Vegard Kjøs Egge8 mål i 2018
Eivind Bakkene6 mål i 2018
Åsmund Bakkene5 mål i 2018
Ingen mål registrert
 

FK Vang - Biri: 0-1 (0-1)

PUBLISERT 1. september 2018

Tveit stadion kunstgras laurdag 1 sept. kl. 15.00.
Dommar: Samir Krndzija.
Speaker: Nei.
Publikum: ca. 30 stk.

Serieleder Biri var meget heldige som fekk med seg 3 poeng i dagens batalje på Tveit.
Heimelaget var det beste laget fyrste omgangen men klarte ikkje å omseta sjansene i mål bak ein god sisteskanse hos Biri.
Andre omgang var det stillingskrig og lite sjanser, Biri låg djupt med laget etter utvisninga dei fekk 25 minutt før slutt. FK Vang burde ha utnytta den situasjonen bedre, me stanga og stanga men klarte ikkje å få ballen i nota.   
 
Heimelaget kjører kampen i starten og er etter mitt syn meget gode. 6 cornera og 3-4 sjanser er meget bra. Ballen vil desverre ikkje inn og då går det som det ofte gjer i slike kampar. Biri skapar ingen ting før i det 32. minutt, då dei får ein corner. Klabb og babb etter corneren fører til mål, ballen går via ein av våre og selvfølgelig i mål. 0-1 føles meget ufortjent i pausa, men måla brukar å koma om FK Vang fortsett det gode spelet.

I andre omgangen blir det stillingskrig utan dei heilt store sjansene, avsluttningane våre går rett på ein som sagt god Biri keeper og overgangane til Biri blir enten sløsa bort eller redda av vårt forsvar eller keeper.
Når Biri får ein mann utvist etter 65. minutt etter sitt andre gule bør heimelaget klare å utnytte det bedre. 
Biri ligg med to solide forsvarsfirere og gjer det vanskelig for oss, siste minutta kjører me med 3 på topp men det vil seg ikkje. 
Me gratulerer Biri med 3 poeng og seriemesterskapet, kjennsgjerninga er at FK Vang har vore fult på høgde med dette laget både på Biri og heime.

Laget: Knut Ole, Hadgu, Ola, Mats, Christian, Jan Magne, Åsmund, Kasper, Eivind, Vegard, Benjamin og Rokas.

Mats Veisene vart kåra til FK Vang sin beste, Mats har fart og tæl og ryddar opp i stor stil. Makker Ola Hilmen Hovi i midtforsvaret blir kåra til sølvplassen og Jan Magne Almenning kjem på tredjeplassen. Stjerner over heile fjøla tyder på god kamp frå heimelaget, Kasper, Åsmund og Hadgu er alle like bak topptrioen.

Nå ventar Skreia på Skreia neste fredag kveld, dette blir også ei tøff batalje men moro skal det bli.

Refs til 2-er og 3-er laga i avdelinga vår som ikkje maktar å stille lag på bortebane. Slidre/Røn skulle ha Gjøvik Lyn 3 forrige helg og Raufoss 3 denne helga, ingen av laga møtte.
Eg trur at kretsen bør seta opp ei eige avdeling for desse 2-er og 3-er laga, slik det er no er ikkje dette seriøst.
Biri, Skreia, FK Vang, Vest Torpa og Slidre/Røn er alle lag som tek dette på alvor i vår avdeling, det er ikkje moro når 2-er og 3-er laga til stadighet ikkje stiller opp på bortebane.  







        

Beitostølen Cup 2019

PUBLISERT 19.01.2019

FK Vang presterte rimelig bra, men gikk ut etter innledende runde på fredag 18 januar. Kun vinneren gikk videre i vår pulje som besto av 4 lag. Vi møtte Land Turtles (Dokka Sport) i første kamp, denne ble rimelig jamn og endte 2-2. Vi burde ha avgjort denne kampen, med store muligheter på slutten. Valdres FK junior var motstander i kamp nummer 2, juniorene ble litt for lette og måtte plukke seks baller ut fra nettmaskene. Siste kamp ble avgjørende, Slidre/Røn mot FK Vang, begge med like mange poeng, Slidringene med litt bedre målscore.

Les meir »

Årets spelar 2018

PUBLISERT 25.11.2018

Ola Hilmen Hovi vart kåra til årets spelar i FK Vang. Vegard Kjøs Egge fekk toppscorarprisen, han vart også assistkongen sammen med Åsmund Bakkene. Mats og Ola ordna eit bra opplegg for avsluttninga av årets sesong. Me starta på Peppes på Beitostølen med god mat og drikke, premieutdeliga gjekk føre seg i El-Fag sine lokaler. Festen varte ut i de små timer vil jeg tro, håper formen på gjengen er like fin i dag.

Les meir »

Slidre/Røn - FK Vang: 1-2 (0-0)

PUBLISERT 29.09.2018

Røn stadion laurdag 29.09.2018 kl. 13.00. Dommar: Jan Erik Haugom. Speaker: Nei. Publikum: 50 stk. Spennende kamp fra start til slutt, slik det bruker og slik det skal være i nabo-oppgjer. Herlig med seier på overtid som også medfører at vi er poenget foran Slidre/Røn på tabellen. FK Vang er dermed det beste A-laget i Valdres med kun Valdres-spillere i stallen denne sesongen. Heimelaget var best før pause, men gjestene sto godt i mot og brukte denne omgangen til å bli venn med den sleipe grasbanen i Røn. Benjamin Vidme Skattebo ordnet 0-1 etter ca 15 minutt i andre omgang og Thomas Hilmen fekk tåa på ballen 2 minutt på overtid.

Les meir »

Skreia - FK Vang 2-2(1-1)

PUBLISERT 08.09.2018

Skreia ipl kunstgress fredag 7. september kl.20.00. Dommer: Jan Erik Bjørnstad. Assistentar: Tom Erik Kristiansen og Nils Røli. Publikum: ca. 40 stk. Rett og slett ein framifrå god og spennende kamp på Skreia i kveld. Resultatet vart 2-2, men FK Vang føler seg snytt for seieren etter ei tvilsom anulering i det 89. minutt. Skreia går opp i 2-1 i det 85. minutt, etter ein feil i vårt forsvar. FK Vang utligner 1 minutt før full tid, men som beskrevet blir målet tvilsomt anulert. Jeg tror dette tenner oss veldig, vi vil ikkje tape dette jamne oppgjeret. To minutt ut i tilleggstida kjem scoringa etter at Åsmund sler perfekt inn til Vegard som heddar ballen i nettmaskene med stor kraft.

Les meir »