Nordre Land 2 - FK Vang/S.Røn: 3-5 (1-1)

PUBLISERT 10. mai 2026
Brovold kunstgras 10. mai 2026 kl. 15.00.
Dommar: Jan Erik Haugom, Vardal IF.
Publikum: ca 50 stk.
FK Vang/S.Røn med fortjent seier også i dag, to kamper og full
pott så langt lover godt.
Tobias Kassel vart dagens mann med meget god margin i kåringa
etterpå.
Gjestene hadde ein fin tur heim i minibussen med 3. poeng i
baklomma.
Heile åtte mål fekk publikum med seg i kampen. Den finaste
gjestescoringa kom frå vår høgre side i det 87. minutt, Jan Magne
Almenning har assisten til Yngve Mathias Bakken Holtsmark som
forserer inn i feltet med kula og sett ballen utagbart tilside for
keeperen til Nordre Land.
Den viktigaste scoringa er vel den som kjem før minuttet er gått
av andre omgang, Robert Indrebø har assisten til Tobias Kassel som
scorar sitt andre denne kampen.
Scoringane i kampen kjem slik:
0-1, 25 min. Assist Simen Lyngstad til Tobias Kassel.
1-1, 29 min.
1-2, 46 min. Assist Robert Indrebø til Tobias Kassel.
1-3, 57 min. Straffe, Tobias blir felt og Simen Lyngstad sett den
sikkert.
1-4, 59 min. Assist Seppe Claessen til Erik Snortheimsmoen (begge
midtstoppere i dag)
2-4, 77 min.
2-5, 87 min. Assist Jan Magne Almenning til Yngve Mathias Bakken
Holtsmark.
3-5, 88 min.
Alt i alt ein god kamp frå oss, mot eit ungt og godt kunstgraslag
frå Nordre Land.
Før pause er prestasjonene så som så frå oss, men andre omgangen
er godkjent pluss.
Alle får speletid i dag og alle er like viktige.
Laget: Soudis, Eirik, Seppe, Erik S, Erik M, Jan Magne, Robert,
Tore, Yngve, Sime, Tobias, Fredrik, Birk, Bohdan og
Kostiantyn.
Dagens FK Vang/S,Røn spelar vart Tobias Kassel med meget god
margin. Seppe Claessen kjem på sølvplassen og Robert Indrebø inntek
tredje plassen på pallen. Ellers må seiast at laget fungerte
rimeleg bra, det kjem seg!
Trening på Tveit kl. 19.00 på tirsdag og kamp igjen på Tveit
stadion fredag 15.mai kl. 19.30 mot Fagernes.
Takk til supporterane som tok turen nedover til Dokka i dag, håper
dei og fleire til kan væra med å gje oss boosten mø treng mot eit
sterkt Fagernes om ei lita veke.
Bagn/Hedalen - FK Vang/S.Røn: 5-0 (2-0)
PUBLISERT 05.06.2026
Fossevang kunstgras, fredag 5. juni kl.19.30. Dommar: Frank Evertsen Ø.Slidre IL. Speaker: Ja. Publikum: Ja. FK Vang/S.Røn gjekk på ein smell mot eit heiltent Sør Aurdal lag. Ledeles til gjestene tidleg i kampen hadde vore på sin plass, men staffa me fekk ga ikkje uttelling desverre. Vidar Kassel stilte opp som støtteapparat, stor takk til han. Synd for Vidar og gjestene med alle forfalla til denne kampen, vi kommer sterkere tilbake!
Vardal - FK Vang/S.Røn: 2-3 (2-0)
PUBLISERT 30.05.2026
Vardal ipk Kunstgress, lørdag 30.05 kl. 13.00. Dommer: Odd-Geir Henriksrud, Dokka SK. Publikum: 20 stk. FK Vang/S.Røn med flott opphenting etter ein heller tafatt start på kampen. Tre scoringer siste 15. minutta gjorde susen! Tre poeng med minibussen over Vardalsåsen og også over Tonsåsen og heim til Valdres. Kristian Thunshelle Opdal fekk bestemannsprisen med sine to scoringar i sluttminutta. Storvegs av gjestene som aldri gir opp denne kampen. Kampen var rimelig jamn før pause, personlige feil av oss bidrog sterkt til Vardal sin 2 mål i starten av kampen.
FK Vang/S.Røn - Fagernes: 1-4 (1-1)
PUBLISERT 15.05.2026
Tveit stadion kunstgras 15. mai kl. 19.30. Dommer: Svenn Olav Fossholt, Hedalen IL. Speaker: Kjell Magne Kvale. Publikum: ca 80 stk. Knut Olav Veimodet vart vekta på skåla for gjestelaget Fagernes i kveld. Heimelaget var absolutt med og det var spenning frå start til slutt. To i tverrliggaren igjen, eit frispark frå Simen Lyngstad og ei avsluttning frå Vegard Ringen via forsvaret og i tverrliggeren også den. Sjansene som er notert er 8-8 og cornerene som er notert viser 6-6. Det er jamnt heile kampen og sikkert spennende og sjåverdig for publikum som har møtt opp.
FK Vang/S.Røn - Bagn/Hedalen: 1-0 (1-0)
PUBLISERT 30.04.2026
Tveit stadion kunstgras, torsdag 30.04.26 kl.19.30 Dommer: Jan Erik Haugom, Vardal IF. Speaker: Vidar Eltun. Kampvert: Kai Rune Hemsing. Publikum: ca.100 stk. FK Vang/Slidre/Røn med fortjent seier i seriepremieren denne sesongen. Publikum møtte opp og stemninga på stadion var upåklagelig den varme vårkvelden. Simen Lyngstad putta kampens einaste mål etter 9 minutter, frisparket frå 45 meter gjekk i nettet via lengste kryss. Soudis Dosti Khali hadde ein fantastisk deby i mål, banens yngste og Simen Lyngstad delte bestemannsprisen for vertene.


