Kai Arne Kvale12 mål i 2013
Sverre Melby11 mål i 2013
Ole Eirik Syversen5 mål i 2013
Ingen mål registrert
 

Beitostølen cup

PUBLISERT 6. mars 2013

FK Vang stiller med 2 lag til helga.

FK Vang 2 er sett opp i gruppe A mot desse laga: Ø.Slidre/Rogne, Valdres FK jr.1 og Fagernes il.
FK Vang 1 er sett opp i gruppe B mot desse laga: Drammen FK 2, Valdres FK jr.2 og Torpa Toppfotball. 

Innleiande runde for begge våre lag er fredag 25 januar.
FK Vang 2 har fyrste kamp kl. 18.22 og FK Vang 1 har sin fyrste kamp kl. 20.17.

FK Vang håper å karre seg til sluttspel som er sundag.

FK Vang stiller med desse 18 robuste karane: Jarle H, Jarle J, Anders, Kim K, Kim B, Robert, Kai A K, Kai A S, Kjell M, Thomas, Vegard E, Tord, Sverre, Tor Andre, Ole Eirik, Bjørnar, Kristoffer og Fredrik. 

Resultater frå innledande runde:

FK Vang 2 - Fagernes il: 1 - 2, Sverre Melby
FK Vang 2 - Øystre Slidre/Rogne: 3 - 1, Sverre Melby 2 og Jarle Jevne
FK Vang 2 - Valdres FK JR 1: 0 - 1

FK Vang 2 vart nr. 3 i gruppa si med 3 poeng og 4-4 i målscore. Laget kan gå til sluttspel som eit av laga som vart nr. 3 i gruppa si (2 stk av 6 grupper)

FK Vang 1 - Drammen FK 2: 1 - 2, Kjell Magne Kvale med scoring i krysset
FK Vang 1 - Torpa Toppfotball: 3 -2, Robert Christensen med 2 (1 i krysset) og Kai Arne Kvale
FK Vang 1 - Valdres FK JR 2: 1 - 1, Kai Arne Kvale

FK Vang 1 vart også nr. 3 i gruppa si med 4 poeng og 5 - 5 i målscore. Dette laget ligg pr. no som beste 3 er lag når tre av 7 grupper er ferdigspelt.

Om begge laga går vidare til sluttspel møtes FK Vang 1 og FK Vang 2 på sundag kl. 11.22.

FK Vang 1 er videre til sluttspel som det beste av 3-er laga, desse 3-er laga møtes i morgen sundag 27 januar kl. 11.20 i sluttspelet. FK Vang 1 vil mest sansynleg møte Kolbu KK 1 som er 3 i gruppa si med 3 poeng og 6-6 i målscore.

Hadde FK Vang 2 scora eit mål til, hadde Vang sine lag møttes som dei beste 3-laga i sluttspelet. 

Viva Vang 


  

Beitostølen cup 2014

PUBLISERT 17.01.2014

FK Vang stiller med to lag på årets Beitstølen cup. Turneringa er flytta fram eit par helger i forhold til før, men mange dame og herrelag stiller opp. Les meir!

Les meir »

God Jul og Godt Nytt År

PUBLISERT 27.12.2013

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2014 sesongen står for døra, Viva FK Vang. Dette bør feirast med salutt! FK Vang har også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin. Åpningstider: Les meir

Les meir »

Erik Sanne med i støtteapparatet

PUBLISERT 08.12.2013

Ola Rogn Tveit og Erik Sanne har ansvaret for FK Vang sitt A-lag i 2014. Erik Sanne kom til klubben i august 2013 og spelte haustsesongen i FK Vang. Klubben er meget godt tilfreds med at Erik også kjem inn i støtteapparatet.

Les meir »

Årets spelar 2013

PUBLISERT 20.10.2013

Kim Bøland vart årets spelar i FK Vang. Kim bur og jobbar i Oslo, det er ein meget stor prestasjon å vinne kåringa etter å ha spelt kun 9 kampar i årets serie. Det er tredje gongen Kim vinn denne prisen, Bøland har eit godt fotballhovud og dette i saman med tæl og innsats gjer Kim til ein særs viktig spelar for klubben.

Les meir »