Fotballfest
PUBLISERT 18. oktober 2014
Jotnetunet på Beitostølen
A-lagsgjengen samlast i kveld for å feire sesongen 2014.
FK Vang har prestert meget bra i år og scora heile 64 mål og
sleppt inn kun 10 på 12 kampar.
Det blir ein stor gjeng som startar dagen med Premier league
fotball i puben på Jotnetunet.
Quiz og premieutdeling står sjølvsagt også på programmet. Kven som
blir årets spelar er alltid spennande.
3 retters middag på Jotnetunet skal nytas i kveldinga, og kva som
skjer etter dette? Ja kven kveit!
God Jul og Godt nytt År
PUBLISERT 27.12.2014
FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2015 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir
Treningsstart i kveld
PUBLISERT 01.12.2014
FK Vang starter trening inne i hallen på Beitostølen helseportsenter i kveld. Støtteapparatet for sesongen 2015 blir: Anders Skrebergene, Henrik Gjestvang, Jostein Solsten og Ola Rogn Tveit. Jostein er med som keepertrener etter behov, mens trioen Anders, Henrik og Ola tar seg av resten.
4.divisjon menn i 2015
PUBLISERT 31.10.2014
FK Vang er sett opp i avdeling 2 for 4. divisjon 2015. Desse laga blir motstanderar i 2015: Dokka, Gran, Lunner, Løten, Nordre Land, Ridabu, Stange, Søndre Land, Toten, Varde og Vind.
Opprykk
PUBLISERT 30.10.2014
FK Vang har fått tilbud om å rykke opp i 4. divisjon i sesongen 2015. Klubben vart som kjent nr. 2 i si avdeling i 5. divisjon, men var klart best av dei nest beste laga i dei 7 avdelingane i 5. divisjon og fekk difor tilbudet fyrst. FK Vang bestemte i kveld at dei vil prøve seg i 4. divisjon i 2015, om spelarstall og alt rundt blir som me håpar.