FK Vang - Etnedal: 4-1 (2-0)
PUBLISERT 8. mai 2014
Tveit stadion 8 mai kl. 19.30
Dommar: Svenn Olav Fossholt
Speaker: Vidar Eltun
Publikum: 30 stk
FK Vang starta sesongen med seier i kveldens oppgjer på
Tveit.
Heimelaget hadde mage sjanser dei fyrste 45 minutta og var klart
best.
I andre omgangen jamna det seg meir ut, Etnedal pressa høgt og
dette medførte meir lange ballar og mindre spel.
Alt i alt ein grei seriestart.
Kvarteret var gått då Kim Kveno smeller til frå ca. 17 meter,
Etnedalskeeperen klarer ikkje å holde skuddet og ballen rullar
over streken. FK Vang har nokre fleire sjanser etter dette,
men scoring blir det ikkje igjen før halvtimen er gått. Vegard
Kjøs Egge sler eit overlegg til Kim Kveno som dundrar ballen nettet
via tverrliggeren.
Meir mål blir det ikkje den fyrste omgangen, sjølv om FK Vang har
nokre store sjanser i tillegg til dei måla kom på.
Me er enige om å kjøre på etter pausa og dette ser ut til å lykkast
då Erik Sanne prikkar inn eit skudd via stanga kun 3 minutt ut i
omgangen, Anders Skrebergene har assisten. Etnedal er meir med
etter dette og pressar høgt, dette gjer at FK Vang kjem
ut av rytmen og kampen blir jamnare. Etnedal ved Tommy
Øybakken får sitt mål i det 58. minutt på eit langskudd.
Kveldens debutant i FK Vang trøya og midtbaneslitar Henrik
Gjestvang bryter eit oppspel frå Etnedal og fører ballen nokre
meter før han elegant lobbar ballen i lengste hjørna for
Etnedalskeeperen, kampuret viser 65 minutt. Meir scoringar blir det
ikkje, 4-1 til FK Vang går inn i historiebøkene.
Dagens menn i FK Vang blir Anders Skrebergene og Henrik Gjestvang
med delt første plass, Frank Skoglund er like bak og inntek pallen
i kåringa. Anders får prege nettsida etter kampen i
kveld.
Kai Arne Sandhaugo spelar midtstoppar for fyrste gong i si
fotballkarriere i FK Vang og gjer dette meget bra, ellers er
det bra laginnsats og troppen bør være godt fornøyd med
kvelden.
Laget: Jarle, Henning, Frank, Kai Arne S, Tore,
Anders, Sverre, Erik S, Henrik, Vegard K E, Kim K, Erik M,
Håvard og Kai Arne K.
Trening i veka som kjem: måndag og fredag kl. 19.30.
God Jul og Godt nytt År
PUBLISERT 27.12.2014
FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2015 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir
Treningsstart i kveld
PUBLISERT 01.12.2014
FK Vang starter trening inne i hallen på Beitostølen helseportsenter i kveld. Støtteapparatet for sesongen 2015 blir: Anders Skrebergene, Henrik Gjestvang, Jostein Solsten og Ola Rogn Tveit. Jostein er med som keepertrener etter behov, mens trioen Anders, Henrik og Ola tar seg av resten.
4.divisjon menn i 2015
PUBLISERT 31.10.2014
FK Vang er sett opp i avdeling 2 for 4. divisjon 2015. Desse laga blir motstanderar i 2015: Dokka, Gran, Lunner, Løten, Nordre Land, Ridabu, Stange, Søndre Land, Toten, Varde og Vind.
Opprykk
PUBLISERT 30.10.2014
FK Vang har fått tilbud om å rykke opp i 4. divisjon i sesongen 2015. Klubben vart som kjent nr. 2 i si avdeling i 5. divisjon, men var klart best av dei nest beste laga i dei 7 avdelingane i 5. divisjon og fekk difor tilbudet fyrst. FK Vang bestemte i kveld at dei vil prøve seg i 4. divisjon i 2015, om spelarstall og alt rundt blir som me håpar.