Ole Eirik Syversen13 mål i 2014
Sverre Melby10 mål i 2014
Henrik Gjestvang10 mål i 2014
Ingen mål registrert
 

Etnedal - FK Vang: 0-7(0-1)

PUBLISERT 7. august 2014

Mosletta stadion 7. august kl. 19.00.
Dommar: Svenn Olav Fossholt.
Publikum: Ca 10 stk.

Etnedal var bra med den fyrste omgangen, men det vart tungt for dei utover i kampen.
Måla til gjestene kom som perler på ei snor siste 15 minutta av oppgjeret.

Mosletta er drenert og kosta på denne summaren, Etnedal har ein mykje bedre arena for kampane som skal spelast utover hausten.
FK Vang mangla fleire av sine sentrale spelara, men mønstra eit bra mannskap til kveldens kamp. Styrka til klubben er at vi har ein stor og jamn stall, laget blir ikkje særleg svekka om sentrale spelara ikkje er med. Kai Arne Kvale måtte ta keeperhanskene og Frank tok kapteinsbindet då både keeperen og kapteinen vår er på ferie.
Etnedal mangla også sentrale spelara, men sto bra på og var godt med til ut i andre omgang men då var det også slutt for heimelaget.
Den fyrste omgangen var ikkje særleg god av FK Vang, sjølv om FK Vang scora tidleg.
Henrik Gjestvang fekk innlegg frå Kasper Kjeldsen etter 10 minutt som han elegant sette til side for Etnedal sin keeper.
Gjestene var for seint opp i duellane og tapte fleire av desse den fyrste halvtimen, siste kvarteret av fyrste omgangen var litt bedre av FK Vang. 5-1 i sjanser vart notert i FK Vang sin favør etter 1 omgang, men kun 0-1 i målprotokollen.

Andre omgangen var meget god av FK Vang, laget vannt duellane og andre ballane og var meir på i alle situasjonar. Åtte minutt ut i omgangen er dagens mann på FK Vang, Frank Melchior Skoglund på raid frå sin midtstopparposisjon og scorar vakkert.
Erik Sanne har assisten på mål nr. 3 for FK Vang, Kim Kveno scorar sitt fjerde mål for sesongen i det 67. minutt.
Ole Eirik Syversen melder seg på toppscorartittelen, men er fortsatt 1 mål bak Henrik etter si scoring i det 77. minutt. Vegard Kjøs Egge har assisten. Vegard Kjøs Egge er frampå 2 minutt seinare og puttar 0-5 for gjestene, Erik Sanne har sin andre assist i kampen. Midtbaneanker Kai Arne Sandhaugo har teknikk og balanse oppvisning 2. minutt etter dette igjen då han går åleine forbi fleire etnedøler og scorar i lengste hjørna utagbart for keeperen(kveldens perle).
Sverre Melby fekk sitt mål og FK Vang sitt sjuende når 90. minutt sto på kampuret, Kasper Kjeldsen hadde sin andre assist.

Frank Melchior Skoglund vart kåra til FK Vang sin beste, Frank var eit poeng framfør Bjørn Tore Gundersen som hadde sin FK Vang deby i kveldens oppgjer. Meir om han kjem i eige sak på nettsida. Henrik Gjestvang og Kai Arne Sandhaugo delte tredjeplassen i kåringa.

Laget: Kai Arne K, Bjørn Tore, Bjørnar, Frank, Kasper, Sverre, Kai Arne S, Henrik, Erik S, Ole Eirik, Kim K, Vegard K E, Vegard E og Eirik P.

Trening neste veke: Måndag og torsdag kl. 19.30. 

God Jul og Godt nytt År

PUBLISERT 27.12.2014

FK Vang takker alle for eit godt fotballår i klubben. Det har vore mange gode prestasjonar både på og utanfor banen. 2015 sesongen står for døra og i vane tro har FK Vang også dette året fyrverkeriutsalg i Synshagin næringspark. Åpningstider: Les meir

Les meir »

Treningsstart i kveld

PUBLISERT 01.12.2014

FK Vang starter trening inne i hallen på Beitostølen helseportsenter i kveld. Støtteapparatet for sesongen 2015 blir: Anders Skrebergene, Henrik Gjestvang, Jostein Solsten og Ola Rogn Tveit. Jostein er med som keepertrener etter behov, mens trioen Anders, Henrik og Ola tar seg av resten.

Les meir »

4.divisjon menn i 2015

PUBLISERT 31.10.2014

FK Vang er sett opp i avdeling 2 for 4. divisjon 2015. Desse laga blir motstanderar i 2015: Dokka, Gran, Lunner, Løten, Nordre Land, Ridabu, Stange, Søndre Land, Toten, Varde og Vind.

Les meir »

Opprykk

PUBLISERT 30.10.2014

FK Vang har fått tilbud om å rykke opp i 4. divisjon i sesongen 2015. Klubben vart som kjent nr. 2 i si avdeling i 5. divisjon, men var klart best av dei nest beste laga i dei 7 avdelingane i 5. divisjon og fekk difor tilbudet fyrst. FK Vang bestemte i kveld at dei vil prøve seg i 4. divisjon i 2015, om spelarstall og alt rundt blir som me håpar.

Les meir »