FK Vang - Vest Torpa: 3-2 (1-1)

PUBLISERT 9. oktober 2016
Tveit stadion kunstgras, søndag 9 oktober kl.15.00
Dommar: Kristoffer Nitter Leirdal
Assistentar: Svein Erik Slåttsveen og Finn Odvar Lebiko
Speaker: Kjell Magne Kvale
Publikum: ca. 20 stk.
Fortjent seier til heimelaget i dag og godt med revansj frå
våroppgjeret.
Fyrste omgangen var jamn med seks sjanser til begge lag og 3-2 i
FK Vang favør i cornerstatistikken. 1-1 var det også til pause og
omgangens og kanskje kampen sitt høgdepunkt var Thomas Hilmen si
perle frå 52 meter som gjekk i fin boge, og strauk akkurat under
tverrliggaren og akkurat over Torpakeeperen si rekkevidde.
Fleire av sjansene denne omgangen var meget store. og
det er uflaks og litt udygtighet at det var berre 1 mål til
kvart av laga.
Thomas si scoring kom etter 24 minutt og Torpa si i det 36.
minutt.
I pausa var både presset og passningskvaliteten i FK
Vang tema, dette kom seg stort den siste omgangen og 2.
omg. var stort sett heimelaget sin frå start til
slutt.
Vest Torpa har ein meget god angriper i Morten Enger, det er
nesten han åleine som skapar dei to sjansene gjestene får denne
omgangen. Åtte minutt ut i omgangen får han stussa eit langt
oppspel over vår keeper og i mål. Det var komunikasjonsvansker i
vårt forsvar som førte til denne. Simen Strandbråten utlignar
tre minutt etter Vest Torpa si scoring, Olav Ulven har assisten. FK
Vang er gode og skaper fleire sjanser, men får ikkje
ballen over streken. Olav Ulven som kom inn ved pause viser
målteft igjen og scorar det viktige tredjemålet etter klabb og babb
i feltet etter ein corner, Kasper Kjeldsen får assisten.
Heimelaget pressar på for å trygge det heile, men lykkast ikkje
sjølv om mange av sjansene og cornerane er gode. Corneren til Kim
Kveno med innoverskru går i tverliggaren og
ned, ballen sneiar leggskinnet til Øyvind men går
desverre utanfor stolpen. Det er også eit meget godt frispark
av Åsmund som Torpakeeperen mesterlig får sneia over.
Morten Enger er nær utligning på slutten med Vest Torpa si andre
sjanse denne omgangen som går i stolpen og ut.
FK Vang sikrar sjølve 9. plassen på tabellen etter tre poeng
i dag, Lunner, Søndre Land og Dokka SK er alle bak
oss på tabellen.
Laget: Jarle, Sverre, Kasper, Thomas, Eirik, Vegard, Kim
K, Øyvind, Morten, Åsmund, Simen, Olav, Audun og Jan
Magne.
Kasper Kjeldsen, Åsmund Bakkene og Thomas Hilmen blir kåra til FK
Vang sine beste i dag. Det er bilde av alle tre om du ser opp
til høgre og les dette.
Olav Ulven og Jarle Haugrud kjem på sølvplass og Sverre Melby,
Vegard Kjøs Egge og Kim Kveno får bronseplassen.
Heile 11 spelara får stjerner i dag, dette betyr god
lagseier og at alle bidrar.
FK Vang er det beste laget i Valdres med tanke på at me har berre
Valdresspelara i laget, denne sesongen har me
hatt med spelara frå Vang, Vestre Slidre, Øystre Slidre, Nord
Aurdal og Sør Aurdal i tillegg har me nokre spelara som har
arbeid i Valdres. Det er ein artig og fin gjeng som kunne ha
vore med høgt oppe med litt meir treningsvilje, heile 34
spelara har vore med i kampar denne sesongen og det er vel
ikkje berre positivt.
Det kjem til å bli litt av eit haraball med tanke på
fotballfesten kapteinane i laget skal arrangere litt utpå
hausten.
Det blir treningsfri fram til desember, då startar oppkjøringa mot
Beitostølen Cup. FK Vang brukar å ha med to lag på denne
turneringa.
Takk for ein bra sesong gutar!
God Jul og Godt Nyttår
PUBLISERT 26.12.2016
FK Vang takkar alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2017 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstid: Torsdag, fredag og nyttårseftan ca kl. 10.00 - 14.00
MBK - FK Vang: 7-1 (2-0)
PUBLISERT 01.10.2016
Børstad kunstgress laurdag 1 oktober kl. 13.00. Dommar: Nikolai Bratvold. Assistentar: Simen Storengen og Rolf Martinsen. Publikum: ca 20 stk. FK Vang reiste på kamp i dag med kun 11 mann. Kun 5 av dei som var med på forrige kamp var tilgjengelige i dag, så det vart mange endringar. Gjestene klarte seg rimeleg godt i fyrste del av kampen, sjølv om det var liten tvil om hvilke lag som var best. MBK har mange erfarne og gode spelara i stallen, fleire av dei med spel i høgre divisjonar i sekken. Marcus Thune Skeie og Jan Magne Almenning, begge guttespelara vart med til Hamar i dag, begge klarte seg godt sjølv om det også for dei blir vel tøft med 90 minutt.
FK Vang - Vind: 2-4 (1-2)
PUBLISERT 23.09.2016
Tveit stadion kunstgras fredag 23 september kl. 19.30. Dommar: Nils Arne Solberg. Assistentar: Finn Odvar Lebiko og Knut Sørhusbakken. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Publikum: ca 40 stk. FK Vang hadde ein god kamp i kveld, men brenner mange meget gode sjanser. Vind scorer alle sine fire mål etter slurv og dårlige avklaringer fra vår side. Sjansestatistikken vinn FK Vang klart, men det hjelper heller dårlig når måla uteblir.
Dokka SK - FK Vang: 0-2 (0-1)
PUBLISERT 17.09.2016
Dokka stadion laurdag 17 sept. kl.15.00. Dommar: Erling Kringsjå Skundberg. Assistentar: Nils Røli og Henrik Schjerven. Speaker: Ja. Publikum: 20 stk. Godt gjennomført burtekamp av FK Vang i dagens oppgjer. Me viste at Dokka ville kjempe som løver for poenga i dag, FK Vang ville det same og reiste over Tonsåsen att med full pott. Seieren var fortjent og kunne fort ha blitt større i og med straffemissen i andreomgang.