Vest Torpa - FK Vang: 2-3 (1-2)
PUBLISERT 10. september 2022
Lundemoen grasbane lørdag 10. september kl. 13.00
Dommer: Frank Evertsen
Speaker: Ja
Publikum: 67 stk. Ole Andreas har full kontroll på telling, 5 frå
Vang
Andris Løken Helle vart desverre skadet tidlig i kampen, og
måtte ta turen til Gjøvik i ambulanse. Laget spilte for Andris
resten av kampen og klarte fortjent 3 poeng mot ein motstander som
er tøffe og møte i Torpa.
Andris fekk ei kneskade, men etter rapporten fra han selv fra
sykehuset høres det ut som det har gått rimelig bra selv om kneet
var ute av ledd.
Andris fortjener virkelig bilde på nettsida etter denne
kampen.
Kampen startet bra for FK Vang sin del, gjestene fekk frispark
etter minuttet og kampuret viste kun 1 min og 45 sekund når Åsmund
Bakkene slo frisparket via ein Torping og i mål. Tobias Kassel får
assisten på scoringa i og med at han vart felt.
Kampen bølga litt etter dette med sjanser begge veger, vi gav
også bort noen enkle baller i pressede situasjonen i vårt bakre
ledd.
Skada til Andris kom ette ca. 15 minutte, det var ingen takkling,
men han landa litt uheldig etter opphoppet på
ei hedding. Det tok kanskje 10 minutt før kampen var
igang at og Adrian Grzebieniak kom inn på backplass og Marcus
Hermundstad tok plassen til Andris.
Neste mål til FK Vang var dagens fineste angrep som starta heilt
frå keeper, det er til slutt Piotrek Waclawski som har assisten til
Tobias Kassel som scorer sikkert etter 26 minutt. FK Vang er
rimelig gode etter dette, men på overtid kjem reduseringa
etter at vi ikkje får avklara.
I pausa er laget fast bestemt på at denne kampen skal me vinne for
Andris, og slik blir det heldigvis.
Laget er bra etter pause, men er med på mykje lange baller som er
angrepsvåpen nummer 1 til Vest Torpa.
Det blir ikkje dei store sjansene til noen av lagene før FK Vang
scorer igjen 21 minutt ut i omgangen. Tobias Kassel har denne
gongen assisten og Piotr Waclawski scorer sikkert.
Vest Torpa har ei hedding i stanga, men utover det er dei ikkje
veldig farlige.
Men som seg hør og bør gjer me bort at ei gåvepakke som fører
heimelaget inn i kampen igjen etter 76 minutt.
Så mykje meir skjer det ikkje etter dette og FK Vang vinn fortjent
i Torpa.
Eg fekk også ei melding fra Vest Torpa sin kaptein ved heimkomst
til Vang, der han lurte på tilstanden til Andris og med
helsing frå Vest Torpa til Andris om god bedring etter
uhellet.
Fin gest frå ein sympatisk kaptein på heimelaget.
Laget: Kjell Magne, Marcus, Andris, Kasper, Olav, Even, Kim,
Åsmund, Jan Magne, Piotrek, Tobias, Adrian, Sebastian og Ole
Andreas.
Alle fekk speletid i dag, ungutane Adrian, Even og Sebastian får
meir en godkjent. Bra med rekruttering, 15.
åringen Sebastian Kvale med god deby på A-laget i
dag.
Stjerner i dagens kamp vart: Tobaias Kassel og Kasper Kjeldsen på
øverste platå på pallen, Piotrek Waclawski på sølvplass og
Marcus Hermundstad og Åsmund Bakkene deler 3. platået på
pallen.
Moro att Marius Helgå var på besøk i Torpa.
Han er vel den personen i Norge som har besøkt flest
fotballarenaer.
Marius har lagt filmer og klipp ut på Twitter:
bomball.blogspot.com/2022/09/vest-torpa-fk-vang-2-3.html?fbclid=IwAR1Z1LIsruUmktgbCWg6D8One-FrjtK13Z74uo72w9ON3TxayhfpqE
Fotballfest FK Vang 2022
PUBLISERT 30.10.2022
Klubbhuset på Tveit Stadion laurdag 29.10.2022 Tobias Kassel, årets spelar, toppscrar og assistkonge FK Vang A-lag sesongen 2022! Slå den!
Nye karer i stallen
PUBLISERT 29.09.2022
Kristian Thunshelle, Gard Berge Kvien, Sebastian Kvale og Eskil Kjøs ønskes velkomne i stallen til A-laget. Alle fra Vang og alle har også gått gradene i FK Vang.
FK Vang - Bagn: 1-2 (1-1)
PUBLISERT 17.09.2022
Tveit stadion kunstgras, lørdag 17. september kl. 15.00. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Kampvert: Kjell Otto Framstad. Publikum: 74 stk. Bagn drog det lengste strået i dag og fikk med seg 3 poeng i ei jamn batalje på Tveit stadion. Heimelaget var svekka etter skada til Andris og forfall frå brødrene Bakkene, Kasper, Marcus samt att Piotrek måtte ut etter kun 10 minutt med ei skade i leggen. FK Vang starta bra med frisparket frå Åsmund Lindvik Råbøl som går inn via Bagn sin keeper, dette skjer etter 1. minutt. Bagn scora sine 2 mål i slutten, etter at FK Vang har nokre megasjanser. Hallgrim Rogn som ikkje har spelt aktivt på fleire år, blir dagens FK Vang mann med god margin.
Øystre Slidre/Rogne - FK Vang: 1-1 (0-0)
PUBLISERT 01.09.2022
Rogne stadion kunstgras, torsdag 1. september kl. 19.30. Dommer: Morten Huset, Aurdal Leira IL. Speaker: Nei. Publikum: 51 stk. ved kampstart, Ole Andreas telte. Totalt ca 70 stk litt ut i kampen. Avisa Valdres: Nei, sparer garantert mykje drivstoff ved å holde seg i Fagernesområdet! FK Vang var det klart beste laget før pause og Øystre Slidre best etter hvilen. Poengdeling i ein tempofylt kamp på Rogne stadion i kveld, der begge laga slo mykje langt etter pause. Gjestene mangla desverre nokre spelara i kveldens kamp, men guttene som fekk innhopp gjorde sine saker bra.