4.divisjon menn i 2015
PUBLISERT 31. oktober 2014
FK Vang er sett i avdeling 2 for 4. divisjon 2015.
Desse laga blir motstanderar i 2015: Dokka, Gran, Lunner, Løten,
Nordre Land, Ridabu, Stange, Søndre Land, Toten, Varde og
Vind.
Løten, Stange og Ridabu er nye lag for FK Vang, ellers er dei
andre laga kjente navn for klubben. Moro at me møter Hedemarkslaga,
sjølv om reisa er lang.
Dei sterkaste laga med tanke på årets sesong bør væra: Gran med
nedrykk frå 3. div., Toten nr. 3 i 4.div. og Løten nr. 2 i 4.
div.
Mange såg sikkert opprykkskampen på TV 2 der Toten måtte gje tapt
for nabolaget Kobu KK i haust. Kampen var meget underholdende og
god og FK Vang håper det blir mange slike oppgjer til summaren.
Dei andre avdelingane i 4. div. er, avdeling 1: Brummundal 2,
Follebu, Hamar il, Lillehammer FK 2, Lom, Redalen, Ringsaker/Nes,
Snertingdal, Storhamar, Vest Torpa, Vinstra og Vågå.
Avdeling 3: Braskeridsfoss, Eidskog, Elverum 2, Engerdal, Fart,
Galterud, Kjellmyra, Nybergsund 2, Rena, Sander, Trysil og Vang
FL.
God Jul og Godt nytt År
PUBLISERT 27.12.2014
FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2015 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir
Treningsstart i kveld
PUBLISERT 01.12.2014
FK Vang starter trening inne i hallen på Beitostølen helseportsenter i kveld. Støtteapparatet for sesongen 2015 blir: Anders Skrebergene, Henrik Gjestvang, Jostein Solsten og Ola Rogn Tveit. Jostein er med som keepertrener etter behov, mens trioen Anders, Henrik og Ola tar seg av resten.
Opprykk
PUBLISERT 30.10.2014
FK Vang har fått tilbud om å rykke opp i 4. divisjon i sesongen 2015. Klubben vart som kjent nr. 2 i si avdeling i 5. divisjon, men var klart best av dei nest beste laga i dei 7 avdelingane i 5. divisjon og fekk difor tilbudet fyrst. FK Vang bestemte i kveld at dei vil prøve seg i 4. divisjon i 2015, om spelarstall og alt rundt blir som me håpar.
Årets spelar 2014
PUBLISERT 19.10.2014
Frank Skoglund vart årets spelar i FK Vang. Fortjent og moro at Frank klarte dette i år, han er ein sentral spelar i laget og har hatt ein super sesong. Frank seier han skal trappe ned etter årets sesong, men alle håper det motsatte. Som spelar har Mr. Skoglund stor rekkevidde, god teknikk og godt blikk for spelet. Han kan prestere godt i alle posisjoner på banen, men spelar mest i dei bakre rekker i FK Vang.