FK Vang - Biri: 0-1 (0-1)

PUBLISERT 1. september 2018
Tveit stadion kunstgras laurdag 1 sept. kl. 15.00.
Dommar: Samir Krndzija.
Speaker: Nei.
Publikum: ca. 30 stk.
Serieleder Biri var meget heldige som fekk med seg 3 poeng i
dagens batalje på Tveit.
Heimelaget var det beste laget fyrste omgangen men klarte ikkje å
omseta sjansene i mål bak ein god sisteskanse hos Biri.
Andre omgang var det stillingskrig og lite sjanser, Biri låg djupt
med laget etter utvisninga dei fekk 25 minutt før slutt. FK Vang
burde ha utnytta den situasjonen bedre, me stanga og stanga men
klarte ikkje å få ballen i nota.
Heimelaget kjører kampen i starten og er etter mitt syn meget
gode. 6 cornera og 3-4 sjanser er meget bra. Ballen vil desverre
ikkje inn og då går det som det ofte gjer i slike kampar. Biri
skapar ingen ting før i det 32. minutt, då dei får ein corner.
Klabb og babb etter corneren fører til mål, ballen går via ein
av våre og selvfølgelig i mål. 0-1 føles meget ufortjent i
pausa, men måla brukar å koma om FK Vang fortsett det gode
spelet.
I andre omgangen blir det stillingskrig utan dei heilt store
sjansene, avsluttningane våre går rett på ein som sagt god Biri
keeper og overgangane til Biri blir enten sløsa bort eller
redda av vårt forsvar eller keeper.
Når Biri får ein mann utvist etter 65. minutt etter sitt andre
gule bør heimelaget klare å utnytte det bedre.
Biri ligg med to solide forsvarsfirere og gjer det vanskelig for
oss, siste minutta kjører me med 3 på topp men det vil seg
ikkje.
Me gratulerer Biri med 3 poeng og
seriemesterskapet, kjennsgjerninga er at FK Vang har vore fult
på høgde med dette laget både på Biri og heime.
Laget: Knut Ole, Hadgu, Ola, Mats, Christian, Jan Magne, Åsmund,
Kasper, Eivind, Vegard, Benjamin og Rokas.
Mats Veisene vart kåra til FK Vang sin beste, Mats har fart og tæl
og ryddar opp i stor stil. Makker Ola Hilmen Hovi i
midtforsvaret blir kåra til sølvplassen og Jan Magne Almenning kjem
på tredjeplassen. Stjerner over heile fjøla tyder på god kamp
frå heimelaget, Kasper, Åsmund og Hadgu er alle like bak
topptrioen.
Nå ventar Skreia på Skreia neste fredag kveld, dette blir også ei
tøff batalje men moro skal det bli.
Refs til 2-er og 3-er laga i avdelinga vår som ikkje maktar å
stille lag på bortebane. Slidre/Røn skulle ha Gjøvik Lyn 3
forrige helg og Raufoss 3 denne helga, ingen av laga møtte.
Eg trur at kretsen bør seta opp ei eige avdeling for
desse 2-er og 3-er laga, slik det er no er ikkje dette
seriøst.
Biri, Skreia, FK Vang, Vest Torpa og Slidre/Røn er alle lag
som tek dette på alvor i vår avdeling, det er ikkje moro når 2-er
og 3-er laga til stadighet ikkje stiller opp på
bortebane.
Beitostølen Cup 2019
PUBLISERT 19.01.2019
FK Vang presterte rimelig bra, men gikk ut etter innledende runde på fredag 18 januar. Kun vinneren gikk videre i vår pulje som besto av 4 lag. Vi møtte Land Turtles (Dokka Sport) i første kamp, denne ble rimelig jamn og endte 2-2. Vi burde ha avgjort denne kampen, med store muligheter på slutten. Valdres FK junior var motstander i kamp nummer 2, juniorene ble litt for lette og måtte plukke seks baller ut fra nettmaskene. Siste kamp ble avgjørende, Slidre/Røn mot FK Vang, begge med like mange poeng, Slidringene med litt bedre målscore.
Årets spelar 2018
PUBLISERT 25.11.2018
Ola Hilmen Hovi vart kåra til årets spelar i FK Vang. Vegard Kjøs Egge fekk toppscorarprisen, han vart også assistkongen sammen med Åsmund Bakkene. Mats og Ola ordna eit bra opplegg for avsluttninga av årets sesong. Me starta på Peppes på Beitostølen med god mat og drikke, premieutdeliga gjekk føre seg i El-Fag sine lokaler. Festen varte ut i de små timer vil jeg tro, håper formen på gjengen er like fin i dag.
Slidre/Røn - FK Vang: 1-2 (0-0)
PUBLISERT 29.09.2018
Røn stadion laurdag 29.09.2018 kl. 13.00. Dommar: Jan Erik Haugom. Speaker: Nei. Publikum: 50 stk. Spennende kamp fra start til slutt, slik det bruker og slik det skal være i nabo-oppgjer. Herlig med seier på overtid som også medfører at vi er poenget foran Slidre/Røn på tabellen. FK Vang er dermed det beste A-laget i Valdres med kun Valdres-spillere i stallen denne sesongen. Heimelaget var best før pause, men gjestene sto godt i mot og brukte denne omgangen til å bli venn med den sleipe grasbanen i Røn. Benjamin Vidme Skattebo ordnet 0-1 etter ca 15 minutt i andre omgang og Thomas Hilmen fekk tåa på ballen 2 minutt på overtid.
Skreia - FK Vang 2-2(1-1)
PUBLISERT 08.09.2018
Skreia ipl kunstgress fredag 7. september kl.20.00. Dommer: Jan Erik Bjørnstad. Assistentar: Tom Erik Kristiansen og Nils Røli. Publikum: ca. 40 stk. Rett og slett ein framifrå god og spennende kamp på Skreia i kveld. Resultatet vart 2-2, men FK Vang føler seg snytt for seieren etter ei tvilsom anulering i det 89. minutt. Skreia går opp i 2-1 i det 85. minutt, etter ein feil i vårt forsvar. FK Vang utligner 1 minutt før full tid, men som beskrevet blir målet tvilsomt anulert. Jeg tror dette tenner oss veldig, vi vil ikkje tape dette jamne oppgjeret. To minutt ut i tilleggstida kjem scoringa etter at Åsmund sler perfekt inn til Vegard som heddar ballen i nettmaskene med stor kraft.