Even Neshagen5 mål i 2023
Åsmund Bakkene4 mål i 2023
Kasper Kjeldsen3 mål i 2023
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Ø.Slidre/Rogne: 1-2 (0-2)

PUBLISERT 8. juni 2023

Tveit stadion kunstgras torsdag 8. juni kl. 19.30.
Dommar: Svenn Olav Fossholt, Hedalen IL.
Speaker: Ordfører Vidar Eltun.
Kampvert: Kjell Otto Framstad.
Publikum: ca.95 stk.

Ø.Slidre sto i mot i 2. omgang med 4 gule og eit raudt kort.
FK Vang hadde fleire kjempedsjanser, 3 vart redda på strek, 2 åleine mot keeper og eit skudd i stanga. makan til uflaks og udyktigheit er det heldigvis skjeldan me opplever, men dette vart ein slek kamp.

Kampen starta bra for FK Vang sin del og heimelaget var best dei fyrste 25. minutta. FK Vang er notert med 3 sjanser og 3 cornere før pause og Ø.Slidre er notert med 2 sjanser og 2 cornere, men gjestene leder kampen ufortjent med 2-0. Fyrste målet er straffe dei får idømt i det 38. minutt etter klabb og babb i feltet, andre scoringa kjem etter ein langlobb som går rett i nettet bak vår keeper.

Heimelaget justerer litt på laget etter pause og er det laget som er klart best heile omgangen. Målet kjem etter kun 1. minutt, det er Even Neshagen som sler inn kula frå vår høgreside og den ballen blir rota inn av Ø.Slidre sin eine midtstoppar. 
Heiimelaget er notert med 9 sjanser og 7 cornera og gjestene er notert med kun 2 sjanser etter pause.
Om FK Vang fortsett på måten dei har stått fram desse fyrste kampane i årets serie kan laget nå langt til slutt. 
Eg er stolt av det laget legg ned og skaper av sjanser, det skal egentlig ikkje være mulig å tape ein slik kamp. 

Markus Kjensrud blir dagens mann på FK Vang, vår nye mann gjer ingen feil og er ein bauta i forsvaret, vel fortjent Markus. Kasper Kjeldsen blir kåra som nummer to poenget bak Markus og Tobias Kassel får tredjeplassen poenget bak Kasper igjen. Det var med andre ord jamnt i toppen. Olav og Emran kjem også høgt i kåringa i kveld. 

Troppen var på 18 stk.:
Kjell Magne, Emran, Kasper, Markus, Olav, Jan Magne, Kim, Andris, Eivind, Even, Tobias, Kristian, Håvard, Piotrek, Kai Arne, Patrick, Sebastian og Kabid.
Alle fekk ikkje speletid desverre, men kamp om plassene lover godt framover.      

FK Vang - Vest Torpa: 0-1 (0-0)

PUBLISERT 25.02.2024

Valdres Storhall laurdag 24.februar 2024 kl. 14.00. Dommar: Morten Huset, Aurdal Leira IL. Fint å koma igang med årets fyrste treningskamp. Vest Torpa har ønsker om å være med i toppen i si avdeling i 6. divisjon og er slik sett ein fin motstander for oss som er med i Valdresavdelinga i 6. div. FK Vang spelar ein god kamp og kan fort vinne kampen med fleire mål om dei gedigne sjansene blir putta.

Les meir »

Avsluttning 2023

PUBLISERT 04.11.2023

Tveit stadion klubbhus laurdag 4. november 2023. Ein del av dei 30 spelarane som hadde speletid for FK Vang i 2023 møtte opp og hadde ei fin stund på klubbhuset. Man U og Man City vant begge sine kamper som gjekk på 65 tommer storskjerm lånt fra Monter på Kvismoen. Tobias Kassel vant suverent tittelen årets spelar, foran Kasper Kjeldsen og Markus Kjensrud. Tobias fekk også premie som assistkongen 2023. Evene Neshagen fekk toppscorarpokalen og Åsmund Bakkene fekk premie for årets mål

Les meir »

FK Vang - Bagn/Valdres2: 1-0 (1-0)

PUBLISERT 29.09.2023

Tveit stadion kunstgras fredag 29.9 kl. 20.00. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Ass.dommer1: Nils Jørgen Forreløkken, Øystre Slidre IL. Ass.dommer2: Niklas Lund Ulfstedt, Øystre Slidre IL. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Kampvert: Kai Rune Hemsing. Publikum: ca 60 stk ifølge kampvert. Herlig med seier mot eit godt kjempende Bagn/Valdres FK2 i flomlyset på Tveit stadion i kveld. FK Vang var meget gode før pause, tempoet var stort og passningane og bevegelsen var prima. Even Neshagen får bra treff etter ein retur frå forsvaret og fører FK Vang i ledelsen etter kun 7 minutt. Even som kun er 16. år blir toppscorer for FK Vang A-lag denne sesongen, med dette treffet og kampens einaste mål. Storvegs prestasjon av vårt unge talent.

Les meir »

Slidre/Røn - FK Vang: 4-2 (3-2)

PUBLISERT 16.09.2023

Røn stadion lørdag 16.september kl. 15.00. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Publikum: 50 stk. Slidre/Røn hadde mobilisert til dagens kamp og vant fortjent. FK Vang hadde kun 2 stk på benken og det vart tungt utover i kampen på ein blaut grasbane i Røn. Slidre/Røn kjempa best og fekk sin fyrste seier for sesongen, FK Vang er dessverre ute av seriemestertittelen etter tapet i dag. Tobias Kassel scora kampens fyrste mål etter 2 minutt, men Slidre/Røn kvitterte kun minutter seinare.

Les meir »