Lillehammer 2 - FK Vang: 3-4 (1-2)
PUBLISERT 17. september 2017
Stampesletta kunstgras søndag 17 september kl. 15.00.
Dommar: Terje Klungsøyr.
Assistentar: Roar Steinslien og Ole Lagesen.
Dommerveileder: Lene Vollan, Lillehammer KFK?
Pulikum: ca 20 stk
Herlig med tre poeng med på heimturen over Torpaåsen i
kveldinga.
Kampen var spennande og jamn frå start til slutt, gjestene scora
fire mål på burtebane og det var nok til at Lillehammer 2 fekk bank
på Stampesletta.
Heile kampen vart filma på meget proff måte av film og regi
studentar på høgskula i OL byen, FK Vang får kanskje filmen
tilsendt um skuleleiinga tillet det.
FK Vang har nå hausta like mange poeng på burtebane som på
heimebane på Tveit i år.
Kampen starta bra for FK Vang som gjekk opp i leiing etter kun 5
minutt, Vegard Kjøs Egge vant ein duell med hodet og Åsmund Bakkene
omsette denne rett i nota. Stillinga sto seg til nesten halvtimen
då Lillehammer kom forbi på venstrevingen og innlegget vart sklidd
inn, dermed var me like langt. Kampen bølga fram og tilbake og
heimelaget hadde fleire gode cornera i perioda som vart avverga av
eit godt kjempande gjestelag.
Sju minutt før pause scorar Mats Veisene sitt fyrste mål for
klubben på nydeleg vis, dette etter eit gjennomspel frå Åsmund
Bakkene.
Pausa kjem og Valdreslaget er godt nøgd med leiing og uttelling på
sjansene sine, me har også fokus på ein god start dei siste 45
minutta.
Dommaren bles kampen igang og det går vel kun 1 minutt før
Lillehammer sin unge og meget gode venstreving kjem rundt og får
slått innlegg som endar i scoring. Passivitet frå FK Vang
fører til denne sjansa og scoringa. Ein skikkelig kalddusj får me
etter kvarteret ut i andre omgangen når heimelaget går opp i
leiing 3-2, same venstrevingen går innover og set ballen over
Jarle i gjesteburet.
FK Vang justerar litt på laget og halvvegs i omgangen scorar
Åsmund Bakkene sitt andre mål i kampen på nydelig vis då
han lurer forsvararen til heimelaget trill rundt og set ballen
utagbart forbi keeperen. Magnus Kjøs hadde assisten på denne
scoringa, assist nummer to frå Magnus kjem 8 minutt seinare når han
spelar fram Vegard kjøs Egge som scorar vinnarmålet i kampen.
Gjestene står godt i mot siste kvarteret, all ære til dei
12 Valdresane som stilte opp denne kampen. Mange takk til
Henrik Gjestvang som er med for andre gong i år, og seier
vart det Henrik, som bestilt.
Laget sto virkeleg på i dag, ei stor stjerne til alle
12.
Dagens menn for FK Vang vart Åsmund Bakkene og Vegard Kjøs Egge,
desse gutane sto for tre av måla og to av assistane. Henrik
Gjestvang og Jarle Haugrud fekk sølvplassen og Magnus Kjøs vart
kåra til nummer tre.
Laget: Jarle, Magnus, Ola, Kasper, Mats, Jan Magne, Henrik,
Sander, Åsmund, Vemund, Vegard og Tore.
Trening i veka som kjem: tysdag og fredag kl. 19.30
Vemund Syversrud (1)
PUBLISERT 20.01.2018
Årets spelar i FK Vang! Spelarane sjølve gjer poeng etter kvar seriekamp og poengfangsten tilslutt kårar årets spelar. Nykommaren Vemund Syversrud vant fortjent prisen for 2017, men hadde sterk konkuranse av Åsmund Bakkene og Kasper Kjeldsen. Vemund 104 poeng, Åsmund 101 og Kasper 99, desse tre var i ei særklasse. Toppscorarstatuetten fekk Åsmund Bakkene med sine 8 mål.
God jul og Godt Nytt År
PUBLISERT 24.12.2017
FK Vang takker alle for fotballåret som er gått, og ønsker ett nytt velkommen! A-laget har valgt å spille i 6. divisjon kommende år. Hvorfor vi velger dette er: Mange nye spillere, lange reiser, lang sesong og rett og slett tidsbruken på hobbyen. Vi har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Utsalg 29, 30 og 31 desember kl. 10.00 - 15.00.
FK Vang - Dombås: 1-3 (1-2)
PUBLISERT 22.10.2017
Tveit stadion kunstgras søndag 22 oktober kl.15.00. Dommar: Tommy Frydenlund. Assistentar: Vidar Hilmen og Knut Anders Saglien. Speaker: Ordfører Eltun. Publikum: ca 20 stk. Avisa Valdres avslutta sesongen forrige helg for FK Vang, men Valdres laget hadde Dombås på besøk i dag i siste serierunde. Kampen var jamn frå start til slutt, men gjestene scora tre mål mot FK Vang sitt eine. FK Vang hadde tre avsluttningar i metallet, to av dei nær krysset. Tur og utur brukar å jamne seg ut i løpet av sesongen, men FK Vang har hatt mykje uttur i år. Heldigvis blir FK Vang nummer 9 på tabellen med god margin, lag nummer 10 Lunner rykker ned til 6.div.
Reinsvoll - FK Vang: 5-1 (4-1)
PUBLISERT 14.10.2017
Reinvsoll stadion 14.10 kl. 14.00. Dommar: Alier Ajak Wuol. Assistentar: Jan Erik Haugom og Ole Anders Ørbekk. Publikum: Jamn og tett start. Reinsvoll presser hardt i starten, men det FK Vang som går opp til leiing 0-1. Henrik Gjestvang sler fin ball frå høgre, Vegard Kjøs Egge er oppe med pannebrasken og set ballen fint til side for Reinsvoll sin keeper. Meget bra start av Valdreslaget men så kjem det ei dårlig periode siste 10 minutta før pause og vertene er oppe i 4-1 før dommaren bles inn til halvtid.