Simen Strandbråten13 mål i 2016
Vegard Kjøs Egge4 mål i 2016
Kim Kveno3 mål i 2016
Ingen mål registrert
 

FK Vang - MBK Domkirkeodden: 0-2 (0-1)

PUBLISERT 24. juni 2016

Tveit stadion kunstgras fredag 24 juni kl.20 00
Dommar: Jan Ole Skinnehaugen
Assistentar: Svenn Olav Fossholt og Knut Sørhusbakken
Speaker: Ordførar Vidar Eltun
Publikum: 10 stk.

MBK Domkirkeodden er eit av topplaga i avdelingen, men fekk god motstand på Tveit i kveld.
Starten av kampen var heller ikkje i kveld særleg bra, då heimelaget kom bakpå etter kun 3 minutt. FK Vang var godt med i resten av oppgjeret og skapte fleire gode sjanser mot Munkene, mål vart det ikkje for vertene sjølv om fleire av sjansene var store. 

Det er notert 4-5 i sjansestatistikken og 4-2 i cornerar dei fyrste 45 minutta, men MBK hadde kanskje dei farlegaste sjansene. Nummer 77 hos Munkene, Sigurd Ertsås er ein drivande god spelar og nok ein av dei bedre som har gjesta Tveit stadion. Det vart bedre deffensivt når FK Vang kom seg meir oppi denne karen.
I pausa var fokuset at dette virkeleg kunne bikke vår veg og starten av andre omgang var meget god av FK Vang. To kjempesjanser blir skapt dei fyrste fem minutta utan uttelling dessverre. FK Vang var bra med heile omgangen, berre synd at me ikkje får uttelling på alle sjansene og cornerane me skaper.
MBK hadde midtvegs også ein cornerbonanza med ti cornera på rappen, men heimelaget sto godt i mot men klarerte alle til nye cornera.
FK Vang kjørte opp fleire spelara på slutten av kampen for å få utligninga, dette kan slå begge veger. Sigurd Ertsås fastsette sluttresultatet til 0-2 på overtid, etter ein flott enkeltmannsprestasjon.

Alt i alt ein god kamp av FK Vang, synd at me ikkje får ballen i nota.
Jarle Haugrud er ein fantastisk keeper, han er uredd og reddar med alle kroppsdeler. Eit hardt skudd rett i fleisen frå kort hald set han heller ikkje ut. Jarle blir kåra til dagens mann med god margin.
Thomas Hilmen tek andreplassen og Kasper Kjeldsen kjem også på pallen poenget bak.

Laget: Jarle, Sverre, Kasper, Thomas, Håvard, Kai Arne K, Øyvind, Kim K, Åsmund, Erik, Simen, Rudi, Eivind, Olav, Eirik og Kjell Magne

Viktig att alle får med seg treninga kl. 19.30 på måndag.  

 

 

God Jul og Godt Nyttår

PUBLISERT 26.12.2016

FK Vang takkar alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2017 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstid: Torsdag, fredag og nyttårseftan ca kl. 10.00 - 14.00

Les meir »

FK Vang - Vest Torpa: 3-2 (1-1)

PUBLISERT 09.10.2016

Tveit stadion kunstgras, søndag 9 oktober kl.15.00. Dommar: Kristoffer Nitter Leirdal. Assistentar: Svein Erik Slåttsveen og Finn Odvar Lebiko. Speaker: Kjell Magne Kvale. Publikum: ca. 20 stk. Fortjent seier til heimelaget i dag og godt med revansj frå våroppgjeret. Fyrste omgangen var jamn med seks sjanser til begge lag og 3-2 i FK Vang favør i cornerstatistikken. 1-1 var det også til pause og omgangens og kanskje kampen sitt høgdepunkt var Thomas Hilmen si perle frå 52 meter som gjekk i fin boge, og strauk akkurat under tverrliggaren og akkurat over Torpakeeperen si rekkevidde.

Les meir »

MBK - FK Vang: 7-1 (2-0)

PUBLISERT 01.10.2016

Børstad kunstgress laurdag 1 oktober kl. 13.00. Dommar: Nikolai Bratvold. Assistentar: Simen Storengen og Rolf Martinsen. Publikum: ca 20 stk. FK Vang reiste på kamp i dag med kun 11 mann. Kun 5 av dei som var med på forrige kamp var tilgjengelige i dag, så det vart mange endringar. Gjestene klarte seg rimeleg godt i fyrste del av kampen, sjølv om det var liten tvil om hvilke lag som var best. MBK har mange erfarne og gode spelara i stallen, fleire av dei med spel i høgre divisjonar i sekken. Marcus Thune Skeie og Jan Magne Almenning, begge guttespelara vart med til Hamar i dag, begge klarte seg godt sjølv om det også for dei blir vel tøft med 90 minutt.

Les meir »

FK Vang - Vind: 2-4 (1-2)

PUBLISERT 23.09.2016

Tveit stadion kunstgras fredag 23 september kl. 19.30. Dommar: Nils Arne Solberg. Assistentar: Finn Odvar Lebiko og Knut Sørhusbakken. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Publikum: ca 40 stk. FK Vang hadde ein god kamp i kveld, men brenner mange meget gode sjanser. Vind scorer alle sine fire mål etter slurv og dårlige avklaringer fra vår side. Sjansestatistikken vinn FK Vang klart, men det hjelper heller dårlig når måla uteblir.

Les meir »