Tobias Kassel9 mål i 2022
Åsmund Bakkene5 mål i 2022
Eivind Bakkene4 mål i 2022
Ingen mål registrert
 

Øystre Slidre/Rogne - FK Vang: 1-1 (0-0)

PUBLISERT 1. september 2022

Rogne stadion kunstgras, torsdag 1. september kl. 19.30 
Dommer: Morten Huset, Aurdal Leira IL
Speaker: Nei
Publikum: 51. stk ved kampstart, Ole Andreas telte og telte. Totalt ca. 70 stk. litt ut i kampen.
Avisa Valdres: Nei, sparer garantert mykje drivsoff ved å holde seg i Fagernesområdet!

FK Vang var klart best før pause og Øystre Slidre best etter hvilen. Poengdeling i ein tempofylt kamp på Rogne stadion i kveld, der begge lag slo mykje langt etter pause.
Gjestene mangla desverre nokre spelara i kveldens kamp, men gutane som fekk innhopp gjorde sine saker bra.

Kampen starta bra for FK Vang sin del, Adrian fekk sin fyrste opptreden frå start og klarte seg godt på backplassen. Før pause hadde gjestene 3 gode sjanser og 3 cornere, vertene er bokført med 1 sjanse og 1 corner.
FK Vang trille ball og Øystre sine spelara sprang mykje i mellom. Men mål vart det ikkje sjølv med rimelig store sjanser.
Laget er tilfreds med situasjonen i pausa, sjølv om savnet etter sentrale spelara som Åsmund B, Piotrek og Haakon merkes.

Andre omgang starter også rimlig bra for vår del, men Ø.Slidre/Rogne blir farligere utover i omgangen med manga lange baller inn i vårt felt.
I det 60. minutt får FK Vang ei mega dobbeltsjanse når Eivind Bakkene kjem fri og smeller skuddet i stanga, returen frå stanga går desverre rett i armane på keeper frå den godeste Eivind.
Minuttet etter vår store sjansa får Ø.Slidre frispark på midtstreken. Også dette blir slått rett mot mål, keeperen i vårt mål blir litt lurt i situasjonen av ein spiss som ikkje heddar ballen som då fyk direkte inn i nettet.
Det skjer litt begge veger etter dette, eit skudd i stanga fra Ø. Slidre som vårt forsvar hevdar var klar offside. Godt at den ballen ikkje gjekk inn pga dette.
FK Vang stokker litt om på laget for å få meir trykk framover på slutten og dette er kanskje ei medvirkende årsak til ei meget fortjent scoring av Tobias Kassel 10 minutt før slutt. Scoringa kjem etter litt klabb og babb i feltet, Tobias scorer sikkert og er fortsatt lagets suverene toppscorer.

Laget: Kjell Magne, Adrian, Kasper, Andris, Olav, Even, Kim, Åsmund LR, Eivind, Tobias, Jan Magne, Marcus, Kristian Thunshelle Opdal(deby), Gard Berge Kvien(deby) og Ole Andreas.

Kveldens FK Vangspelar vart Tobias Kassel med god margin, Kasper Kjeldsen som kjører tur retur fra Geilo for denne kampen blir ein god nummer 2 i kåringa. Sentral midtbane i kveld Åsmund Lindvik Råbøl og Kim Bøland deler 3. plassen.
God laginnsats var det over heile linja og sist men ikkje minst, alle fekk speletid.

   

           


 

 

Fotballfest FK Vang 2022

PUBLISERT 30.10.2022

Klubbhuset på Tveit Stadion laurdag 29.10.2022 Tobias Kassel, årets spelar, toppscrar og assistkonge FK Vang A-lag sesongen 2022! Slå den!

Les meir »

Nye karer i stallen

PUBLISERT 29.09.2022

Kristian Thunshelle, Gard Berge Kvien, Sebastian Kvale og Eskil Kjøs ønskes velkomne i stallen til A-laget. Alle fra Vang og alle har også gått gradene i FK Vang.

Les meir »

FK Vang - Bagn: 1-2 (1-1)

PUBLISERT 17.09.2022

Tveit stadion kunstgras, lørdag 17. september kl. 15.00. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Kampvert: Kjell Otto Framstad. Publikum: 74 stk. Bagn drog det lengste strået i dag og fikk med seg 3 poeng i ei jamn batalje på Tveit stadion. Heimelaget var svekka etter skada til Andris og forfall frå brødrene Bakkene, Kasper, Marcus samt att Piotrek måtte ut etter kun 10 minutt med ei skade i leggen. FK Vang starta bra med frisparket frå Åsmund Lindvik Råbøl som går inn via Bagn sin keeper, dette skjer etter 1. minutt. Bagn scora sine 2 mål i slutten, etter at FK Vang har nokre megasjanser. Hallgrim Rogn som ikkje har spelt aktivt på fleire år, blir dagens FK Vang mann med god margin.

Les meir »

Vest Torpa - FK Vang: 2-3 (1-2)

PUBLISERT 10.09.2022

Lundemoen grasbane lørdag 10. september kl. 13.00. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Speaker: Ja. Publikum: 67 stk. Ole Andreas har full kontroll på telling, 5 frå Vang. Andris Løken Helle vart dessverre skadet tidlig i kampen og måtte ta turen til Gjøvik i ambulanse. Laget spilte for Andris resten av kampen og klarte fortjent 3 poeng mot en motstander som er tøffe å møte i Torpa. Andris fekk ei kneskade, men etter rapporten fra han selv fra sykehuset høres det ut som det har gått rimelig bra selv om kneet var ute av ledd. Andris fortjener virkelig bilde på nettsida etter denne kampen.

Les meir »