Åsmund Bakkene8 mål i 2017
Morten Sønsteby7 mål i 2017
Kasper Kjeldsen2 mål i 2017
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Ringebu-Fåvang: 2-0 (2-0)

PUBLISERT 6. mai 2017

Tveit stadion kunstgras laurdag 6 mai kl. 15.00
Dommar: Egil Morten Løvli.
Assistentar: Vebjørn Engli og Knut Skåren Sørhusbakken.
Speaker: Ordfører Eltun.
Publikum: ca. 40 stk.

FK Vang hadde ein meget god fyrste omgang, laget presterte årsbeste denne omgangen og leia meget fortjent med 2 mål til pause. I andre omgang kom Gudbrandsdølene meir med i spelet, men skapte ikkje det heilt store. 

Årsbeste dei fyrste 45 minutta, ballen vart spelt og midtbanen fungerte optimalt.
Vemund Syversrud hadde ein fantastisk omgang, han måtte desverre ut i pausa og det bar laget preg av.

FK Vang fekk 3 cornera i starten, nesten mål på nr. 1, Magnus var kun millimeter frå nettkjenning. Corner nr.3 etter ca 5 minutt, perfekt slått av Kim Bøland og like perfekt hedda i mål av Vemund Syversrud.
Heimelaget var virkelig på hugget denne perioda og Vemund Syversrud har igjen ein flott assist til Morten Sønsteby som blir spelt igjennom og scorar meget fint til venstre for keeper ved stolperota. 2-0 etter 12 minutt og meir kunne det blitt, R-F hadde ikkje ei einaste sjanse denne omgangen.

I pausa vart det nokre endringar i laget og det vart meir stillingskrig dei siste 45 minutta. R-F hadde ballen meir og heimelaget vart springande litt meir i mellom dølene og kom ikkje fort nok oppi duellane.
Det vart ikkje skapt det heilt store denne omgangen, men Magnus redda heimelaget frå redusering heilt i sluttminutta.
Alt i alt ein meget bra seriestart av FK Vang, Søndre Land i Hov er neste duell fredag 12 mai.

Vemund Syversrud vart kåra til FK Vang sin beste spelar, Vegard Kjøs Egge er poenget bak og Thomas Hilmen poenget etter der igjen. Kim Bøland var også heilt oppe i denne trioen i kåringa. Eg vil også nevne unggutane Magnus Kjøs med sin mesterlige takkling som avverga redusering i sluttminutta og kantspelaren Jan Magne Almenning som viser kva som bur i han. 

Laget: Jarle, Anders, Kasper, Thomas, Magnus, Mats, Vemund, Kim B, Vegard, Eivind, Morten, Eirik, Sander og Jan Magne.

Trening tysdag kl. 19.30
  

Vemund Syversrud (1)

PUBLISERT 20.01.2018

Årets spelar i FK Vang! Spelarane sjølve gjer poeng etter kvar seriekamp og poengfangsten tilslutt kårar årets spelar. Nykommaren Vemund Syversrud vant fortjent prisen for 2017, men hadde sterk konkuranse av Åsmund Bakkene og Kasper Kjeldsen. Vemund 104 poeng, Åsmund 101 og Kasper 99, desse tre var i ei særklasse. Toppscorarstatuetten fekk Åsmund Bakkene med sine 8 mål.

Les meir »

God jul og Godt Nytt År

PUBLISERT 24.12.2017

FK Vang takker alle for fotballåret som er gått, og ønsker ett nytt velkommen! A-laget har valgt å spille i 6. divisjon kommende år. Hvorfor vi velger dette er: Mange nye spillere, lange reiser, lang sesong og rett og slett tidsbruken på hobbyen. Vi har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Utsalg 29, 30 og 31 desember kl. 10.00 - 15.00.

Les meir »

FK Vang - Dombås: 1-3 (1-2)

PUBLISERT 22.10.2017

Tveit stadion kunstgras søndag 22 oktober kl.15.00. Dommar: Tommy Frydenlund. Assistentar: Vidar Hilmen og Knut Anders Saglien. Speaker: Ordfører Eltun. Publikum: ca 20 stk. Avisa Valdres avslutta sesongen forrige helg for FK Vang, men Valdres laget hadde Dombås på besøk i dag i siste serierunde. Kampen var jamn frå start til slutt, men gjestene scora tre mål mot FK Vang sitt eine. FK Vang hadde tre avsluttningar i metallet, to av dei nær krysset. Tur og utur brukar å jamne seg ut i løpet av sesongen, men FK Vang har hatt mykje uttur i år. Heldigvis blir FK Vang nummer 9 på tabellen med god margin, lag nummer 10 Lunner rykker ned til 6.div.

Les meir »

Reinsvoll - FK Vang: 5-1 (4-1)

PUBLISERT 14.10.2017

Reinvsoll stadion 14.10 kl. 14.00. Dommar: Alier Ajak Wuol. Assistentar: Jan Erik Haugom og Ole Anders Ørbekk. Publikum: Jamn og tett start. Reinsvoll presser hardt i starten, men det FK Vang som går opp til leiing 0-1. Henrik Gjestvang sler fin ball frå høgre, Vegard Kjøs Egge er oppe med pannebrasken og set ballen fint til side for Reinsvoll sin keeper. Meget bra start av Valdreslaget men så kjem det ei dårlig periode siste 10 minutta før pause og vertene er oppe i 4-1 før dommaren bles inn til halvtid.

Les meir »