Tobias Kassel9 mål i 2022
Åsmund Bakkene5 mål i 2022
Eivind Bakkene4 mål i 2022
Ingen mål registrert
 

Hedalen/Begnad. - FK Vang: 3-2 (2-0)

PUBLISERT 27. mai 2022

Hedalen stadion 27.05.2022 kl. 19.00
Dommar: Frank Evertsen, Ø.Slidre IL.
Publikum: Ca. 80 stk.

Hedalen/Begnadalenb fekk ein fortjent seier i kveldens oppgjer på grasbanen i Hedalen.
FK Vang scora sine 2 mål i sluttminutta og skapte litt nerver i kampen, men desverre for seint.
Fyrste kampen på gras i år, banen var fin men gjestene sleit med å finne seg til rette.

FK Vang skapte sjanser i starten og det var tilløp i begge boksene, men Hedalen scorer kampens fyrste mål etter 16 minutt. Omgangen ender med 1-0 til Hedalen og FK Vang har på ingen måte gjett opp håpet i pausa, men me er ikkje fornøyd med prestasjonen. Veldig synd for kampen og FK Vang at Eivind måtte ut etter kun 10 minutt pga ein strekk.

Andre omgangen starter som den fyrste, med sjanser begge veger, men følesen er at vertene er giftigast. 17 minutt ut i omgangen kjem 2-0 og 3-0 i det 30. minutt. Kampen føles kjørt med 3-0 i sekken, men spenninga stig når Emran klarer å få nikka inn redusering i det 88. minutt etter hedding assist frå Haakon. 3-2 kjem i det 90. minutt etter avsluttning i tverrliggar og ned på innsida av streken av Patrick og spenninga er til å ta og føle på i tida som blir lagt til. 
Hedalen har ei god senterlinje i laget med raske folk fremst og stødige folk heilt ned til og med keeperen.
Sjansemessig var FK Vang brukbart med i heile kampen, Hedalen er notert med 14 sjanser mot FK Vang sin 10. Cornerstatistikk viser 4 til Hedalen og 8 til gjestene.

Laget: Kjell Magne, Emran, Andris, Patrick, Olav, Even, Kim, Åsmund B, Eivind, Piotrek, Tobias, Andreas, Haakon, Ole Andreas og Marcus.
Seks endringer i troppen frå sist kamp seier sitt, men supert at Marcus Hemundstad stilte opp på kort varsel.

Dagens FK Vang mann vart Kim Bøland med sine 9 stjerner, 2. plassen vart delt av 3 stk. Piotrek, Åsmund B og Patrick. Olav kjem også på pallen med sine 4 stjerner i kåringa.

Honør til suportergjengen som tar turen fra Vang, vi er stolt av dere!  


 


  

 

Fotballfest FK Vang 2022

PUBLISERT 30.10.2022

Klubbhuset på Tveit Stadion laurdag 29.10.2022 Tobias Kassel, årets spelar, toppscrar og assistkonge FK Vang A-lag sesongen 2022! Slå den!

Les meir »

Nye karer i stallen

PUBLISERT 29.09.2022

Kristian Thunshelle, Gard Berge Kvien, Sebastian Kvale og Eskil Kjøs ønskes velkomne i stallen til A-laget. Alle fra Vang og alle har også gått gradene i FK Vang.

Les meir »

FK Vang - Bagn: 1-2 (1-1)

PUBLISERT 17.09.2022

Tveit stadion kunstgras, lørdag 17. september kl. 15.00. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Speaker: Ordfører Vidar Eltun. Kampvert: Kjell Otto Framstad. Publikum: 74 stk. Bagn drog det lengste strået i dag og fikk med seg 3 poeng i ei jamn batalje på Tveit stadion. Heimelaget var svekka etter skada til Andris og forfall frå brødrene Bakkene, Kasper, Marcus samt att Piotrek måtte ut etter kun 10 minutt med ei skade i leggen. FK Vang starta bra med frisparket frå Åsmund Lindvik Råbøl som går inn via Bagn sin keeper, dette skjer etter 1. minutt. Bagn scora sine 2 mål i slutten, etter at FK Vang har nokre megasjanser. Hallgrim Rogn som ikkje har spelt aktivt på fleire år, blir dagens FK Vang mann med god margin.

Les meir »

Vest Torpa - FK Vang: 2-3 (1-2)

PUBLISERT 10.09.2022

Lundemoen grasbane lørdag 10. september kl. 13.00. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Speaker: Ja. Publikum: 67 stk. Ole Andreas har full kontroll på telling, 5 frå Vang. Andris Løken Helle vart dessverre skadet tidlig i kampen og måtte ta turen til Gjøvik i ambulanse. Laget spilte for Andris resten av kampen og klarte fortjent 3 poeng mot en motstander som er tøffe å møte i Torpa. Andris fekk ei kneskade, men etter rapporten fra han selv fra sykehuset høres det ut som det har gått rimelig bra selv om kneet var ute av ledd. Andris fortjener virkelig bilde på nettsida etter denne kampen.

Les meir »