Adrian Kvale
vart kåra til FK vang sin beste spelar med god margin i kveld, han
var hårstrået ifrå å bli matchvinnar like for slutt.
Kampen starta veldig nervøst og usikkert frå begge lag. Det var
mykje dårlige mottak og passningar. Det er notert 1 corner til
begge lag før pause og remi sjansestatistikk med 2 sjanser til
begge lag. Espen Fossum vart dessverre skada tidleg og måtte ut med
ein liten vridning i kneet, han fekk nesten ikkje vist seg fram for
sitt nye heimepublikum før det var stopp.
Midt i omgangen blir Adrian Kvale spelt igjennom av Ole Eirik
Syversen, Adrian scorar sikkert, men dommaren bles for ein meget
tvilsom offside desverre.
I pausa vil eg tru begge laga hadde litt å prate om, FK Vang var
ikkje tilfreds med det me hadde prestert så langt. Det var ein
nedtur i forhold til prestasjonen laget hadde i Bagn med tanke på
ballbehandlinga.
Andre omgangen starta vel heller ikkje så bra for heimelaget,
Vinjar Skogheim blir spelt gjennom på høgresida og set ballen
utagbart tilside for vår gode keeper Haakon Wahlquist.
Det er ikkje den futten i heimelaget som er forventa men den kjem
seg heldigvis utover i omgangen. FK Vang skaper fleire store
sjanser, men scoringa kjem ikkje før i det 78. minutt.
Adrian Kvale scorar sitt fyrste mål for klubben og passningen får
han frå Ole Eirik Syversen. Heimelaget pressar på etter dette og
hadde vel fortjent seiersmålet i sluttminutta, også i forhold til
sjansestatistikken i andre omgang.
Unggutane får som sagt sjansen på begge lag og dei er bra alle som
en.
Vebjørn Høyme Havro får sin fyrste opptreden for A-laget til FK
Vang, han presterer bra og får ein fin deby.
Takk til eit stort publikum som møter opp, takk også til kiosken
og loddsalg og god stemning på heile hurven!
Laget: Haakon, Sander, Markus, Sebastian, Olav, Tobias L P, Kim,
Kasper, Adrian, Espen, Audun, Ole Eirik, Hallgrim, Vebjørn, Kabid
og Kjell Magne.
Adrian Kvale vant stjernekåringa med god margin og får fortjent
bilde på nettsia fram til neste kamp. Kasper Kjeldsen og Markus
Kjensrud deler andreplassen i kåringa og Haakon Wahlquist tek
bronseplassen i stemmegjevinga.
Heile 5 stk. i alderen 15 til 17 år i troppen som alle gjer ein god
opptreden, dette gleder meg stort og lover godt.
Neste kamp er på Blåbærmyra mandag 20. mai kl. 14.45.
Fotballfest sesongen 2024
PUBLISERT 07.12.2024
Klubbhuset på Tveit var arena for avslutningen til A-laget sesongen 2024. Ungguten Adrian Kvale vart kveldens store helt med både toppscorartittelen og kåringa til årets spelar FK Vang 2024, begge med god margin. Frisparkscoringa til Håvard Frøyen på Tveit mot Øystre Slidre i haust fekk tittelen årets mål. Jan Magne Almenning hadde mest assistar og fekk tittelen assistkongen 2024. Kaptein Markus Kjensrud fekk direkte raudt kort i Bagn, meget strengt dømt etter vår meining, han fekk prisen for årets råtass.
Valdres FK2 - FK Vang: 1-2 (1-1)
PUBLISERT 05.10.2024
Gjensidigebanen lørdag 5. oktober kl. 11.00. Dommer: Svenn Olav Fossholt, Hedalen IL. Publikum: ca 30 stk. Begge lag klarte å stille lag selv om det var tidlig på dagen. FK Vang hadde kun 11 tilgjengelige etter 2 forfall pga sykdom. Når det er sagt stilte begge lag opp med gode 11ere, som sto godt mot hverandre. Valdres FK2 viste seg best fram før pause og FK Vang var det beste laget etter pause i en god og fartsfylt kamp. Det hadde vært fint å ha noen med på benken på slutten, men gutta holdt ut på en utmerket måte med vondt både her og der. Tommeler opp for Vangspublikummet som stiller opp så tidlig på en lørdag!!
FK Vang - Ø.Slidre: 1-2 (1-0)
PUBLISERT 28.09.2024
Tveit stadion kunstgras lørdag 28.09.24 kl, 13.00. Dommer: Odd-Geir Henriksrrud, Dokka SK. Speaker: Nei. Publikum: ca 40 stk. Morten Sjønnhaug, 52 åringen i målet til Ø.Slidre hadde tre fantastiske redninger og heldt laget inne i kampen mot eit godt kjempende FK Vang i dagens oppgjer på Tveit stadion. Det var på ingen måte fortjent at alle poenga vart med over Eggeåsen i dag, men tur og utur høyrer med også i 6. div. avd. 3. FK Vang håper også dette året at Ø.Slidre deltek i sluttspelet om KM tittelen, det er rett og slett litt useriøst om dei velger som før, det motsatte.
FK Vang - Slidre/Røn: 0-2 (0-1)
PUBLISERT 08.09.2024
Tveit stadion kunstgras 8. sept kl. 12.30, Dommer: Svenn Olav Fossholt, Hedalen IL. Speaker: Vidar Eltun. Publikum: 20 stk. FK Vang manglet dessverre målgarantistene i dagens kamp, sjansene skapte vi mange av, men maktet ikke å score. Åsmund Bakkene sitt skudd etter 5 minutter var innenfor målstreken ble det hevdet fra spillere som var oppe i situasjonen, keeperen til Slidre/Røn mistet ballen under seg og fikk fislet den ut igjen. Dommeren var ikke godt nok plassert til å dømme denne inne, scoring der hadde endret kampen vil jeg tro. Heile 7 endringer i troppen i forhold til forrige helg kan være utfordrende. Heldigvis stiller senioerene opp og presterer bra med lite treningstid i føttene. Kai Arne Kvale får seg dessverre en smell i foten etter ei takling som kunne ha resultert i begge farger i forhold til det vi opplevde i Bagn forrige helg.