Vardal - FK Vang/S.Røn: 2-3 (2-0)

PUBLISERT 30. mai 2026
Vardal ipk Kunstgress, lørdag 30.05 kl. 13.00.
Dommer: Odd-Geir Henriksrud, Dokka SK.
Publikum: 20 stk.
FK Vang/S.Røn med flott opphenting etter ein heller tafatt start
på kampen.
Tre scoringer siste 15. minutta gjorde susen! Tre poeng med
minibussen over Vardalsåsen og også over Tonsåsen og heim til
Valdres.
Kristian Thunshelle Opdal fekk bestemannsprisen med sine to
scoringar i sluttminutta.
Storvegs av gjestene som aldri gir opp denne kampen.
Kampen var rimelig jamn før pause, personlige feil av oss bidrog
sterkt til Vardal sin 2 mål i starten av kampen.
Som beskrevet var FK Vang/S.Røn litt tafatte i starten av kampen.
Passninger til feil draktfarge bidrog sterkt til begge Vardal sine
scoringer, den fyrste etter 8. min., og den andre etter 15.
minutt.
Etter dette hadde også gjestene sine muligheter før pause, 6
cornere og 2 sjanser er notert på blokka, men ingen mål av
oss.
Pausepraten hadde fokus på poengfangst med heim til Valdres, og
slik vart det heldigvis!
FK Vang/S.Røn er etter pause notert med 6 sjanser og 4 cornere mot
vertene sine 2 sjanser og 1 corner.
Følelsen vart bedre etter at me får frispark frå ca 35 meter i det
75. minutt. Simen Lyngstad sler frisparket etter bakken til Tore
Solsten Før som avslutter perfekt til høgre for keeper.
7. minutt etter denne scoringa kjem reduseringsmålet, Kristian
Thunshelle Opdal får ballen over målstreken etter at debutant
Kristian Hexeberg er nest sist på ballen etter litt klabb og babb i
feltet.
Gjestene er virkelig på høgget og er nær i fleire gode
tilløp.
Det må også seiast at Vardal har si største sjanse i sluttminutta,
men ungguten Soudis Dosti Khail redder mesterlig i
gjesteburet!
Så kjem seiersmålet til gjestene i det 90. minutt. Kristian
Thunshelle Opdal er atter frampå.
Målet er sikkert og godt putta og assisten har Tobias
Kassel.
Veldig stooor opplevelse for gjestene, men sikkert også rimelig
surt for vertene som har 2-0 leiing når 75. minutt er spelt denne
kampen.
Uansett har FK Vang/S.Røn ein meget god 2. omgang og vinn
fortjent.
Laget: Soudis, Kristian O, Seppe, Erik S, Eirik, Jan Magne,
Robert, Tore, Simen, Birk, Tobias, Kasper, Martin, Volodymyr og
Kristian K.
Dagens mann hos gjestelaget vart Kristian Opdal, Han viste fram
sin fantastiske målteft i sluttminutta.
Like bak Kristian i kåringa kom Kasper Kjeldsen som kom inn i
forsvaret like før pause og spelte ein stor kamp.
Poenget bak Kasper kom Tore Solsten Før på ein god tredje plass,
Tore har den viktige fyrste scoringa som snur denne kampe for
oss.
God innsats frå heile gjengen etter ein så som så start.
Neste kamp er på Fossevang stadion i Bagn mot Bagn/Hedalen, fredag
5. juni kl. 19.30.
Fagernes - FK Vang/S.Røn: 1-0 (0-0)
PUBLISERT 17.06.2026
Gjensidigebanen kunstgras onsdag 17. juni kl. 19.30. Dommer: Frank Evertsen, Øystre Slidre IL. Speaker: Nei. Publikum: ca.50 stk. FK Vang/Slidre/Røn sliter med å få ballen i nettet, og gir bort gavepakke til Fagernes som takker og bukker og vinner kampen. Gjestene har flest sjanser også i denne kampen og bør utnytte dette, men laget er i meget dårlig målform. Godt med sommerferie for laget fra vest i Valdres, vi håper at kampene i høst blir 1. prioritet og at troppen og lagdelene blir meir samkjørt.
FK Vang/S.Røn - Nordre Land 2: 1-3 (0-0)
PUBLISERT 13.06.2026
Røn grasbane, laurdag 13. juni kl. 15.00. Dommar: Odd-Geir Henriksrud, Dokka SK. Speaker: Nei. Kampvert og støtteapparat: Terje Lauvhaug. Publikum: ca. 60 stk. Gjestene Nordre Land 2 stilte opp med eit sterkt mannskap som seg hør og bør. Så mykje styr og att og fram frå gjestelaget om å få flytta kampdato virka meget unødvendig kunne det virke som. Spill for galleriet er eit uttrykk som kan brukast i denne sammenheng. Kampen var meget jamn, FK Vang/S.Røn hadde ein meget god 1. omgang og burde hatt leiing med fleire mål, men avsluttningane gjekk rett på keeper og også i tverrliggar.
Bagn/Hedalen - FK Vang/S.Røn: 5-0 (2-0)
PUBLISERT 05.06.2026
Fossevang kunstgras, fredag 5. juni kl.19.30. Dommar: Frank Evertsen Ø.Slidre IL. Speaker: Ja. Publikum: Ja. FK Vang/S.Røn gjekk på ein smell mot eit heiltent Sør Aurdal lag. Ledeles til gjestene tidleg i kampen hadde vore på sin plass, men staffa me fekk ga ikkje uttelling desverre. Vidar Kassel stilte opp som støtteapparat, stor takk til han. Synd for Vidar og gjestene med alle forfalla til denne kampen, vi kommer sterkere tilbake!
FK Vang/S.Røn - Fagernes: 1-4 (1-1)
PUBLISERT 15.05.2026
Tveit stadion kunstgras 15. mai kl. 19.30. Dommer: Svenn Olav Fossholt, Hedalen IL. Speaker: Kjell Magne Kvale. Publikum: ca 80 stk. Knut Olav Veimodet vart vekta på skåla for gjestelaget Fagernes i kveld. Heimelaget var absolutt med og det var spenning frå start til slutt. To i tverrliggaren igjen, eit frispark frå Simen Lyngstad og ei avsluttning frå Vegard Ringen via forsvaret og i tverrliggeren også den. Sjansene som er notert er 8-8 og cornerene som er notert viser 6-6. Det er jamnt heile kampen og sikkert spennende og sjåverdig for publikum som har møtt opp.


