Toten - FK Vang: 7-2 (2-2)

PUBLISERT 10. september 2016
Østre Toten kunstgressbane 9 september kl. 19.30
Dommar: Trond Nesset
Assistentar: Henrik Mathias Bjøraltlien og Finn Odvar Lebiko
Speaker: Ja
Publikum: ca 30 stk.
God 1. omgang av gjestene frå Valdres. FK Vang var kun 12 stk. til
bortekampen i dag, 16 åringen Jan Magne Almenning debuterte med 11
er fotball og på A-laget i kveld. Jan Magne klarte seg meget godt,
det blir spennande og sjå han framover.
Toten spelar bra fotball, dei har god bevegelse og bra
passningskvalitet og er vel alt i alt det beste laget i årets
avdeling synest vi, sjølv om dei har gått på nokre stygge
smeller.
Heimelaget scora det fyrste målet etter kun 5 minutt, dette skjer
etter ei upressa avsluttning frå ca 18 meter. FK Vang er godt med,
vår offensive lagdel gjer det vanskeleg for Toten sitt forsvar ved
fleire anledningar. Det er gått 12 minutt då Åsmund Bakkene scorar
elegant etter assist frå Vegard Kjøs Egge. Utligning og
stillingskrig framover, Toten har ein del cornera utan at det blir
særlig farlig av den grunn. Halvegs ut i omgangen går heimelaget
opp i 2-1, målet er litt for mykje einmannshow utan skikkelig press
frå vår side.
FK Vang er bra med fortsatt og gjer Totningane kamp, utligninga
kjem i det 31. minutt. Åsmund Bakkene har assisten på eit bra
gjennomløp av Vegard Kjøs Egge, åleine mot keeper gjer han ingen
feil og scorar sikkert. FK Vang har ei meget god sjanse til like
etter dette, også denne gongen åleine mot keeper, men utan
nettkjenning dessverre.
Ein god 1. omgang av gjestene og god tru i pausa.
2. omgang starter bra, vi er med. Meget billig straffe til Toten
etter 11 minutt er med på å snu kampen til vertene sin fordel. FK
Vang opptrer mindre som eit lag etter dette og Toten får det for
enkelt og puttar etter 67, 74, 80 og 85 før dommaren bles for full
tid.
FK Vang sto bra på og var bra med med tanke på 6 endringar i
startelleveren frå forrige kamp.
Laget: Jarle, Sverre, Kasper, Erik, Eirik, Audun, Kim B, Øyvind,
Morten, Vegard K E, Åsmund og Jan Magne.
Åsmund Bakkene vart kåra til dagens mann på FK Vang, Åsmund var
meget vanskelig å hanskes med for Toten sitt forsvar i kveld og
viser sin klasse. Kasper Kjeldsen blir kåra til nummer to, Kasper
styrer forsvaret godt og trør til når det må til. Øyvind Kjøs Egge
og Erik Martinsen Dalåker deler tredje plassen, begge leverer ein
god kamp og viser kva som må til på dette nivået.
Trening måndag kl. 19.30 på Tveit.
God Jul og Godt Nyttår
PUBLISERT 26.12.2016
FK Vang takkar alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2017 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstid: Torsdag, fredag og nyttårseftan ca kl. 10.00 - 14.00
FK Vang - Vest Torpa: 3-2 (1-1)
PUBLISERT 09.10.2016
Tveit stadion kunstgras, søndag 9 oktober kl.15.00. Dommar: Kristoffer Nitter Leirdal. Assistentar: Svein Erik Slåttsveen og Finn Odvar Lebiko. Speaker: Kjell Magne Kvale. Publikum: ca. 20 stk. Fortjent seier til heimelaget i dag og godt med revansj frå våroppgjeret. Fyrste omgangen var jamn med seks sjanser til begge lag og 3-2 i FK Vang favør i cornerstatistikken. 1-1 var det også til pause og omgangens og kanskje kampen sitt høgdepunkt var Thomas Hilmen si perle frå 52 meter som gjekk i fin boge, og strauk akkurat under tverrliggaren og akkurat over Torpakeeperen si rekkevidde.
MBK - FK Vang: 7-1 (2-0)
PUBLISERT 01.10.2016
Børstad kunstgress laurdag 1 oktober kl. 13.00. Dommar: Nikolai Bratvold. Assistentar: Simen Storengen og Rolf Martinsen. Publikum: ca 20 stk. FK Vang reiste på kamp i dag med kun 11 mann. Kun 5 av dei som var med på forrige kamp var tilgjengelige i dag, så det vart mange endringar. Gjestene klarte seg rimeleg godt i fyrste del av kampen, sjølv om det var liten tvil om hvilke lag som var best. MBK har mange erfarne og gode spelara i stallen, fleire av dei med spel i høgre divisjonar i sekken. Marcus Thune Skeie og Jan Magne Almenning, begge guttespelara vart med til Hamar i dag, begge klarte seg godt sjølv om det også for dei blir vel tøft med 90 minutt.
FK Vang - Vind: 2-4 (1-2)
PUBLISERT 23.09.2016
Tveit stadion kunstgras fredag 23 september kl. 19.30. Dommar: Nils Arne Solberg. Assistentar: Finn Odvar Lebiko og Knut Sørhusbakken. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Publikum: ca 40 stk. FK Vang hadde ein god kamp i kveld, men brenner mange meget gode sjanser. Vind scorer alle sine fire mål etter slurv og dårlige avklaringer fra vår side. Sjansestatistikken vinn FK Vang klart, men det hjelper heller dårlig når måla uteblir.