Kai Arne Kvale12 mål i 2013
Sverre Melby11 mål i 2013
Ole Eirik Syversen5 mål i 2013
Ingen mål registrert
 

Bagn - FK Vang: 1-4 (1-2)

PUBLISERT 16. august 2013

Fossevang stadion fredag 16 august kl. 19.00.
Dommar: Hans Foss.
Publikum: ca. 20 stk.

FK Vang tok med alle poenga i kveldens oppgjer på ein blaut og tung arena.
Regnet fossa ned før kampen og det var tendens til dammar rundt omkring på banen. Gjestene var hakket bedre enn heimelaget og seieren var fortjent.

FK Vang scorar raskt i kveldens kamp og det er Tor Andre Rakstad som skrur ein corner i frå vår venstreside direkte i mål. Det står kun 3 minutt på kampuret, Tor Andre har ein god høgrefot og prestasjonen er nr. 2 i årets serie!
Bagn kjem etter dette på nokre visittar, men det klabbar seg litt for dei siste tredjedelen av angrepa og det blir avklara frå eit godt FK Vang forsvar.
FK Vang har heller ikkje dei heilt store sjansene bortsett frå eit innlegg frå kanten som blir bomma på på ope mål.
29 minutt er gått av omgangen og FK Vang dobblar leiinga, Tor Andre Rakstad er frampå med assist til Kai Arne Kvale som sikkert set ballen forbi Bagn sin keeper.
5 minutt etter denne situasjonen er det Bagn sin tur, dei får tre cornera på rappen og på den tredje som var feildømmt lykkast dei med å få ballen inn etter tungt og massivt press.
Det skjer ikkje så mykje meir denne omgangen, men Bagn er med på notene.

FK Vang lover seg sjølv og støtteapperatet og vise muskler den siste omgangen og lykkast bra med det.
Etter ein del nestensjanser lykkast Sverre Melby 18 minutt ut i omgangen med ei hard direkteavsluttning godt plassert til høgre for Bagn sin keeper og det står 1-3 til gjestene. Begge lag har nokre tilløp etter dette og det er FK Vang som har dei største, halvtimen er gått av omgangen då me lykkast for 4 gong i kveldens oppgjer. Erik Sanne har assisten til Kai Arne Kvale som scorar sitt andre mål i kveld.
FK Vang hadde nokre store sjanser etter dette, men sluttresultatet vart 1-4 og det er meget bra resultat på Bagn sin heimebane der dei har vore solide i år.
Kai Arne Kvale vart kåra til FK Vang sin beste i kveld, Jarle Haugrud kom på sølvplass og Kai Arne Sandhaugo fekk den siste plassen på pallen i kåringa.
Heile laget sto bra på og heile 11 stk fekk stjerner i kåringa. Kim Bøland og Erik Martinsen delte 4 plassen og bør også nemnast.

Laget: Jarle H, Kristoffer Kvale, Bjørnar, Stein Ivar, Erik M, Sverre, Kai Arne S, Erik S, Tor Andre, Kim K, Kai Arne K, Kim B, Petter, Eirik, Ole Eirik og Vegard K E

Trening tysdag og torsdag kl. 19.30 neste veke.

Beitostølen cup 2014

PUBLISERT 17.01.2014

FK Vang stiller med to lag på årets Beitstølen cup. Turneringa er flytta fram eit par helger i forhold til før, men mange dame og herrelag stiller opp. Les meir!

Les meir »

God Jul og Godt Nytt År

PUBLISERT 27.12.2013

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2014 sesongen står for døra, Viva FK Vang. Dette bør feirast med salutt! FK Vang har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin. Åpningstider: Les meir

Les meir »

Erik Sanne med i støtteapparatet

PUBLISERT 08.12.2013

Ola Rogn Tveit og Erik Sanne har ansvaret for FK Vang sitt A-lag i 2014. Erik Sanne kom til klubben i august 2013 og spelte haustsesongen i FK Vang. Klubben er meget godt tilfreds med at Erik også kjem inn i støtteapparatet.

Les meir »

Årets spelar 2013

PUBLISERT 20.10.2013

Kim Bøland vart årets spelar i FK Vang. Kim bur og jobbar i Oslo, det er ein meget stor prestasjon å vinne kåringa etter å ha spelt kun 9 kampar i årets serie. Det er tredje gongen Kim vinn denne prisen, Bøland har eit godt fotballhovud og dette i saman med tæl og innsats gjer Kim til ein særs viktig spelar for klubben.

Les meir »