FK Vang - Ø.Slidre/Rogne: 2-4 (2-1)

PUBLISERT 3. juni 2022
Tveit stadion kunstgras, fredag 3. juni kl. 19.00.
Dommer: Morten Huset, Aurdal Leira.
Speaker: Ordfører Vidar Eltun.
Kamvert Kai Rune Hemsing.
Publikum: 70 stk.
FK Vang var gode i kveld, med tanke på store forandringer i
troppen i forhold til sist kamp.
Kampen i kveld vart avgjort på slutten og burde ha bikka
heimelaget sin veg med tanke på spel og sjanser.
Fyrste omgangen starter bra av FK Vang som er det klart beste
laget heile omgangen.
Haakon Wahlquist scorar FK Vang sitt fyrste mål på nydeleg vis
etter assist frå Even Neshagen (konfirmant på søndag) i det
16.minutt.
Eivind Bakkene går ut for å ta corner frå vår høgreside i det 36.
minutt, han skrur corneren rett i mål, kanskje via ein frå
gjestene men Eivind blir kreditert scoringa.
Heimelaget er klart best og skaper 5 gode sjanser denne
omgangen, men står med 2 mål på blokka til pause. Heddinga i stanga
fra Piotrek etter langt frispark fra Kasper er stor.
Ø. Slidre er rett og slett dårlige denne omgangen, men får litt
energi med ei lettkjøpt straffe minuttet før pause. Straffa er vel
det dei har denne omgangen.
FK Vang er godt tilfreds i pausa, gjengen maner opp til god
innsats siste omgangen og styrer egentlig kampen også store deler
av 2. omgang.
Fem sjanser er notert også denne omgangen, men ingen mål desverre.
Ø.Slidre får utligninga i det 80. minutt og det står 2-2 i kampen.
Etter dette har FK Vang nokre giga sjanser, men avsluttningane
må koma på mål også når det berre er å plassere ballen i åpent
mål.
Det blir litt Hawaii på slutten når begge laga øyner 3 poeng,
Ø.Slidre dreg ufortjent det lengste strået og vinn kampen med
scoring nummer 3 og 4 i det 89. og 90. minutt.
Moro med fotball er det uansett når laget presterer
bra, spelarane hadde virkeleg fortjent 3 poeng i kveld.
Laget: Kjell Magne, Emran, Thomas, Andris, Olav, Even,
Kasper, Piotrek, Eivind, Tobias, Haakon, Kabid, Andreas, Adrian
og Ole Andreas.
Thomas Hilmen vart kåra til FK Vang sin beste spelar i
kveld, Thomas som bur og trener i storbyen var stor i
kveld og me håper han får tid å vera med også framover.
Piotrek Waclawski fekk sølvplassen i kåringa, Piotrek er meget
teknisk og skaper mange sjanser for laget med sin
framdrift. 3. plassen tilfaller kaptein Kasper Kjeldsen som
alltid har gode kamper for FK Vang.
Olav Almenning, Tobias Kassel og Andris Løken Helle
fortjener også omtale. Olav har ein stor kamp igjen på sin
bekkplass, Tobias Kassel er eit rivjern offensivt og Andris
storspelar i forsvaret.
Takk igjen til publikum, håper mange tek turen neste fredag då Vest
Torpa gjester Tveit til samme tid.
Bagn - FK Vang: 2-3 (1-0)
PUBLISERT 17.06.2022
Fossevang Stadion kunstgress fredag 17. juni kl. 19.00. Dommer: Jan Erik Haugom, Vardal IF. Speaker: Ja. Publikum: Ca 40 stk. Gjestene drog det lengste strået i kveld etter ekte hattrick av Tobias Kassel i ei periode på 6 minutt i andre omgang. Bagn var påskrudd og scora dei to første måla i kampen. Før pause var det stillingskrig og tilløp begge veger, men Bagn hadde 1-0 denne omgangen. FK Vang er det beste laget etter pause og det føles som ein fortjent seier når dommaren bles for full tid.
FK Vang - Vest Torpa: 2-1 (0-0)
PUBLISERT 10.06.2022
Tveit stadion kunstgras 10.juni 2022 kl. 19.00. Dommer: Frank Evertsen, Ø.Slidre IL. Speaker: Vidar Kassel. Kampverter: Kjell Otto Framstad og Kai Rune Hemsing. Publikum: ca 30 stk. Herlig med en veldig fortjent seier som kom på overtid i kveldens oppgjer på Tveit. Straffa til Tobias Kassel og innlegget til Eivind Bakkene kom i det 86. og det 91. minutt av kampen og helga er velkommen med 3 poeng.
Even Sandsengen Neshagen
PUBLISERT 06.06.2022
Even har spelt aldersbestemt fotball for FK Vang i mange år allerede, men er kun 14 år (fyller 15 år i juli) Mr. Neshagen vart konfirmert denne helga, men før dette altså forrige fredag spelte han 90 minutt for A-laget mot Ø.Slidre/Rogne, slå den! Even er veldig treningsvillig og seriøs og er fast bestemt på å nå langt innanfor fotballen. Han har god teknikk god fysikk og er godt trent, han spelar også fast på G15 laget.
Kabid Dostekhel
PUBLISERT 06.06.2022
Velkommen tilbake til FK Vang Kabid. Kabid har spelt for Valdres FK nokre sesongar, men er no tilbake i FK Vang. Han bur og arbeider i Vang, me ynskjer han lykke til i kvit og svart drakt.