Slidre/Røn - FK Vang: 4-2 (3-2)

PUBLISERT 16. september 2023
Røn stadion lørdag 16.september kl. 15.00.
Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL.
Publikum: 50 stk.
Slidre/Røn hadde mobilisert til dagens kamp og vant
fortjent.
FK Vang hadde kun 2 stk på benken og det vart tungt utover i
kampen på ein blaut grasbane i Røn.
Slidre/Røn kjempa best og fekk sin fyrste seier for sesongen, FK
Vang er ute av seriemestertittelen etter tapet i dag.
Tobias Kassel scora eit fint mål etter kun 2 minutt, assisten fekk
han frå Magnus Bruskerud.
Leiinga hadde gjestene kun i 2 minutt då Slidre/Røn alt for enkelt
fekk stå fritt i feltet og det sto 1-1 på blokka etter ei halvvegs
brasse.
I det 12 minutt fekk vertene igjen alt for enkelt si andre
scoring, dette etter ein låg passning inn i midtfeltet som vår
keeper er på men som blir krangla inn.
Stillingskrig etter dette, men det skjer ikkje det heilt store før
Kasper Kjeldsen får ein retur frå forsvaret som han knaller inn i
nettet bak Slidre/Røn sin gode keeper.
Så kjem scoringa som kanskje avgjer kampen, heilt på tampen av
omgangen etter ein corner scorar Slidre/Røn sitt finaste mål.
Dårlig markering frå oss på bakre gjer at Slidre/Røn sin spelar kan
hedde inn frå meget skrå vinkel. Dette var tungt å svelge like før
dommaren bles for halv tid.
I pausa har laget absolutt trua, men eg synest fleire ser slitne
ut utover etter pause. Slidre/Røn har full benk og innbytta svekker
ikkje laget utover i kampen, heller tvert i mot.
FK Vang har ei kjempesjanse 20 minutt ut i omgangen, Even Neshagen
har ei avluttning i krysstolpane som går i feltet igjen og blir
satt utanfor på åpent mål.
24 minutt ut i andre omgang kjem siste målet i kampen og det er
vertene som igjen scorer etter corner.
Christian Brenden er kommet inn i mål i andre omgang og reddar oss
frå fleire mål i mot denne omgangen, han blir dagens mann etter kun
å ha spilt andre omgang.
Haakon Wahlquist blir kåra til nummer to etter gode prestasjoner i
midtforsvaret. Magnus Bruskerud kjem også på pallen poenget bak
Haakon.
Alt i alt ein kamp der eg viste det kom til å bli tøft pga
forfalla før kampen, synd det er slik når me kunne ha vore med
heilt inn også denne sesongen.
Laget: Kjell Magne, Haakon, Markus, Olav, Magnus, Jan Magne, Kim,
Kasper, Emran, Even, Tobias, Christian og Kabid.
Takk til vårt trofaste publikum som eg håper ikkje mister trua på
oss.
Vi skal reise kjerringa i siste kampen på Tveit i haust.
Fredag 29. september kl. 20.00 kjem Bagn til Tveit for
serieavsluttning.
Avsluttning 2023
PUBLISERT 04.11.2023
Tveit stadion klubbhus laurdag 4. november 2023. Ein del av dei 30 spelarane som hadde speletid for FK Vang i 2023 møtte opp og hadde ei fin stund på klubbhuset. Man U og Man City vant begge sine kamper som gjekk på 65 tommer storskjerm lånt fra Monter på Kvismoen. Tobias Kassel vant suverent tittelen årets spelar, foran Kasper Kjeldsen og Markus Kjensrud. Tobias fekk også premie som assistkongen 2023. Evene Neshagen fekk toppscorarpokalen og Åsmund Bakkene fekk premie for årets mål
FK Vang - Bagn/Valdres2: 1-0 (1-0)
PUBLISERT 29.09.2023
Tveit stadion kunstgras fredag 29.9 kl. 20.00. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Ass.dommer1: Nils Jørgen Forreløkken, Øystre Slidre IL. Ass.dommer2: Niklas Lund Ulfstedt, Øystre Slidre IL. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Kampvert: Kai Rune Hemsing. Publikum: ca 60 stk ifølge kampvert. Herlig med seier mot eit godt kjempende Bagn/Valdres FK2 i flomlyset på Tveit stadion i kveld. FK Vang var meget gode før pause, tempoet var stort og passningane og bevegelsen var prima. Even Neshagen får bra treff etter ein retur frå forsvaret og fører FK Vang i ledelsen etter kun 7 minutt. Even som kun er 16. år blir toppscorer for FK Vang A-lag denne sesongen, med dette treffet og kampens einaste mål. Storvegs prestasjon av vårt unge talent.
Ø.Slidre/Rogne - FK Vang: 1-1 (1-0)
PUBLISERT 01.09.2023
Rogne stadion kunstgras fredag 1.september kl. 20.00. Dommer: Svenn Olav Fossholt, Hedalen IL. Ass.dommer 1: Morten Huset, Fagernes IL. Ass.dommer 2: Nils Jørgen Forreløkken, Ø.Slidre IL. Speaker: Nei. Publikum: ca. 40 stk. Spennende og intenst oppgjør som flere tilskuere absolutt burde ha fått med seg. Kasper Kjeldsen kjemper ballen inn 7 minutter på overtid i kampen og ordner fortjent poengdeling for gjestene. Ø.Slidre sin scoring kom rett før pause. Alt i alt var dette rimelig rettferdig sjølv om FK Vang fort kunne avgjort kampen til sin fordel på slutten.
Bagn - FK Vang: 3-2 (0-1)
PUBLISERT 25.08.2023
Fossevang Stadion Kunstgress 25.08.23 kl. 19.30. Dommer: Arvid Holmlund, Lunner FK. Speaker: Ja. Publikum: ca. 60 stk. FK Vang var det beste laget før pause og leda fortjent 0-1, men Begningene sto på i 90 minutt og drog det lengste strået 3 minutt før full tid. Kampen var jamn og intensiv og begge laga hadde gode perioder der motstanderen vart pressa. Målet før pause var av høg kvalitet, Eivind Bakkene er nettopp kommet inn då han kjem rundt på vår venstreside og sler nydelig inn til Tobias Kassel som set ballen kontant i nettmaskene.