Ole Eirik Syversen13 mål i 2014
Sverre Melby10 mål i 2014
Henrik Gjestvang10 mål i 2014
Ingen mål registrert
 

Søndre Land 2 - FK Vang: 2-10(0-3)

PUBLISERT 24. mai 2014

Ringelia stadion laurdag 24 mai kl. 12.00.
Dommer: Kim Larsen Bjeglerud, Skreia IL.
Publikum: 17 stk.

Kampen mot Søndre Land 2 vart flytta til andre sida av Randsfjorden og Ringelia stadion på grunn av mykje regn kvelden før på Hov sida.
Dette var greit nok for gjestene, lengda er omtrent den samme. Litt dumt var det at S.Land ikkje ville bytte heime og borte tidlegare i vår i og med at dei får ny kunstgrasbane i løpet av summaren.
FK Vang var meget gode dei fyrste 45 minutta, og i starten av andre omgang og i slutten av kampen. Det var divisjonsforskjell på laga, men det vart tungt for alle spelarane utover i kampen på ei sugande og tung grasmatte.

Erik Martinsen opna scoringballet med 0-1 etter 8 minutt, Vegard K. Egge vart notert med assist. Samme Erik var også frampå igjen 7 minutt seinare og putta 0-2, keeper Jarle Haugrud hadde assisten. Erik Martinsen var til stadighet ein trussel og til trøbbel for S.Land sitt forsvar og det er eit lite under at stillinga holdt seg slik nesten ut omgangen, Erik burde kansje ha sentra eit par av forsøka åleine mot keeper men med medspelar på sida.
Eirik Presthegge og Kasper Kjedsen hadde teke turen frå Oslo til dagens kamp og fekk speletid i slutten av 1. omgang. Kasper er frampå og ordnar 0-3, Erik M får assisten.
FK Vang er meget godt fornøyd med prestasjonen dei fyrste 45 minutta.

Andre omgangen startar omtrent som fyrste, med FK Vang dominans frå fyrste stund.
Nokre store sjanser blir brendt, men etter 50 minutt sler Kim Bøland ein perfekt passning til dagens mann Henrik Gjestvang som avsluttar perfekt til side for keeper.
Kim Bøland spelar også fri Eirik Presthegge som scorar sikkert 6 minutt seinar. samme Eirik blir felt innanfor 16 meteren og dommaren bles korrekt straffe i det 58. minutt, Erik Sanne er FK Vang sin mann på straffer og scorar utagbart til venstre for keeper.
S.Land 2 får si eine scoring på laget sin andre sjanse i kampen etter 60 minutt. 
65 minutt av omgangen er gått når Kim Kveno puttar sitt og FK Vang sitt mål nr. 7.
Kampen roar seg litt etter dette og begge laga virkar litt kjørt på ein varm og trykkande maidag.
S.Land 2 får si andre scoring når uret syner 82 minutt.
Me bytter litt i laget og det blir ein meget bra slutt på kampen for vår del.
FK Vang scorar 3 mål på denne tida, Erik M i det 85. min., Henrik i det 87. min. og atter Erik i det 89. minutt. Kim Bøland står for sin assist nr. 4 og Sverre Melby får den siste assisten. 

Dagens mann blir Henrik Gjestvang, Henrik tilfører laget prat, ro og tæl og har vært meget god.
Krigaren Erik Martinsen blir kåra til den nest beste, Erik er eit angrep åleine og skapte mykje trøbbel for vertene i dag.
Kim Bøland kom også på pallen, Kim er vel den spelaren som har flest kampar for FK Vang og han skuffar aldri.
Takk for god innsats til alle dei 16 som tok turen i dag, alle fekk mykje speletid og alle er like viktige for at klubben presterer bra.

Laget: Jarle, Henning, Kai Arne S, Frank, Tore, Sverre, Henrik, Anders, Erik S, Vegard K, Erik M, Kim K, Kim B, Håvard, Kasper og Eirik.

Trening måndag kl. 19.30 på Tveit og heimekamp mot Dokka 2, torsdag 29 mai kl. 14.00      

    

 

       

 

 

God Jul og Godt nytt År

PUBLISERT 27.12.2014

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2015 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

Treningsstart i kveld

PUBLISERT 01.12.2014

FK Vang starter trening inne i hallen på Beitostølen helseportsenter i kveld. Støtteapparatet for sesongen 2015 blir: Anders Skrebergene, Henrik Gjestvang, Jostein Solsten og Ola Rogn Tveit. Jostein er med som keepertrener etter behov, mens trioen Anders, Henrik og Ola tar seg av resten.

Les meir »

4.divisjon menn i 2015

PUBLISERT 31.10.2014

FK Vang er sett opp i avdeling 2 for 4. divisjon 2015. Desse laga blir motstanderar i 2015: Dokka, Gran, Lunner, Løten, Nordre Land, Ridabu, Stange, Søndre Land, Toten, Varde og Vind.

Les meir »

Opprykk

PUBLISERT 30.10.2014

FK Vang har fått tilbud om å rykke opp i 4. divisjon i sesongen 2015. Klubben vart som kjent nr. 2 i si avdeling i 5. divisjon, men var klart best av dei nest beste laga i dei 7 avdelingane i 5. divisjon og fekk difor tilbudet fyrst. FK Vang bestemte i kveld at dei vil prøve seg i 4. divisjon i 2015, om spelarstall og alt rundt blir som me håpar.

Les meir »