Vegard Kjøs Egge3 mål i 2015
Frank Skoglund2 mål i 2015
Erik Martinsen2 mål i 2015
Ingen mål registrert
 

Søndre Land - FK Vang: 3-0 (3-0)

PUBLISERT 1. mai 2015

Søndre Land kunstgress, torsdag 30. april kl.19.30
Dommar: Samir Krndzija
Assistentar: Bjørn Dag Lundhaug og Jan Kristian Fremstad
Publikum: ca 60? 

FK Vang hadde ein dårleg 1. omgang, gjestene låg under med 3 mål til pause og då blir det tungt å koma tilbake. Etter pausa var me meir med, men måla uteblei. 

Søndre Land var det beste laget og vant fortjent, begge lag hadde 3 cornera i løpet av kampen. Sjansene var fordelt med 7 til heimelaget og 3 til gjestene.
Måla i kampen kom i løpet av ei 10 minutters periode i fyrste omgang.

1-0, 32 min.
2-0, 34 min.
3-0, 42 min. 

Gult kort til Anders Skrebergene i det 88. minutt.

Laget: Jarle, Henning, Øyvind, Kai Arne S, Kasper, Sverre, Kim B, Anders, Thomas, Kim K og Vegard K E.
Samuel inn for Kim K, 60 min., Håvard, Eirik og Bjørnar inn for Henning, Thomas og Sverre, 68 min., Gunnar inn for Vegard K E, 75 min.

Fyrste halvtimen i kampen var stillingskrig, men heimelaget tok meir og meir over.
1-0 kom etter ein dødball som vart klarert for dårleg frå oss og Søndre Land fekk ei dobbelsjanse som dei scora på.
2-0 kom etter eit feilaktig dømt frispark frå ca 30 meter, S.Land er dødball-lag og fekk score umarkert.
3-0, heimelaget kom gjennom åleine på si venstreside og scora sikkert like før pause.
FK Vang hadde 3 cornera i løpet av omgangen, men klarte ikkje å få noko ut av desse.

Enkle passningsfeil og mange balltap var fokus i pausa og dette bedra seg i 2. omgang.
Gjestene var heilt på høgde denne omgangen og fekk sine sjanser mot slutten. 
FK Vang slit med å omseta sjansene i mål, men det vil nok gå vår veg snart.

Jarle Haugrud og Anders Skrebergene delte tredje plassen i kåringa etter kampen, Kim Bøland var poenget bak vinnaren som vart Øyvind Kjøs Egge. Bilde av Øyvind blir å sjå på nettsia fram til 15 mai, då møter FK Vang Dokka på Dokka stadion kl. 19.00.
"Walk over" neste helg for vår del i og med at Varde trekte seg. 
 
Trening i veka som kjem: måndag og fredag kl. 19.30 

 

God Jul og Godt Nytt År (1)

PUBLISERT 27.12.2015

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2016 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

FK Vang A-lag 2016

PUBLISERT 14.12.2015

Ny sesong og nye muligheter i 4 div. for klubben i IØFK som ligger lengst mot vest. FK Vang fekk ein tøff start på 2015 sesongen, men avslutta rimeleg bra og fekk fleire lag bak seg når siste kamp var spelt. Vegard Kjøs Egge blir med i trenarduoen for sesongen 2016, saman med Ola Rogn Tveit.

Les meir »

Årets spelar 2015

PUBLISERT 13.12.2015

Jarle Haugrud vart årets spelar i FK Vang. Keeper Jarle har til tider storspelt i årets sesong, han har redda både straffer og andre meget store sjanser på mesterlig vis. Slidringen synest det vart lite arbeid som bakerste mann i 5. div. og rett og slett kjedelig. Jarle likar godt at det er mykje å gjera i kampane og er vel ein av fleire som har stortrivs med bedre motstand i årets 4. div. Meget fortjent at Jarle Haugrud fekk denne prisen i år.

Les meir »

Vind - FK Vang: 3-1 (2-1)

PUBLISERT 10.10.2015

Vind kunstgress 10 oktober 2015 kl. 15.00. Dommar: Arnfinn Botten. Assisentar: Vedbjørn Engeli og Martin Kraby Simenstad. Publikum: ca 50 stk. Og fleire av dei ivrige FK Vang supporterar frå Vestre Slidre. FK Vang hadde ein god serieavsluttning på burtebane i dagens oppgjer på Vind kunstgress. Gjestene var det førande laget mot eit heller svakt heimelag i store deler av dei fyrste 45. minutta. Frank Skoglund sendte FK Vang i føringa etter 20 minutt, laget fungerte meget godt og var veldig nære og dobble ledelsen ved to anledningar etterpå. Vind tok grep med eit bytte sentralt i slutten av omgangen og fekk ny giv. To heldige scoringar for heimelaget som kom med god hjelp frå oss heilt på slutten av omgangen førte til Vind ledelse ved pause.

Les meir »