Kai Arne Kvale12 mål i 2013
Sverre Melby11 mål i 2013
Ole Eirik Syversen5 mål i 2013
Ingen mål registrert
 

Varde - FK Vang: 2-1 (0-0)

PUBLISERT 5. juli 2013

Varde idrettsplass fredag 5 juli kl. 19.00.
Dommar: Darko Zugor, Lillehammer
Publikum: 2 stk.

FK Vang gjekk på eit meget ufortjent tap i kveld, ballen ville ikkje inn for gjestene som måtte ta den tunge vegen heim med 0 poeng.
Varde hadde 2 sjanser i kampen og scora utagbart på begge.
Slik kan dessverre fotball vera inniblandt, synd for oss, men bra for Varde.
FK Vang hadde totalt 13 cornera og Varde hadde ingen, gjestene hadde også 8 sjanser mot Varde sine 2. Nokre av våre sjanser var meget store, men Varde rydda opp i stor stil sogar på målstreken.
Det er fyrste gong eg har opplevd at dommaren må blåse av kampen for at heimelaget og gjestelaget må finne att ballar i skog og kratt. Varde har pussa fint opp klubbhuset sitt, vel og bra det, men fotballar er det manko på i Hunndalen. 
Varde sine scoringar kom i det 55 minutt og 65 minutt, FK Vang prøvde og prøvde og klarte å få inn sitt mål i det 90-ende minutt. Bjørnar Hermundstad hadde assisten då Eirik Presthegge scora sitt fyrste for året.
Ein liten refs på nettsia til dei som ikkje vart med til Gjøvik i kveld, store forandringar i laget frå kamp til kamp er ikkje til det beste alltid.

Laget: Jarle H, Kristoffer Kvale, Bjørnar, Øyvind, Kasper, Fredrik, Kim B, Anders, Kai Arne S, Vegard K E, Sverre og Eirik.

Dagens mann vart Kim Bøland med Anders og Øyvind på plassane bak.

Trening neste veke: Tysdag og torsdag kl. 19.30


    

Beitostølen cup 2014

PUBLISERT 17.01.2014

FK Vang stiller med to lag på årets Beitstølen cup. Turneringa er flytta fram eit par helger i forhold til før, men mange dame og herrelag stiller opp. Les meir!

Les meir »

God Jul og Godt Nytt År

PUBLISERT 27.12.2013

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2014 sesongen står for døra, Viva FK Vang. Dette bør feirast med salutt! FK Vang har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin. Åpningstider: Les meir

Les meir »

Erik Sanne med i støtteapparatet

PUBLISERT 08.12.2013

Ola Rogn Tveit og Erik Sanne har ansvaret for FK Vang sitt A-lag i 2014. Erik Sanne kom til klubben i august 2013 og spelte haustsesongen i FK Vang. Klubben er meget godt tilfreds med at Erik også kjem inn i støtteapparatet.

Les meir »

Årets spelar 2013

PUBLISERT 20.10.2013

Kim Bøland vart årets spelar i FK Vang. Kim bur og jobbar i Oslo, det er ein meget stor prestasjon å vinne kåringa etter å ha spelt kun 9 kampar i årets serie. Det er tredje gongen Kim vinn denne prisen, Bøland har eit godt fotballhovud og dette i saman med tæl og innsats gjer Kim til ein særs viktig spelar for klubben.

Les meir »