Bagn - FK Vang: 3-2 (0-1)

PUBLISERT 25. august 2023
Fossevang Stadion kunstgress 25.08.23 kl. 19.30.
Dommer: Arvid Holmlund, Lunner FK.
Speaker: Ja.
Publikum: ca. 60 stk.
FK Vang var det beste laget før pause og leda fortjent 0-1, men Begningene sto på i 90 minutt og drog det lengste strået 3 minutt før full tid.
Kampen var jamn og intensiv og begge laga hadde gode perioder
der motstanderen vart pressa.
Målet før pause var av høg kvalitet, Eivind Bakkene er nettopp
kommet inn då han kjem rundt på vår venstreside og sler ballen
nydeleg inn til Tobias Kassel som set ballen kontant i
nettmaskene.
FK Vang starta kampen bra, men vart nekta av eit godt Bagn
forsvar/keeper til å koma til dei store sjansene. Åsmund Bakkene
hadde eit godt frispark frå 25 meter som gjekk like til side for
målet. Målet vårt kom i det 38. minutt og følelsen av kampen var
god i pausa.
Andre omgang starta med stillingskrig, begge laga hadde sine
perioder men måla lot vente på seg. Bagn utligner etter eit
frispark som blir slått inn i feltet der ein begning kjem inn og
får lykketreff rett i nota, kampuret viser nå 71 minutt.
FK Vang går opp i ledelse igjen i det 74. minutt. Eivind Bakkene
kjem seg på finurlig vis igjennom på vår venstreside og heilt ned
til mållinja der han sler ballen inn i feltet, Kai Arne Kvale får
sitt fyrste mål i år når han finn åpningen til nettmaskene.
Like etter dette skal Tobias Kassel ha straffe, men dommeren som
stort sett held seg i midtsirkelen avfeier situasjonen. Tobias blir
klart felt og at det ikkje blir dømt straffe av Mr. Holmlund i
situasjonen er uforståelig.
Begge lag er påskrudd og skaper halvsjanser, men Bagn utligner
igjen etter gjennomløp i vårt forsvar, klokka viser nå 80
minutt.
Det er stort ønske i begge lag om å få den avgjerande scoringa.
Bagn dreg det lengste strået i kampen då dei etter klabb og babb i
vårt felt får ballen dømt inn og over målstreken til 3-2, og dette
tre minutt før full tid. Målet kan absolutt diskuterast då dommaren
utan linjemenn dømmer mål etter å stå 40 meter frå mållinja som
ballen muligens kryssar med små marginer.
Det blir 5. minutt tillegg og FK Vang har 2-3 cornera og fleire
store sjanser dennne perioda, men det blir Bagn som vinn kampen
etter god kjemping av begge lag.
FK Vang har 7 baklengs på våre to fyrste kampar i haust, fint at
Kasper Kjeldsen er med dei neste.
Kveldens mann på ein regntung bane vart fortjent Tobias Kassel.
Eivind Bakkene og Kai Arne Kvale deler andre plassen og Åsmund
Bakkene inntek podiet med tredjeplassen i kåringa.
Laget: Kjell Magne, Haakon, Emran, Christian, Markus, Olav, Jan
Magne, Kim, Åsmund, Magnus, Tobias, Even, Kai Arne og Eivind.
Neste kamp: Ø.Slidre, fredag 1. september kl. 20.00 på Rogne
stadion.
Trening mandag kl. 19.30.
Avsluttning 2023
PUBLISERT 04.11.2023
Tveit stadion klubbhus laurdag 4. november 2023. Ein del av dei 30 spelarane som hadde speletid for FK Vang i 2023 møtte opp og hadde ei fin stund på klubbhuset. Man U og Man City vant begge sine kamper som gjekk på 65 tommer storskjerm lånt fra Monter på Kvismoen. Tobias Kassel vant suverent tittelen årets spelar, foran Kasper Kjeldsen og Markus Kjensrud. Tobias fekk også premie som assistkongen 2023. Evene Neshagen fekk toppscorarpokalen og Åsmund Bakkene fekk premie for årets mål
FK Vang - Bagn/Valdres2: 1-0 (1-0)
PUBLISERT 29.09.2023
Tveit stadion kunstgras fredag 29.9 kl. 20.00. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Ass.dommer1: Nils Jørgen Forreløkken, Øystre Slidre IL. Ass.dommer2: Niklas Lund Ulfstedt, Øystre Slidre IL. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Kampvert: Kai Rune Hemsing. Publikum: ca 60 stk ifølge kampvert. Herlig med seier mot eit godt kjempende Bagn/Valdres FK2 i flomlyset på Tveit stadion i kveld. FK Vang var meget gode før pause, tempoet var stort og passningane og bevegelsen var prima. Even Neshagen får bra treff etter ein retur frå forsvaret og fører FK Vang i ledelsen etter kun 7 minutt. Even som kun er 16. år blir toppscorer for FK Vang A-lag denne sesongen, med dette treffet og kampens einaste mål. Storvegs prestasjon av vårt unge talent.
Slidre/Røn - FK Vang: 4-2 (3-2)
PUBLISERT 16.09.2023
Røn stadion lørdag 16.september kl. 15.00. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Publikum: 50 stk. Slidre/Røn hadde mobilisert til dagens kamp og vant fortjent. FK Vang hadde kun 2 stk på benken og det vart tungt utover i kampen på ein blaut grasbane i Røn. Slidre/Røn kjempa best og fekk sin fyrste seier for sesongen, FK Vang er dessverre ute av seriemestertittelen etter tapet i dag. Tobias Kassel scora kampens fyrste mål etter 2 minutt, men Slidre/Røn kvitterte kun minutter seinare.
Ø.Slidre/Rogne - FK Vang: 1-1 (1-0)
PUBLISERT 01.09.2023
Rogne stadion kunstgras fredag 1.september kl. 20.00. Dommer: Svenn Olav Fossholt, Hedalen IL. Ass.dommer 1: Morten Huset, Fagernes IL. Ass.dommer 2: Nils Jørgen Forreløkken, Ø.Slidre IL. Speaker: Nei. Publikum: ca. 40 stk. Spennende og intenst oppgjør som flere tilskuere absolutt burde ha fått med seg. Kasper Kjeldsen kjemper ballen inn 7 minutter på overtid i kampen og ordner fortjent poengdeling for gjestene. Ø.Slidre sin scoring kom rett før pause. Alt i alt var dette rimelig rettferdig sjølv om FK Vang fort kunne avgjort kampen til sin fordel på slutten.