Even Neshagen5 mål i 2023
Åsmund Bakkene4 mål i 2023
Kasper Kjeldsen3 mål i 2023
Ingen mål registrert
 

Ø.Slidre/Rogne - FK Vang: 1-1 (1-0)

PUBLISERT 1. september 2023

Rogne stadion kunstgras fredag 1. september kl. 20.00.
Dommer: Svenn Olav Fossholt, Hedalen IL.
Ass.dommer 1: Morten Huset, Fagernes IL.
Ass.dommer 2: Nils Jørgen Forreløkken, Ø.Slidre IL.
Speaker: Nei.
Publikum: ca. 40 stk.

Spennende og intenst oppgjør som fleire tilskuere absolutt burde ha fått med seg.
Kasper Kjeldsen kjemper ballen inn 7 minutter på overtid i kampen og ordner fortjent poengdeling for gjestene.
Ø.Slidre si scoring kom rett før pause.
Alt i alt var dette rimelig rettferdig sjølv om FK Vang fort kunne avgjort kampen til sin fordel på slutten.

Gjestene reiste til Rogne med 14 mann i kveld, Åsmund Bakkene meldte forfall rett før kampstart pga jobb. Alle 14 som var med fekk speletid og bidrog sterkt til poenget gjestene fekk med seg. FK Vang har møtt Ø.Slidre to gonger på Rogne stadion denne sesongen og fått med seg 4 poeng frå desse oppgjera.

Storvegs med dommertrio denne kampen, dommerprestasjonen bør ingen av laga ha noko å utseta på. Godt jobba av dei svartkledde!

Kampen starta bra av FK Vang og laget fungerte rimeleg bra, sjølv om det var fleire endringer frå start. Gjestene skapte noen halvsjanser før pause og hadde fleire cornera som ikkje lykkast.
Ø.Slidre hadde vel kun den sjansa dei scora på før pause, så følelsen til andre omgang var positiv.

Andre omgangen vart meir stillingskrig og det var sjanser til begge lag, FK Vang hadde sine største sjanser og mange cornera og pressa på både for utligning og for å avgjera kampen i sluttminutta. Som sagt var det Kasper Kjeldsen som putta målet, Eivind Bakkene har assisten. 
Det var ei stor glede i laget etter utligninga og fint at FK Vang fortsatt er med i sluttspurten av årets sesong. 

Laget: Kjell Magne, Magnus, Kasper, Markus, Olav, Emran, Tobias, Kim, Eivind, Jan Magne, Even, Kai Arne, Haakon og Christian.

Dagens mann i FK Vang vart Kasper Kjeldsen med god margin, godt å ha Kasper på plass igjen! Han tetta bakover og scora eit viktigt mål.
Nummer to i kåringa vart Tobias Kassel og tredjeplassen gikk til Olav Almenning.
Ellers framifrå innsats frå alle 14.

Trening i komande veke er måndag kl. 19.30.     

  

FK Vang - Vest Torpa: 0-1 (0-0)

PUBLISERT 25.02.2024

Valdres Storhall laurdag 24.februar 2024 kl. 14.00. Dommar: Morten Huset, Aurdal Leira IL. Fint å koma igang med årets fyrste treningskamp. Vest Torpa har ønsker om å være med i toppen i si avdeling i 6. divisjon og er slik sett ein fin motstander for oss som er med i Valdresavdelinga i 6. div. FK Vang spelar ein god kamp og kan fort vinne kampen med fleire mål om dei gedigne sjansene blir putta.

Les meir »

Avsluttning 2023

PUBLISERT 04.11.2023

Tveit stadion klubbhus laurdag 4. november 2023. Ein del av dei 30 spelarane som hadde speletid for FK Vang i 2023 møtte opp og hadde ei fin stund på klubbhuset. Man U og Man City vant begge sine kamper som gjekk på 65 tommer storskjerm lånt fra Monter på Kvismoen. Tobias Kassel vant suverent tittelen årets spelar, foran Kasper Kjeldsen og Markus Kjensrud. Tobias fekk også premie som assistkongen 2023. Evene Neshagen fekk toppscorarpokalen og Åsmund Bakkene fekk premie for årets mål

Les meir »

FK Vang - Bagn/Valdres2: 1-0 (1-0)

PUBLISERT 29.09.2023

Tveit stadion kunstgras fredag 29.9 kl. 20.00. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Ass.dommer1: Nils Jørgen Forreløkken, Øystre Slidre IL. Ass.dommer2: Niklas Lund Ulfstedt, Øystre Slidre IL. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Kampvert: Kai Rune Hemsing. Publikum: ca 60 stk ifølge kampvert. Herlig med seier mot eit godt kjempende Bagn/Valdres FK2 i flomlyset på Tveit stadion i kveld. FK Vang var meget gode før pause, tempoet var stort og passningane og bevegelsen var prima. Even Neshagen får bra treff etter ein retur frå forsvaret og fører FK Vang i ledelsen etter kun 7 minutt. Even som kun er 16. år blir toppscorer for FK Vang A-lag denne sesongen, med dette treffet og kampens einaste mål. Storvegs prestasjon av vårt unge talent.

Les meir »

Slidre/Røn - FK Vang: 4-2 (3-2)

PUBLISERT 16.09.2023

Røn stadion lørdag 16.september kl. 15.00. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Publikum: 50 stk. Slidre/Røn hadde mobilisert til dagens kamp og vant fortjent. FK Vang hadde kun 2 stk på benken og det vart tungt utover i kampen på ein blaut grasbane i Røn. Slidre/Røn kjempa best og fekk sin fyrste seier for sesongen, FK Vang er dessverre ute av seriemestertittelen etter tapet i dag. Tobias Kassel scora kampens fyrste mål etter 2 minutt, men Slidre/Røn kvitterte kun minutter seinare.

Les meir »