Even Neshagen5 mål i 2023
Åsmund Bakkene4 mål i 2023
Kasper Kjeldsen3 mål i 2023
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Vest Torpa: 0-1 (0-0)

PUBLISERT 25. februar 2024

Fint å koma igang med årets fyrste treningskamp.

Vest Torpa har ønsker om å være med i toppen i si avdeling i 6. divisjon og er slik sett ein fin motstander for oss som er med i Valdresavdelinga i 6. div.

FK Vang spelar ein god kamp og kan fort vinne kampen med fleire mål om dei gedigne sjansene blir putta. 

Øystre Slidre, Bagn, Slidre/Røn og Valdres FK2 blir våre motstandere også denne sesongen, i trippel serie.

Kampen starter med  stillingskrig dei fyrste minutta, men FK Vang tek rimelig fort styringa.
Gutane presterer meget godt og er det klart beste laget resten av omgangen. 6 gode målsjanser og 8 cornera seier sitt. Avsluttnigane går rett på keeper, i stolpen eller rett utanfor, så dette må trenast på.
Unggutane i stallen Sebastian, Adrian og Audun syner seg fram og det blir moro å fylgje dei framover. Sebastian er heilt konge denne omgangen.   

Andre omgang starter like bra for oss, og det er eit lite under at me ikkje får ballen i nettmaskene også denne omgangen.
Halvvegs blir desverre Tobias skada etter ei stygg takling, direkte raudt kort til Torpingen og kampen blir stoppa i påvente av helsepersonell. Skada til Tobias er litt uviss ennå, men røngten viste heldigvis ingen brudd.
Tobias er forøvrig banens beste så langt, me ynskjer han god bedring og håpar skaden leges rimelig fort. 
FK Vang er nok litt påvirka etter denne hendelsen og Vest Torpa scorer på ei av sine to sjanser denne omgangen 10 minutt før slutt.

FK Vang kan være godt tilfreds med det som blir prestert denne kampen, fart og tæl er det i gjengen. Måla mangler, men dei kjem når sesongen er der.

Laget: Christian, Olav, Markus, Kasper, Sebastian, Jan Magne, Kim, Tobias, Adrian, Håvard, Audun, Ole Eirik og Halvor
Stor takk til Hedølen Halvor for minutta han fekk på banen for oss.

Avsluttning 2023

PUBLISERT 04.11.2023

Tveit stadion klubbhus laurdag 4. november 2023. Ein del av dei 30 spelarane som hadde speletid for FK Vang i 2023 møtte opp og hadde ei fin stund på klubbhuset. Man U og Man City vant begge sine kamper som gjekk på 65 tommer storskjerm lånt fra Monter på Kvismoen. Tobias Kassel vant suverent tittelen årets spelar, foran Kasper Kjeldsen og Markus Kjensrud. Tobias fekk også premie som assistkongen 2023. Evene Neshagen fekk toppscorarpokalen og Åsmund Bakkene fekk premie for årets mål

Les meir »

FK Vang - Bagn/Valdres2: 1-0 (1-0)

PUBLISERT 29.09.2023

Tveit stadion kunstgras fredag 29.9 kl. 20.00. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Ass.dommer1: Nils Jørgen Forreløkken, Øystre Slidre IL. Ass.dommer2: Niklas Lund Ulfstedt, Øystre Slidre IL. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Kampvert: Kai Rune Hemsing. Publikum: ca 60 stk ifølge kampvert. Herlig med seier mot eit godt kjempende Bagn/Valdres FK2 i flomlyset på Tveit stadion i kveld. FK Vang var meget gode før pause, tempoet var stort og passningane og bevegelsen var prima. Even Neshagen får bra treff etter ein retur frå forsvaret og fører FK Vang i ledelsen etter kun 7 minutt. Even som kun er 16. år blir toppscorer for FK Vang A-lag denne sesongen, med dette treffet og kampens einaste mål. Storvegs prestasjon av vårt unge talent.

Les meir »

Slidre/Røn - FK Vang: 4-2 (3-2)

PUBLISERT 16.09.2023

Røn stadion lørdag 16.september kl. 15.00. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Publikum: 50 stk. Slidre/Røn hadde mobilisert til dagens kamp og vant fortjent. FK Vang hadde kun 2 stk på benken og det vart tungt utover i kampen på ein blaut grasbane i Røn. Slidre/Røn kjempa best og fekk sin fyrste seier for sesongen, FK Vang er dessverre ute av seriemestertittelen etter tapet i dag. Tobias Kassel scora kampens fyrste mål etter 2 minutt, men Slidre/Røn kvitterte kun minutter seinare.

Les meir »

Ø.Slidre/Rogne - FK Vang: 1-1 (1-0)

PUBLISERT 01.09.2023

Rogne stadion kunstgras fredag 1.september kl. 20.00. Dommer: Svenn Olav Fossholt, Hedalen IL. Ass.dommer 1: Morten Huset, Fagernes IL. Ass.dommer 2: Nils Jørgen Forreløkken, Ø.Slidre IL. Speaker: Nei. Publikum: ca. 40 stk. Spennende og intenst oppgjør som flere tilskuere absolutt burde ha fått med seg. Kasper Kjeldsen kjemper ballen inn 7 minutter på overtid i kampen og ordner fortjent poengdeling for gjestene. Ø.Slidre sin scoring kom rett før pause. Alt i alt var dette rimelig rettferdig sjølv om FK Vang fort kunne avgjort kampen til sin fordel på slutten.

Les meir »