FK Vang - Vest Torpa: 2-1 (0-0)

PUBLISERT 10. juni 2022
Tveit stadion kunstgras 10. juni 2022 kl. 19.00
Dommer: Frank Evertsen, Ø.Slidre IL.
Speaker: Vidar Kassel.
Kampverter: Kjell Otto Framstad og Kai Rune Hemsing.
Publikum: ca 30 stk.
Herlig med veldig fortjent seier som kom på overtid i kveldens
oppgjer på Tveit.
Straffa til Tobias Kassel og innlegget til Eivind Bakkene kom i
det 86. og det 91. minutt av kampen og helga er velkommen
med 3 poeng.
Kampen starta med at Andris Løken Helle måtte gje seg på
oppvarminga og eit heilt nytt stopparpar måtte starte
kampen. FK Vang var ikkje gode i starten, det vart for mykje
usikkerheit i nettopp forsvaret. Me justerte litt på dette og
laget fungerte mykje bedre etterpå. FK Vang skaper 5 bra sjanser
før pause, men scorer ikkje. Vest Torpa er også med i starten og er
notert med 3 sjanser før pause. Begge lag meiner også
dei blir snytt for straffe før pause, så remis også på
det punktet.
FK Vang er mykje meir på i andre omgang og styrer det meste, men
måla nei dei uteblir og keeperen til gjestene står soim ein levande
vegg.
Sjanse på sjanse blir dårlig utnytta, 7 cornera får
heimelaget denne omgangen men alt blir avverga.
Så får Vest Torpa frispark i midtsirkelen når det står 72 minutt på kampuret. Frisparket blir slått med stor kraft mot vårt mål og går inn like under tverrliggaren. Keeperen vår feilberegner desverre litt i denne situasjonen og er nok den i laget som er mest glad for innspurten i sluttminutta. Dette er foresten det einaste gjestene har å by på denne omgangen.
Heimelaget kjempar på for utligning etter å ha kome under
og Vest Torpa bruker tid som seg hør og bør på alt når dei
kan.
Sjansene kjem, men keeperen til Vest Torpa er meget god og tek
alt, men så får Tobias Kassel ballen innanfor 16 meteren og blir
klart felt og dommaren bles straffe til FK Vang i det 86. minutt.
Tobias tek sjølv straffa, og set ballen utagbart til venstre for
keeper.
Energien sprudler i heimelaget som no øyner 3 poeng,
me ruller opp fleire sjanser og Eivind Bakkene som akkurat er
komen innat på banen etter ein liten kvil på benken ordner seieren
etter eit innlegg frå vår venstreside som går rett i nota over
keeperen.
Rett og slett heilt konge og så rettferdig etter spel og
sjanser.
Noe er det snudd og FK Vang er laget som bruker tid i situasjonen
på overtid, Vest Torpa får også ein utvist i det 93. minutt.
Laget: Kjell Magne, Emran, Andreas, Marcus, Olav, Jan Magne,
Åsmund, Patrick, Eivind, Piotrek, Tobias, Even, Kai Arne K og
Kabid.
Evigunge Åsmund Bakkene blir meget
fortjent kampens ener i kåringa etter kampen, storvegs av
ballvirituos Åsmund. Eivind Bakkene og Tobias Kassel deler
andre plassen og Patrick Kvale og Olav Almenning får tredjeplassen
i kåringa.
God innsats av helie laget og bra at Jan Magne er med att etter
skaden han fekk i fyrste kampen.
Ekstra moro at far, Kai Arne og sønnen Patrick Kvale fekk
speletid sammen i kveld!
Bagn - FK Vang: 2-3 (1-0)
PUBLISERT 17.06.2022
Fossevang Stadion kunstgress fredag 17. juni kl. 19.00. Dommer: Jan Erik Haugom, Vardal IF. Speaker: Ja. Publikum: Ca 40 stk. Gjestene drog det lengste strået i kveld etter ekte hattrick av Tobias Kassel i ei periode på 6 minutt i andre omgang. Bagn var påskrudd og scora dei to første måla i kampen. Før pause var det stillingskrig og tilløp begge veger, men Bagn hadde 1-0 denne omgangen. FK Vang er det beste laget etter pause og det føles som ein fortjent seier når dommaren bles for full tid.
Even Sandsengen Neshagen
PUBLISERT 06.06.2022
Even har spelt aldersbestemt fotball for FK Vang i mange år allerede, men er kun 14 år (fyller 15 år i juli) Mr. Neshagen vart konfirmert denne helga, men før dette altså forrige fredag spelte han 90 minutt for A-laget mot Ø.Slidre/Rogne, slå den! Even er veldig treningsvillig og seriøs og er fast bestemt på å nå langt innanfor fotballen. Han har god teknikk god fysikk og er godt trent, han spelar også fast på G15 laget.
Kabid Dostekhel
PUBLISERT 06.06.2022
Velkommen tilbake til FK Vang Kabid. Kabid har spelt for Valdres FK nokre sesongar, men er no tilbake i FK Vang. Han bur og arbeider i Vang, me ynskjer han lykke til i kvit og svart drakt.
Adrian Grzebieniak
PUBLISERT 06.06.2022
Adrian har vokst opp i Vang og prater Vangsdialekt, men som dere ser er ikkje etternavnet frå Vang. Han er 17 år og har spelt aldersbestemt fotball for klubben. Favorittplassen til gutten er høgre ving, men han kan også bli å sjå på bekkplass. Adrian er skule elev og singel hevder han.