Brumunddal 2- FK Vang: 5-1(2-0)

PUBLISERT 28. august 2016
SH-banen, Kunstgress søndag 28 august kl. 15.00
Dommer: Jan Ole Skinnehaugen
Assistentar: Endre Fremstad og Iver Oskar Økelsrud Skjerve
Publikum: ca 40 stk.
Keeperforfall på morgenkvisten på kampdagen vart ei lita nøtt for
gjestene frå Valdres.
Ein småkadd Vegard Kjøs Egge som aldri har stått i mål tok på seg
hanskene og klarte seg meget godt i dagens kamp. FK Vang var kun 11
stk., men var godt med i kampen inntil kreftene tok slutt 10 minutt
før slutt.
Etter dei fyrste 45 minutta var Brumunddal i leiing med to mål,
men omgangen var heilt jamn.
FK Vang hadde dei største sjansene denne perioda, men klarte ikkje
å score sjølv med to gonger åleine mot vertane sin keeper.
Brumunddal scora sine 2 mål etter 7 og 41 minutt, begge scoringane
etter innlegg frå si høgreside.
FK Vang var meget godt med denne omgangen og fokuset i pausa var å
væra tolmodige i starten av andre omgang, sjansene ville koma også
denne omgangen.
Sjansene kom som me hadde venta, men den fyrste kom til heimelaget
som etter kun 4 min. litt for enkelt fekk gå opp i tremåls
leiing.
FK Vang reduserte to minutt etter dette og kampen var litt åpen
igjen. Simen Strandbråten fekk assisten på scoringa til Kim Kveno.
Kampen bølga litt att og fram etter dette, men Brumunddal var vel
det førande laget. Gjestene fekk nokre brudd og var på nippet til å
koma gjennom men vart stoppa, me hadde også eit par cornera denne
omgangen utan tellande resultat. Brumunddal kom meir og meir mot
slutten då dei fekk innpå friske føtar. FK Vang på si side hadde
ikkje så mange nye og ta av desverre og fekk to mål til i sekken
dei siste 5 minutta.
All ære til dei som stiller opp på ein lang tur til bortekamp,
dette er også ein kamp me kunne tatt poeng i med litt anderledes
prioritering frå fleire av våre heimeverande karer.
Laget: Vegard, Sverre, Bjørn Tore, Tore, Eirik, Audun, Øyvind,
Åsmund, Morten, Kim K og Simen.
Kim Kveno vart kåra til FK Vang sin beste, Kim scora vårt mål, han
er teknisk med gode valg på midtbanen. Åsmund Bakkene og Tore
Gjevre Haugen deler sølvplassen og Øyvind Kjøs Egge like bak desse
igjen.
Trening i veka som kjem: Onsdag kl. 19.30
God Jul og Godt Nyttår
PUBLISERT 26.12.2016
FK Vang takkar alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2017 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstid: Torsdag, fredag og nyttårseftan ca kl. 10.00 - 14.00
FK Vang - Vest Torpa: 3-2 (1-1)
PUBLISERT 09.10.2016
Tveit stadion kunstgras, søndag 9 oktober kl.15.00. Dommar: Kristoffer Nitter Leirdal. Assistentar: Svein Erik Slåttsveen og Finn Odvar Lebiko. Speaker: Kjell Magne Kvale. Publikum: ca. 20 stk. Fortjent seier til heimelaget i dag og godt med revansj frå våroppgjeret. Fyrste omgangen var jamn med seks sjanser til begge lag og 3-2 i FK Vang favør i cornerstatistikken. 1-1 var det også til pause og omgangens og kanskje kampen sitt høgdepunkt var Thomas Hilmen si perle frå 52 meter som gjekk i fin boge, og strauk akkurat under tverrliggaren og akkurat over Torpakeeperen si rekkevidde.
MBK - FK Vang: 7-1 (2-0)
PUBLISERT 01.10.2016
Børstad kunstgress laurdag 1 oktober kl. 13.00. Dommar: Nikolai Bratvold. Assistentar: Simen Storengen og Rolf Martinsen. Publikum: ca 20 stk. FK Vang reiste på kamp i dag med kun 11 mann. Kun 5 av dei som var med på forrige kamp var tilgjengelige i dag, så det vart mange endringar. Gjestene klarte seg rimeleg godt i fyrste del av kampen, sjølv om det var liten tvil om hvilke lag som var best. MBK har mange erfarne og gode spelara i stallen, fleire av dei med spel i høgre divisjonar i sekken. Marcus Thune Skeie og Jan Magne Almenning, begge guttespelara vart med til Hamar i dag, begge klarte seg godt sjølv om det også for dei blir vel tøft med 90 minutt.
FK Vang - Vind: 2-4 (1-2)
PUBLISERT 23.09.2016
Tveit stadion kunstgras fredag 23 september kl. 19.30. Dommar: Nils Arne Solberg. Assistentar: Finn Odvar Lebiko og Knut Sørhusbakken. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Publikum: ca 40 stk. FK Vang hadde ein god kamp i kveld, men brenner mange meget gode sjanser. Vind scorer alle sine fire mål etter slurv og dårlige avklaringer fra vår side. Sjansestatistikken vinn FK Vang klart, men det hjelper heller dårlig når måla uteblir.