Kai Arne Kvale12 mål i 2013
Sverre Melby11 mål i 2013
Ole Eirik Syversen5 mål i 2013
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Ringelia: 8-0 (2-0)

PUBLISERT 21. juni 2013

Tveit stadion kunstgras fredag 21 juni kl. 19.30.
Dommar: Bjørn Dag Lundhaug.
Publikum: ca.15 stk.

FK Vang scorar på omtrent halvparten av sjansene sine og det er rimeleg bra.
Ringelia hadde kansje ei avsluttning mot mål, og då er me snille. Dei hadde heller ingen corner i kveldens oppgjer på Tveit og vart til tider rundspelt.
Heimelaget scora berre to mål dei fyrste 45 minutta og hadde dårleg uttelling.
Kim Kveno scora det fyrste, ballen vart sett til venstre for keeper. Passningen kom frå Kai Arne Sandhaugo, 6 minutt viste kampuret.
FK Vang sleit med å få inn ballen men lykkast etter 30 minutt på ein perfekt corner frå Tor A Rakstad som Øyvind Kjøs Egge nikkar kontant inn.
Ole Eirik Syversen og Kasper Kjeldsen blir bytta inn og startar 2 omgang. Det går berre 4 minutt før Kasper syner seg fram med nydeleg framspel til Sverre Melby som finn nettmaskene. Så er det stopp på uttelling i ca 20 minutt, Kasper er atter frampå med assist til Syversen som puttar sin fyrste. 27 minutt Kasper assist igjen denne gong til Sverre som scorar på eit nydeleg langskudd.
Så kjem kveldens finaste mål i det 30 minutt av andre omgang då Kim Kveno spelar fint fram Ole Eirik Syversen som åleine mot keeper lobbar nydeleg til stillinga 6-0.
Tor Andre Rakstad kjem med sin andre assist i kampen og Kasper Kjeldsen sett ballen kontant til venstre for keeper, kampuret syner 35 minutt.
Fem minutt før slutt får dagens mann på FK Vang, Anders Skrebergene si fyrste scoring i år med eit nydeleg langskudd, Fredrik Paulsrud har assisten.
Anders nr 1 i kåringa med god margin til Ole Eirik Syversen som tek andreplassen poenget foran Tor Andre Rakstad. Det er heile 12 mann som får stjerner i kåringa på FK Vang i kveld, dette tyder på god laginnsats.
15 åringen Håvard Rogn Tveit får sin deby i A-laget og seriespel i kveld og klarer oppgåva han får på ein flott måte.

Laget: Jarle H, Kristoffer Kvale, Øyvind, Bjørnar, Vegard E, Kim K, Anders, Tor Andre, Kai Arne S, Fredrik, Sverre, Håvard, Ole Eirik og Kasper.

Trening i veka som kjem: Tysdag og torsdag kl 19.30
       

Beitostølen cup 2014

PUBLISERT 17.01.2014

FK Vang stiller med to lag på årets Beitstølen cup. Turneringa er flytta fram eit par helger i forhold til før, men mange dame og herrelag stiller opp. Les meir!

Les meir »

God Jul og Godt Nytt År

PUBLISERT 27.12.2013

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2014 sesongen står for døra, Viva FK Vang. Dette bør feirast med salutt! FK Vang har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin. Åpningstider: Les meir

Les meir »

Erik Sanne med i støtteapparatet

PUBLISERT 08.12.2013

Ola Rogn Tveit og Erik Sanne har ansvaret for FK Vang sitt A-lag i 2014. Erik Sanne kom til klubben i august 2013 og spelte haustsesongen i FK Vang. Klubben er meget godt tilfreds med at Erik også kjem inn i støtteapparatet.

Les meir »

Årets spelar 2013

PUBLISERT 20.10.2013

Kim Bøland vart årets spelar i FK Vang. Kim bur og jobbar i Oslo, det er ein meget stor prestasjon å vinne kåringa etter å ha spelt kun 9 kampar i årets serie. Det er tredje gongen Kim vinn denne prisen, Bøland har eit godt fotballhovud og dette i saman med tæl og innsats gjer Kim til ein særs viktig spelar for klubben.

Les meir »