Kai Arne Kvale12 mål i 2013
Sverre Melby11 mål i 2013
Ole Eirik Syversen5 mål i 2013
Ingen mål registrert
 

Årets spelar 2013

PUBLISERT 20. oktober 2013

Kim Bøland vart årets spelar i FK Vang.
Kim bur og jobbar i Oslo, det er ein meget stor prestasjon å vinne kåringa etter å ha spelt kun 9 kampar i årets serie.
Det er tredje gongen Kim vinn denne prisen, Bøland har eit godt fotballhovud og dette i saman med tæl og innsats gjer Kim til ein særs viktig spelar for klubben.
Vegard Kjøs Egge kom på sølvplassen og Anders Skrebergene fekk bronse i denne kåringa, me gratulerer alle med god innsats.

Toppscorar vart Kai Arne Kvale, med 1 mål meir enn Sverre Melby. Kai Arne er grosist på denne prisen, i skrivande stund har eg ikkje tal på det men kan med sikkerheit seia det er mange. Det er meget godt å ha Mr Kvale tilbake i stallen, etter ei lita pause frå fotballen.

Assistkonge vart hjelpetrenar Tor Andre Rakstad, og dette med god margin. Det er meget viktig for laget å ha gode offansive midtbanefolk, Tor Andre er ein av dei, det kan nevnast at han også har skrudd 2 cornera rett i mål i år.

Oppmøteprisen gjekk endeleg til Kristoffer Kvale, han har vore meget nær å vinne denne i fleire år og i år var det hans tur med god margin. Kristoffer, og kun han har vore med på alle kampane i år og han har også hatt flest treningar. 

Ny pris av året var Fair Play prisen til ein av våre mest trufaste slitarar. Kai Arne Sandhaugo har vore kaptein på årets lag og laget har prestert å ikkje få bokført eit einaste kort i sesongen 2013, slå den!
Kai Arne Sandhaugo kom til FK Vang tidleg på 2000 talet og har ikkje fått gule eller raude kort i løpet av denne tida. Kaptein Sandhaugo får ein meget fortjent Fair Play pris, laget og klubben gratulerer så mykje.

Årets mål FK Vang 2013:
Nr 1. Kai Arne Kvale, 7-1 målet mot Vest Torpa 2 på Tveit.
Nr 2. Bjørnar Hermundstad, 0-2 målet mot Vest Torpa 2 på Lundemoen.
Nr 3. Ole Eirik Syversen, 6-0 målet mot Ringelia på Tveit.

Takk til Runar Sivesind Gullhaug som ordna fotballfesten 2013, du fortjener også ein premie Runar. Hederlig omtale blir premien til deg i år, og kansje har me meir bilder på lur.

Spelarmøte og treningsstart for sesongen 2014 blir i starten på desember.      

Beitostølen cup 2014

PUBLISERT 17.01.2014

FK Vang stiller med to lag på årets Beitstølen cup. Turneringa er flytta fram eit par helger i forhold til før, men mange dame og herrelag stiller opp. Les meir!

Les meir »

God Jul og Godt Nytt År

PUBLISERT 27.12.2013

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2014 sesongen står for døra, Viva FK Vang. Dette bør feirast med salutt! FK Vang har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin. Åpningstider: Les meir

Les meir »

Erik Sanne med i støtteapparatet

PUBLISERT 08.12.2013

Ola Rogn Tveit og Erik Sanne har ansvaret for FK Vang sitt A-lag i 2014. Erik Sanne kom til klubben i august 2013 og spelte haustsesongen i FK Vang. Klubben er meget godt tilfreds med at Erik også kjem inn i støtteapparatet.

Les meir »

Fotballfest

PUBLISERT 13.10.2013

Beitostølen laurdag 19 oktober. Det er fleire av spelarane som tek langhelg på/i fjellbyen, og ryktene fortel at det er plass til mange fleire. Årets fotballfesthøvding Runar Sivesind Gullhaug har laga eit bra opplegg. Fotballkampar på storskjerm på laurdagen går over til festmåltid og premieutdeling i kveldinga.

Les meir »