Årets spelar 2014
PUBLISERT 19. oktober 2014
Frank Skoglund vart årets spelar i FK Vang.
Fortjent og moro at Frank klarte dette i år, han er ein sentral
spelar i laget, og har hatt ein super sesong.
Frank seier han skal trappe ned etter årets sesong, men alle håper
det motsatte.
Som spelar har Mr. Skoglund stor rekkevidde, god teknikk og godt
blikk for spelet. Frank kan prestere godt i alle posisjoner på
banen, men spelar mest i dei bakre rekker i FK Vang.
Anders Skrebergene var hakk i hel med Frank i kåringa kun 2 poeng
skilte kompissane. Henrik Gjestvang fekk tredjeplassen like bak
desse igjen.
Toppscorar vart Ole Eirk Syversen med 13 mål, Ole Eirik har scora
jamnt og trutt i år og er ein frykta spiss med sin fart og
fysikk.
To prisar gjekk til Sverre Melby, han fekk Assistkongeprisen og
oppmøteprisen. Sverre hadde 9 assistar og 10 scoringar og er ei
viktig offensiv kraft i laget.
Sverre Melby var den einaste av FK Vang sine spelara som deltok på
alle kampane, han har også hatt størst oppmøte på trening og
fortjener virkeleg oppmøteprisen.
Årets mål vart kåra av trenaren denne sesongen:
Nr 1. Henrik Gjestvang, 1-4 borte mot Dokka, frispark i krysset
frå 18 meter.
Nr 2. Kai Arne Sandhaugo, 0-6 borte mot Etnedal, raid forbi fleire
etnedøler og set ballen i lengste.
Nr 3. Sverre Melby, 0-3 borte mot Ringelia, kjipp på ballen og
heilt utspelt keeper, enkelt og elegant.
FK Vang har sleppt inn berre 10 mål denne sesongen, Jarle har hatt
det rimeleg stille og behageligt i buret og fortjener ein
motivasjonspris.
Jarle Haugrud får More Play prisen, han ynskjer bedre motstand og
meir å gjera i buret neste sesong.
Quizen vart i år vunnet av Henrik, Frank, Kveno og Kristin M,
fotograf Olav Andre spanderte godsaker fra baren til
vinnarane.
Takk til Jotnetunet for god mat og flott opplegg for oss, det
fristar til gjenntakelse.
Takk også til Olav Andre for fotografering.
FK Vang starter treningene for neste sesong i desember.
God Jul og Godt nytt År
PUBLISERT 27.12.2014
FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2015 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir
Treningsstart i kveld
PUBLISERT 01.12.2014
FK Vang starter trening inne i hallen på Beitostølen helseportsenter i kveld. Støtteapparatet for sesongen 2015 blir: Anders Skrebergene, Henrik Gjestvang, Jostein Solsten og Ola Rogn Tveit. Jostein er med som keepertrener etter behov, mens trioen Anders, Henrik og Ola tar seg av resten.
4.divisjon menn i 2015
PUBLISERT 31.10.2014
FK Vang er sett opp i avdeling 2 for 4. divisjon 2015. Desse laga blir motstanderar i 2015: Dokka, Gran, Lunner, Løten, Nordre Land, Ridabu, Stange, Søndre Land, Toten, Varde og Vind.
Opprykk
PUBLISERT 30.10.2014
FK Vang har fått tilbud om å rykke opp i 4. divisjon i sesongen 2015. Klubben vart som kjent nr. 2 i si avdeling i 5. divisjon, men var klart best av dei nest beste laga i dei 7 avdelingane i 5. divisjon og fekk difor tilbudet fyrst. FK Vang bestemte i kveld at dei vil prøve seg i 4. divisjon i 2015, om spelarstall og alt rundt blir som me håpar.