Even Neshagen5 mål i 2023
Åsmund Bakkene4 mål i 2023
Kasper Kjeldsen3 mål i 2023
Ingen mål registrert
 

Hedalen - FK Vang: 0-3 (0-0)

PUBLISERT 16. juni 2023

Hedalen stadion fredag 16. juni kl. 19.00.
Dommar: Frank Evertsen, Ø.Slidre IL.
Speaker: Ja. 
Publikum: ca 50 stk.

Hedalen parkerte bussen, eller lå dypt med laget og beina unna alt som kom. Heimelaget hadde også dei 2 fyrste sjansene tidleg i kampen, men etter det var det stopp.
Andris Løken Helle var igjen uheldig og fekk kneet ut av ledd. ambulanse vart rekvirert frå Bagn, så ventetid vart det for Andris som vart frakta ut på sidelinja med store smerter. Kneet smatt heldigvis på plass att av seg sjølv når me skulle snu litt på han for at han skulle sjå på kampen der han låg. Mange takk for god hjelp frå Hedalen i situasjonen, og særleg Ola Jonny Fossholt. Alt dette skjedde før kampuret viste 10 minutt av kampen. 

Situasjonen med Andris såg ut til å prege FK Vang resten av omgangen, men me var det laget som skapte noko og 4 sjanser og 7 cornera er notert. Avsluttningane før pause var heller dårlige og vart klarert av keeperen eller gjekk utanfor mål.
Fint at Vemund Syversrud tok turen over til Hedalen frå Nesbyen denne kampen, han kom inn når Andris vart skada og var fult på høgde med det han var for oss for nokre sesongar sidan. Takker og bukker Vemund!

I pausa var me vel enige om at laget kunne vise seg frå ei bedre side, og slik gjekk det sjølv om fyrste målet ikkje kom før etter 37 minutt av omgangen. Før dette hadde FK Vang mange sjanser og cornera og størst sjanse var vel straffemissen 10 minutt ut i omgangen.
Gjesten trilla ball og var klart best, men måla sat langt inne før dagens mann Kasper Kjeldsen prikka inn leiing i det 80. minutt, Tobias Kassel har assisten. Samme Tobias har også assisten til mål nummer to som Jan Magne Almenning dundrar inn i nota.
Mål nummer tre kjem på overtid, Tobias blir felt på gjennomløp av bakerste mann som får sitt andre gule og dermed raudt kort. Ein annen Hedøl kjefter på seg direkte raudt i samme situasjon og som ikkje det er nok scorar den godeste Åsmund Bakkene på frisparket som går rett i maskene. Mykje og lære av den situasjonen, 2 raude kort og mål i mot svir.
  
FK Vang er ikkje heilt der me ynskjer, men vinn kampen klart og meget fortjent til slutt.
God bedring Andris, håper du snart er tilbake.

Laget:
Kjell Magne, Emran, Kasper, Markus, Olav, Jan Magne, Åsmund, Andris, Kabid, Tobias, Kai Arne, Vemund, Eivind og Sebastian  

Dagens mann vart Kasper Kjeldsen med god margin, Markus Kjensrud og Jan Magne Almenning deler andre plassen og Tobias Kassel og Åsmund Bakkene deler 3. plassen. 
  

FK Vang - Vest Torpa: 0-1 (0-0)

PUBLISERT 25.02.2024

Valdres Storhall laurdag 24.februar 2024 kl. 14.00. Dommar: Morten Huset, Aurdal Leira IL. Fint å koma igang med årets fyrste treningskamp. Vest Torpa har ønsker om å være med i toppen i si avdeling i 6. divisjon og er slik sett ein fin motstander for oss som er med i Valdresavdelinga i 6. div. FK Vang spelar ein god kamp og kan fort vinne kampen med fleire mål om dei gedigne sjansene blir putta.

Les meir »

Avsluttning 2023

PUBLISERT 04.11.2023

Tveit stadion klubbhus laurdag 4. november 2023. Ein del av dei 30 spelarane som hadde speletid for FK Vang i 2023 møtte opp og hadde ei fin stund på klubbhuset. Man U og Man City vant begge sine kamper som gjekk på 65 tommer storskjerm lånt fra Monter på Kvismoen. Tobias Kassel vant suverent tittelen årets spelar, foran Kasper Kjeldsen og Markus Kjensrud. Tobias fekk også premie som assistkongen 2023. Evene Neshagen fekk toppscorarpokalen og Åsmund Bakkene fekk premie for årets mål

Les meir »

FK Vang - Bagn/Valdres2: 1-0 (1-0)

PUBLISERT 29.09.2023

Tveit stadion kunstgras fredag 29.9 kl. 20.00. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Ass.dommer1: Nils Jørgen Forreløkken, Øystre Slidre IL. Ass.dommer2: Niklas Lund Ulfstedt, Øystre Slidre IL. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Kampvert: Kai Rune Hemsing. Publikum: ca 60 stk ifølge kampvert. Herlig med seier mot eit godt kjempende Bagn/Valdres FK2 i flomlyset på Tveit stadion i kveld. FK Vang var meget gode før pause, tempoet var stort og passningane og bevegelsen var prima. Even Neshagen får bra treff etter ein retur frå forsvaret og fører FK Vang i ledelsen etter kun 7 minutt. Even som kun er 16. år blir toppscorer for FK Vang A-lag denne sesongen, med dette treffet og kampens einaste mål. Storvegs prestasjon av vårt unge talent.

Les meir »

Slidre/Røn - FK Vang: 4-2 (3-2)

PUBLISERT 16.09.2023

Røn stadion lørdag 16.september kl. 15.00. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Publikum: 50 stk. Slidre/Røn hadde mobilisert til dagens kamp og vant fortjent. FK Vang hadde kun 2 stk på benken og det vart tungt utover i kampen på ein blaut grasbane i Røn. Slidre/Røn kjempa best og fekk sin fyrste seier for sesongen, FK Vang er dessverre ute av seriemestertittelen etter tapet i dag. Tobias Kassel scora kampens fyrste mål etter 2 minutt, men Slidre/Røn kvitterte kun minutter seinare.

Les meir »