Vegard Kjøs Egge3 mål i 2015
Frank Skoglund2 mål i 2015
Erik Martinsen2 mål i 2015
Ingen mål registrert
 

Lunner - FK Vang: 2-1 (1-1)

PUBLISERT 30. mai 2015

Frøystad kunstgress fredag 29 mai kl. 19.30
Dommar: Kristoffer Nitter Leirdal
Assistentar: Tron Brænden og Henrik Mathis Bjøraltlien
Publikum: ca. 20 stk.


Surt tap i ein jamn kamp på Lunner. Seiersmålet til Lunner kom i det 89. minutt.
Rett før scoringa hadde FK Vang ei dobbelsjanse som keeperen til Lunner reddar og gjer retur på, returen går dessverre i tverrliggaren. 

FK Vang kom best igang, og hadde ei stor sjanse åleine mot keeper etter ca 5 minutt som keeperen til Lunner mesterlig reddar.
Det var ein litt ekkel vind på stadion, Lunner hadde fordel av denne dei fyrste 45. minutta og hadde mest sjanser denne omgangen.
FK Vang var meget bra med i omgangen og kjempa godt, men balltap på midtbanen når laget er på tur framover straffar oss i det 35. minutt. Ein Lunnerspelar snappar ballen, forserer 2-3 av våre og scorar til høgre for vår keeper.
Så i det 40. minutt får FK Vang frispark frå ca 20 meter litt til høgre for midten etter at Samuel blir felt. Kasper Kjeldsen er vår frisparkskytter, han skyt under muren (som hoppar) og ballen går direkte inn i lengste hjørna.

1-1 og vi er like langt, gjestene har spelt ein rimelig bra omgang og er i pausa veldig innstilt på og ta med seg poeng heim til Valdres.
Kampen er også jamn utover i 2. omgang, begge lag har sine muligheter men keeperane på begge lag er meget gode og rydder opp.
FK Vang får si omtala største sjanse i det 80 minutt og slike sjanser må laget score på, vi har også ein 5-6 dødballar som laget må få meir ut av.
Lunner får så seiersmålet like før slutt etter at me ikkje får avklara situasjonen i våre bakre rekker, scoringa blir plasert til venstre for vår keeper.
Alt i alt den beste bortekampen i år av FK Vang, men 1 poeng hadde me fortjent.

Laget: Jarle, Sverre, Øyvind, Kasper, Henning, Kim K, Anders, Kim B, Vegard K, Samuel, Erik M, Vegard E og Eirik.

 
Gult kort: Jarle

Jarle Haugrud vart kåra til FK Vang sin beste i kveldens oppgjer, Kasper Kjeldsen kom på ein klar andre plass og Erik Martinsen Dalåker og Kim Bøland delte tredje trinnet på pallen.

Trening måndag kl. 19.30 

    

God Jul og Godt Nytt År (1)

PUBLISERT 27.12.2015

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2016 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

FK Vang A-lag 2016

PUBLISERT 14.12.2015

Ny sesong og nye muligheter i 4 div. for klubben i IØFK som ligger lengst mot vest. FK Vang fekk ein tøff start på 2015 sesongen, men avslutta rimeleg bra og fekk fleire lag bak seg når siste kamp var spelt. Vegard Kjøs Egge blir med i trenarduoen for sesongen 2016, saman med Ola Rogn Tveit.

Les meir »

Årets spelar 2015

PUBLISERT 13.12.2015

Jarle Haugrud vart årets spelar i FK Vang. Keeper Jarle har til tider storspelt i årets sesong, han har redda både straffer og andre meget store sjanser på mesterlig vis. Slidringen synest det vart lite arbeid som bakerste mann i 5. div. og rett og slett kjedelig. Jarle likar godt at det er mykje å gjera i kampane og er vel ein av fleire som har stortrivs med bedre motstand i årets 4. div. Meget fortjent at Jarle Haugrud fekk denne prisen i år.

Les meir »

Vind - FK Vang: 3-1 (2-1)

PUBLISERT 10.10.2015

Vind kunstgress 10 oktober 2015 kl. 15.00. Dommar: Arnfinn Botten. Assisentar: Vedbjørn Engeli og Martin Kraby Simenstad. Publikum: ca 50 stk. Og fleire av dei ivrige FK Vang supporterar frå Vestre Slidre. FK Vang hadde ein god serieavsluttning på burtebane i dagens oppgjer på Vind kunstgress. Gjestene var det førande laget mot eit heller svakt heimelag i store deler av dei fyrste 45. minutta. Frank Skoglund sendte FK Vang i føringa etter 20 minutt, laget fungerte meget godt og var veldig nære og dobble ledelsen ved to anledningar etterpå. Vind tok grep med eit bytte sentralt i slutten av omgangen og fekk ny giv. To heldige scoringar for heimelaget som kom med god hjelp frå oss heilt på slutten av omgangen førte til Vind ledelse ved pause.

Les meir »