FK Vang - Snertingdal/Redalen2: 2-7 (0-2)

PUBLISERT 20. august 2016
Tveit stadion lørdag 20 august kl. 15.00
Dommar: Nils Arne Solberg
Assistentar: Dag Englund og Knut Sørhusbakken
Speaker: Nei
Publikum: ca 25 stk.
FK Vang låg under med 3 mål 13 minutt ut i andre omgang, 17 minutt
seinare var stillinga 2-3 og heimelaget pressa kraftig på. Fleire
av våre spillerene vart alt for offensive etter vårt 2 mål,
Snertingdal gikk for enkelt opp i 2-4. Dermed var det kjørt og
heilsprekk siste 10 minutta.
Det er viktig i fotballkamper og ikkje miste formasjonen i laget,
det var nok dessverre dette som skjedde på slutten for FK Vang sin
del i dag. Mange av våre vart alt for ivrige framover i banen og
ikkje tolmodige nok etter at vi gjekk opp i 2-3. Vi hadde kampen i
vår hule hånd, men midtbanen balanserte heller dårlig og må nok ta
det største ansvaret for sprekken som kom.
Begge lag hadde like mange sjanser dei fyrste 45 minutta, men
gjestene scora 2.
0-1 kom etter 15 minutt, innlegg frå gjestene si venstre side får
gå for lett gjennom vårt forsvarsledd. 0-2 kjem etter ca halvtimen
då ein Snertingdøl får rom frå 18 meter og klinkar ballen
inn.
I pausa var fokuset og koma tilbake sjølv om dette ikkje er lett
med 2 mål i sekken. Bedre vart det ikkje då Snertingdal gjekk opp i
0-3, 13 minutt ut i andre omgang. Det var akkurat som dette vekte
FK Vang, me var meget gode dei neste 20 minutta. Kasper Kjeldsen
hedda inn 1-3 i det 59. minutt etter Kim Bøland sin corner.
Heimelaget var på høgget og hadde 2 store sjanser etter dette utan
å lykkast. Eivind Bakkene scora vårt mål nummer 2 i det 78. minutt,
etter att Kai Arne Kvale hadde gjort det meste av jobben på
forhånd.
79 min.: 2-4
81 min.: 2-5
84 min.: 2-6
86 min.: 2-7
Sjanse og cornerstatistikken var jamn, synd me ikkje var meir
skjerpa i avgjerande periode i oppgjeret.
Laget: Jarle, Sverre, Kasper, Kai Arne K, Eirik, Audun,
Øyvind, Vegard K E, Eivind, Kim B, Simen, Bjørn Tore og
Håvard.
Dagens mann vart Kasper Kjeldsen, nr. to Kai Arne Kvale og nr. 3
Kim Bøland.
Trening i veka som kjem: Onsdag kl. 19.30
God Jul og Godt Nyttår
PUBLISERT 26.12.2016
FK Vang takkar alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2017 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstid: Torsdag, fredag og nyttårseftan ca kl. 10.00 - 14.00
FK Vang - Vest Torpa: 3-2 (1-1)
PUBLISERT 09.10.2016
Tveit stadion kunstgras, søndag 9 oktober kl.15.00. Dommar: Kristoffer Nitter Leirdal. Assistentar: Svein Erik Slåttsveen og Finn Odvar Lebiko. Speaker: Kjell Magne Kvale. Publikum: ca. 20 stk. Fortjent seier til heimelaget i dag og godt med revansj frå våroppgjeret. Fyrste omgangen var jamn med seks sjanser til begge lag og 3-2 i FK Vang favør i cornerstatistikken. 1-1 var det også til pause og omgangens og kanskje kampen sitt høgdepunkt var Thomas Hilmen si perle frå 52 meter som gjekk i fin boge, og strauk akkurat under tverrliggaren og akkurat over Torpakeeperen si rekkevidde.
MBK - FK Vang: 7-1 (2-0)
PUBLISERT 01.10.2016
Børstad kunstgress laurdag 1 oktober kl. 13.00. Dommar: Nikolai Bratvold. Assistentar: Simen Storengen og Rolf Martinsen. Publikum: ca 20 stk. FK Vang reiste på kamp i dag med kun 11 mann. Kun 5 av dei som var med på forrige kamp var tilgjengelige i dag, så det vart mange endringar. Gjestene klarte seg rimeleg godt i fyrste del av kampen, sjølv om det var liten tvil om hvilke lag som var best. MBK har mange erfarne og gode spelara i stallen, fleire av dei med spel i høgre divisjonar i sekken. Marcus Thune Skeie og Jan Magne Almenning, begge guttespelara vart med til Hamar i dag, begge klarte seg godt sjølv om det også for dei blir vel tøft med 90 minutt.
FK Vang - Vind: 2-4 (1-2)
PUBLISERT 23.09.2016
Tveit stadion kunstgras fredag 23 september kl. 19.30. Dommar: Nils Arne Solberg. Assistentar: Finn Odvar Lebiko og Knut Sørhusbakken. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Publikum: ca 40 stk. FK Vang hadde ein god kamp i kveld, men brenner mange meget gode sjanser. Vind scorer alle sine fire mål etter slurv og dårlige avklaringer fra vår side. Sjansestatistikken vinn FK Vang klart, men det hjelper heller dårlig når måla uteblir.