Åsmund Bakkene8 mål i 2017
Morten Sønsteby7 mål i 2017
Kasper Kjeldsen2 mål i 2017
Ingen mål registrert
 

Vemund Syversrud (1)

PUBLISERT 20. januar 2018

Årets spelar i FK Vang!
Spelarane sjølve gjer poeng etter kvar seriekamp og poengfangsten tilslutt kårar årets spelar. Nykommaren Vemund Syversrud vant fortjent prisen for 2017, men hadde sterk konkuranse av Åsmund Bakkene og Kasper Kjeldsen. Vemund 104 poeng, Åsmund 101 og Kasper 99, desse tre var i ei særklasse.

Toppscorarstatuetten fekk Åsmund Bakkene med sine 8 mål. Morten Sønsteby var kun 1 mål bak med sine 7 scoringar.

Vegard Kjøs Egge vart også denne sesongen assistkonge med sine 6 assistar.

Årets unge spelar Jan Magne Almenning tok divisjonen og A-lagsfotballen på ein framifrå måte.

Årets mål går til Eirik Presthegge etter praktscoinga si i burtekampen mot Lunner.


Beitostølen Cup vart fort historie i 2018, FK Vang rauk ut etter innleiande runde fredag 19 januar. Forfall og småskader og eit par små økter i forkant av turneringa var vel ikkje beste inngangen.  

God jul og Godt Nytt År

PUBLISERT 24.12.2017

FK Vang takker alle for fotballåret som er gått, og ønsker ett nytt velkommen! A-laget har valgt å spille i 6. divisjon kommende år. Hvorfor vi velger dette er: Mange nye spillere, lange reiser, lang sesong og rett og slett tidsbruken på hobbyen. Vi har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Utsalg 29, 30 og 31 desember kl. 10.00 - 15.00.

Les meir »

FK Vang - Dombås: 1-3 (1-2)

PUBLISERT 22.10.2017

Tveit stadion kunstgras søndag 22 oktober kl.15.00. Dommar: Tommy Frydenlund. Assistentar: Vidar Hilmen og Knut Anders Saglien. Speaker: Ordfører Eltun. Publikum: ca 20 stk. Avisa Valdres avslutta sesongen forrige helg for FK Vang, men Valdres laget hadde Dombås på besøk i dag i siste serierunde. Kampen var jamn frå start til slutt, men gjestene scora tre mål mot FK Vang sitt eine. FK Vang hadde tre avsluttningar i metallet, to av dei nær krysset. Tur og utur brukar å jamne seg ut i løpet av sesongen, men FK Vang har hatt mykje uttur i år. Heldigvis blir FK Vang nummer 9 på tabellen med god margin, lag nummer 10 Lunner rykker ned til 6.div.

Les meir »

Reinsvoll - FK Vang: 5-1 (4-1)

PUBLISERT 14.10.2017

Reinvsoll stadion 14.10 kl. 14.00. Dommar: Alier Ajak Wuol. Assistentar: Jan Erik Haugom og Ole Anders Ørbekk. Publikum: Jamn og tett start. Reinsvoll presser hardt i starten, men det FK Vang som går opp til leiing 0-1. Henrik Gjestvang sler fin ball frå høgre, Vegard Kjøs Egge er oppe med pannebrasken og set ballen fint til side for Reinsvoll sin keeper. Meget bra start av Valdreslaget men så kjem det ei dårlig periode siste 10 minutta før pause og vertene er oppe i 4-1 før dommaren bles inn til halvtid.

Les meir »

FK Vang - Dokka SK: 2-3 (1-0)

PUBLISERT 06.10.2017

Tveit stadion kustgras 6. oktober kl. 19.30. Dommar: Terje Klungsøyr. Assistentar: Jan Erik Haugom og Bjørn Dag Lundhaug. Speaker: Kjell Magne Kvale. Publikum: ca. 20 stk. Vinden på Tveit er med og styrer omgangane i kveld. Dommaren kjem også i fokus, og dessverre i FK Vang sin dissfavør. Særleg er det frisparkmålet som blir anulert etter 9. minutt av kampen, dommaren hevdar det er inndirekte frispark men held ikkje armen oppe. Både benken til Dokka og FK Vang ser ingen arm oppe og ingen protesterar på målet, kun dommaren er av den meining. I følge regelboka skal i så fall frisparket bli tildelt på nytt, altså om dommaren har gløymt å halde opp hånda.

Les meir »