Vegard Kjøs Egge3 mål i 2015
Frank Skoglund2 mål i 2015
Erik Martinsen2 mål i 2015
Ingen mål registrert
 

FK Vang A-lag 2016

PUBLISERT 14. desember 2015

Ny sesong og nye muligher for klubben i IØFK som ligger lengst mot vest.
FK Vang fekk ein tøff start på 2015 sesongen, men avslutta rimeleg bra og fekk fleire lag bak seg på tabellen når siste kamp var spelt.

Vegard Kjøs Egge blir med i trenarduoen for sesongen 2016, saman med Ola Rogn Tveit.
Mr. Kjøs Egge veit veldig godt kva som må til og vil garantert bidra sterkt til bedre pust på gjengen. Treningsopplegg for kvar enkelt kan koma på tale om Nordli-testen på nyåret syner negative utslag.
Treningar blir det inne på Beitostølen nå i starten, hallen på Leira utover på nyåret kan også bli aktuell i treningsopplegget.
Ein treningskamp er allerede avtalt med Hallingdal FK 2 i mars. FK Vang bør ta sikte på 3 treningskampar i tillegg før seriestart.

Laga i pulja i 4. div. avd. 2 for 2016 er:
Brummunddal 2, Dokka SK, Kolbu/KK, Lunner, MBK Domkirkeodden, Nordre Land, Snertingdal, Søndre Land, FK Toten, FK Vang, Vest Torpa og Vind.
Av desse laga er det vel Kolbu/KK og MBK Domkirkeodden me ikkje har møtt i serien før.
Favoritt til opprykk blir vel: FK Toten og Nordre Land.

Er det nye spelara som kan tenke seg og prøve seg i FK Vang, er det berre å ta kontakt med:
Ola Rogn Tveit, tlf 99544427 eller
Vegard Kjøs Egge, tlf 94898029 

   

God Jul og Godt Nytt År (1)

PUBLISERT 27.12.2015

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2016 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

Årets spelar 2015

PUBLISERT 13.12.2015

Jarle Haugrud vart årets spelar i FK Vang. Keeper Jarle har til tider storspelt i årets sesong, han har redda både straffer og andre meget store sjanser på mesterlig vis. Slidringen synest det vart lite arbeid som bakerste mann i 5. div. og rett og slett kjedelig. Jarle likar godt at det er mykje å gjera i kampane og er vel ein av fleire som har stortrivs med bedre motstand i årets 4. div. Meget fortjent at Jarle Haugrud fekk denne prisen i år.

Les meir »

Vind - FK Vang: 3-1 (2-1)

PUBLISERT 10.10.2015

Vind kunstgress 10 oktober 2015 kl. 15.00. Dommar: Arnfinn Botten. Assisentar: Vedbjørn Engeli og Martin Kraby Simenstad. Publikum: ca 50 stk. Og fleire av dei ivrige FK Vang supporterar frå Vestre Slidre. FK Vang hadde ein god serieavsluttning på burtebane i dagens oppgjer på Vind kunstgress. Gjestene var det førande laget mot eit heller svakt heimelag i store deler av dei fyrste 45. minutta. Frank Skoglund sendte FK Vang i føringa etter 20 minutt, laget fungerte meget godt og var veldig nære og dobble ledelsen ved to anledningar etterpå. Vind tok grep med eit bytte sentralt i slutten av omgangen og fekk ny giv. To heldige scoringar for heimelaget som kom med god hjelp frå oss heilt på slutten av omgangen førte til Vind ledelse ved pause.

Les meir »

FK Vang - Gran: 1-6 (1- 4)

PUBLISERT 03.10.2015

Tveit stadion kunstgras laurdag 3 oktober kl. 15.00. Dommar: Kristoffer Nitter Leirdal. Assistentar: Svein Erik Slåttsveen og Finn Odvar Lebiko. Speaker: Vidar Eltun. Publikum: ca 30 stk. FK Vang sitt møte med serielederen Gran viser nivåforskjellen i årets 4. divisjon. Fire lag har kjempet i toppen og Gran ser ut til å rykke opp om dei vinn siste kampen heime mot Søndre Land neste helg. Heimelaget scora det fyrste målet i dagens kamp og hadde ledelsen til det sto 37 minutt av fyrste omgangen.

Les meir »